fredag 17. august 2012

Måndagstur

Ein måndag i ferien vår tok vi båten frå Florø ut til Årebrot som ligger i Bremanger kommune. De to eldste barnebarna til mamma synas det var stas å reise med båt. Og 10 minutter er jo akkurat passe langt:)
Mykje himmel og hav. Og ei lita jente som er på historisk grunn for første gong! Dette er garden pappa kjem frå, og eg var der ein heil del da eg budde heime. Når eg no var der i år er det heile 9 år sidan sist eg var der. Kjempelenge sidan! Sjølv om det ligger så nært.
Inne i løa held de på å skifte kledning. Det er ingen dyr der no, men da eg var lita var det kyr og hest, og gjerne nokre koppelam, kaniner og høner. Og ein heil del kattar:)
Nede ved båtverkstaden var det komt masse nye bygg. Men denne delen her var akkurat som før:)
Onkelen min, som framleis bur der, hadde fått laga ei flott strand. Janna storkosa seg her med å kaste steinar uti vatnet.
Her er gamlehuset. Det var i dette huset eg budde når eg sov over der, for her budde besta og besten. No blir det brukt som overnattingshus, men det ser nok ut som om det vil bli rive ned.
Utsikt ut gjennom gamle vindauger.
I tillegg til å besøke plassen fikk vi også besøkt familie. Her sitter Janna og Amalie og kosar etter tur med den lille tremenningen sin Olav.
Etter nokre kjekke timar i "barndommens minnedal" fikk vi skyss heim med den nye båten til onkel. Igjen var det stas med båttur, om enn med ein del meir bølger enn den store båten hadde. Det var ein flott ettermiddag, vi får håpe det ikkje går ni år til før vi tar den korte turen over!

Denne helga er vi heime med omgangssjuke. Begge ungane er sjuke, vi håper vi voksne slepp unna denne gongen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...