tirsdag 14. august 2012

Ein smarting


Talle er ein systematiker. Han stortrivast med kart, bruksanvisninger og spel med gode regelverk. Han er eit lite mattegeni, og klarer å leggje saman tre tal med kort betenkningstid. Han er også midt i den alderen der gullkorna kjem på løpande band:) Som til dømes ved kveldsmaten på søndag. "Eg har alle tankane mine plassert her (peiker på området bak på hovudet, nede ved hårfesten). Eg har så mange gode tanker at det er fult der. Det er så fult at de har litt problemer med å finne vegen ut." Haha; det er så korrekt!:)

Etter ein ferie som kom midt i ei ny periode med behov for å markere sjølvstendighet for Tallel (og den første av desse periodane foe Janna) er han ferdig med det (for denne gong), og vi nyter igjen ein fornuftig og stor gut. No som han har begynt på ny avdeling der de største ungane går har vi laga nye morgonrutiner heime. No går han på badet og går på do og kler på seg sjølv, medan eg gjør meg og Janna klar for ny dag. Dette begynte vi å øve på sist veke, og det har fungert supert desse to dagane. Det har ikkje vore tid til TV (vi er framleis inni feriemodus, så eg må vekke begge to om morgonen sjølv om de leggjer seg til vanleg tid), men det har heller ikkje vore noko problem. Det er så DEILIG å oppleve at ungane blir større og meir og meir sjølvstendige!! Janna tissa på do for første gong for nokre dagar sidan, og no får ho sittje litt kvar dag. Ho promper ALLTID og med vilje, så ho begynner å klare å kontrollere det som skjer. Tenk; neste sommar (om ikkje før) er vi ferdige med bleier! Store, store unger : D

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...