onsdag 15. august 2012

Klemmedilla

Ein kan aldri få nok klemmer i håret.

Ikkje ellers heller eigentlig:)

Så lenge Janna lar meg stelle håret hennes lar vi det vokse. Ho har ikkje klipt seg nokon gong; vi tenkjer at vi "sparer" inn frisørutgiftene vi har på Talel som insisterer på å bli klipt hos frisør. Håret hans vokser så fort at vi bør klippe det annankvar månad. Da renner pengane fort på noko som eg kunne ha gjort heime med hårtrimmaren til mannen. Nei, nei - da får vi andre spare på våre frisørtimar:)

Etter to EKSEMPLARISKE morgonar kom no morgon nummer 3 der det meste gjekk galt. Dårleg tid og lite samarbeidsvilje i tillegg til mjølk som i løpet av natta hadde lekt innholdet i kjøleskapet vått og ekkelt (som eg ikkje hadde tid til å handtere der og da, eg måtte berre hive inn ein handduk og la det ligge til vi kjem heim frå jobb seinare i dag), grinete Talel fordi Janna vart først ut døra, Janna som synes at vi brukte så lang tid ut at ho like godt tok seg ein runde opp til ripsbuskene; vassande gjennom høgt og veldig fuktig gras i sokker og sandaler, grinete Janna fordi eg var streng i stemma da eg sa at ho måtte komme tilbake frå grashavet og what else! Likevel brukte eg kun 40 minutter frå klokka ringe i dag til eg var tilbake i bilen etter endt levering i barnehagen; det var ganske så bra:) Tre stykker frå seng til påkledde med hår and make up (nja; det var vel kun ein som hadde make up da) - BRA JOBBA!!!

Vi er midt i første jobbeveke etter ferie, og alt kjennes heilt ok. Vi har kjekke planar for helga; og eg ser fram til å sove litt lenger enn 7.20 - ein blir fort godt vandt:)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...