tirsdag 21. august 2012

Arvegods

Mormor laga (på 70-tallet kanskje?) ei flott drakt som tantene mine har brukt, som eg og søskenbarna mine har brukt, og som no Janna har brukt ved fleire høve denne sommaren. Her er vi i 80-årsdag til oldebesta, og Janna er så fin og rein og frisk på dette biletet at eg fåt heilt vondt -

- for no har ho sovna på gulvet på kjøkkenet etter at ho vokna opp frå ein lur i sofaen og ville ha PAPPAAAAAA så lenge at ho vart heilt utslitt. Ho hang til slutt over stolen han sitter i ved kjøkkenbordet før ho lot seg sige ned på gulvet og sovna. Eg bar ho inn i sofaen, men da brølte ho berre irritert og tusla tilbake til plassen på kjøkkenet og la seg ned på nytt. No har ho sove der i ein time, eg fikk akkurat lurt på ho eit teppe, så ho bør ikkje vere for kald når ho vokner. Håper berre humøret har blitt betre:)

Ho kasta opp i heile går,og i dag tidleg. Mannen (og den etterlengta pappaen) er sjuk i dag, men gjekk på jobb. Vi får sjå om han blir betre i løpet av dagen. Eg krysser fingrane for at han kun er sliten, og at Janna er over det verste - ho har ikkje spist sidan laurdags morgon. Krysser samtidig fingarne for at Talel ikkje blir smitta på nytt (det er det fleire unger i barnehagen som har blitt) og at eg unngår det heilt. Det har vore spying i huset sidan torsdag, og vi er utslitt alle saman.

2 kommentarer:

  1. Nydelig bilde:) Vakre jenta di med en fantastisk fin kjole - det er så kjekt å kunne bruke slike flotte plagg i generasjoner.

    Håper dagane som kommer blir bedre enn de som har vært, krysser fingrene for at det er over for denne gangen:)
    Varm klem
    Hanne:)

    SvarSlett
  2. Takk:-) Dagen i dag vart heldigvis betre! Arveplagg er fantastiske; særleg ting som er brukt i generasjoner:-)

    SvarSlett

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...