søndag 15. juli 2012

Rosa sprudlings

For godt over eit år sidan kjøpte vi ei flaske med rosa "champagne".
Vi har venta på den "rette" annleiinga for å drikke den; og det har vore mange grunnar til å feire; nye familiemedlemmar, nye jobbar, refinansiering av huset, og generell skåling for at livet er godt. Men så har det følast som litt masse... å dele ei heil flaske berre vi to. Så da bestemte vi oss berre for å dele den sist fredag. For å feire at det var så varmt ute at vi kunne sittje i kveldssola utan tjukke jakker på. For å feire at vi kun hadde ein nedbetaling igjen før billånet var tilbakebetalt. Og for å feire at det var ei veke igjen før sommarferien begynte. Og fordi det generelt sett er dumt å vente på ein grunn til å feire. Vi har til ein kvar tid mange grunnar til å feire. Vi er heldige.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...