fredag 31. august 2012

Eit heilt tiår!


Ti år etter at vi traff kvarandre over ølflasker og diskusjon om amerikansk utenrikspolitikk sitter vi ved middagsbordet og drikker espresso medan vi snakkar om jobbane våre, barnehagen eller haugen med klesvask.

Her er ein rask ti-årskavalkade:

9. august 2002 - øl, diskusjon og dans
Desember 2003 - etter halvanna år med reising fram og tilbake mellom Bergen og Florø vart vi sambuarar i Sandviken i Bergen
Februar 2004 - fikk oss pus:) Snille og rare Puste som framleis bur med oss (eller mest i hagen da:))
Desember 2005 - eg forsvarte mastergradsoppgåva mi, og feira litt jul før vi pakka sekken på ryggen og reiste til Kina, og vidare rundt jorda
April 2006 - landa på norsk jord. Fann oss leilighet på Laksevåg og leita etter jobbar. Mannen min (då sambuar) fikk reisejobb ganske umiddelbart. Eg fikk jobb i Kulturskulen i september.
April 2007 - flytta inn i "eigen" borettslagsleilighet
Juli 2007 - mannen (sambuar) fikk ny jobb i Bergen med vanlege arbeidstider
August 2007 - "ungkarsbilen" vart solgt, og vi kjøpte driftsikker Toyota stasjonsvogn
01.01.08 - den framtidige mannen fridde medan den framtidige kona hadde omgangssjuke
Mars 2008 - verdens vakraste lille gut vart fødd, fire veker for tidleg
August 2009 - vi gifta oss i Mariakirken og reiste få dagar seinare på bryllupsreise til Korsika
November 2009 - solgte leiligheta og kjøpte del av tomannsbolig
Februar 2010 - Flytta inn i dobbelt så mange kvadratmeter og stor hage
Juli 2010 - verdens vakraste lille jente vart fødd, ti dagar før termin
August 2011 - mannen begynner på etterutdanning
Januar 2012 - eg begynnte i ny (midlertidig) jobb på kulturkontor
Februar 2012 - mannen begynnte i ny jobb som teknikkar
Juni 2012 - eg sa opp jobben min i kulturskulen og satsar alt på eit kort
August 2012 - Billånet er nedbetalt :D

Og da var vi her. 30-åra er de nye 20-åra blir det sagt, men eg vil tru at de neste ti åra ikkje fører til like store forandringar. Slik ting er no kan det godt vere slik ei stund:) Og i 2013 kan vi føre opp nytt bad og nedbetalt studielån - YEY!!!



Størst av alt er kjærleiken.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...