fredag 10. august 2012

Red Velvet Cake - 2-årsdagskake

Eg vart spurt om å lage cupcakes til besta sin 80-årsdag og eg valgte å lage Red Velvet Cupcakes etter oppskrift frå Passion 4 Baking. Eg trudde oppskrifta var til 12 cupcakes, så eg fordobla den - og DA viste det seg at oppskrifta var til 24. Derfor vart det Red Velvet Cake med deilig Philadelphiakrem til 2-årsdagskake også.
For å få den raud brukte eg fargepaste. Kaka inneheld også litt kakao; som er med på å gjøre det raud (vil eg tru:)) Eg får ikkje kopiert oppskrifta slik som eg vil, men googlar de Red Velvet Cake kjem det ein heil haug med oppskrifter som ein kan nytte. Det er i alle fall vår nye favorittkake!
Oppå den raude kaka ville eg ha eit hjarte i sukkebrødbunn - denne gongen heimelaga i hjarteforma som eg ELSKA da eg var yngre (still do:)). Alt vart gjort på kjøkkenet til mamma i Florø, så da hadde eg andre val enn eg har her heime i Bergen.
Eg er skikkelig dårlig på marsipan - så eg valgte å trykke ut hjartet i marsipanen og i tillegg kutte ut ein lang strimmel som eg brukte rundt hjartekaka. Det var enklare enn å få marsipanen til å liggje fint ifrå eit stykke, men KNALLFINT vart det ikkje.

Her ligger altså hjartesukkerbrødkaka med bananfyll og rosa marsipan oppå Red Velvet Cake med Philadelphia Frosting.

Oppskrifta eg brukte på sukkerbrødet er den samme som eg brukte da eg bakte sukkerbrød (titt og ofte meinar eg å hugse) da eg var ungdom. Pappa har skrive "Husk smør i forma" etter at eg ein gong hadde gløymt det, og sidan hjarteforma ikkje er ei springform var jo kaka umogleg å få ut. Eg hugsa at eg vart kjempesur og sa (brølte?) at "Det STÅR jo ikkje i oppskifta at eg skal smøre forma!!!!". Men etter den gongen så står det i oppskrifta det også:)
Kaka vart knallgod! Janna blåste ut lysene i to blås, og storkosa seg med kaka! Verken ho eller Talle likte ostekremen (den var jo nesten det BESTE på heile kaka jo); men alt anna var ein barnesuksess!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...