mandag 20. august 2012

Roooosaaaa!

Rosa er favorittfargen til Janna, og da var det ekstra stas at det meste ho fikk til 2-årsdagen var nettopp rosa.
I dag er vi to heime. Vi trudde omgangssjuka var over, men Janna kasta opp fleire gongar mellom kl.6 og 8 i dag tidleg. Talel er frisk og rask og i barnehagen, håper Janna snart er ferdig også.

Klesvaskhaugen etter ferieturen vår rekker aldri å bli tom. Det vil seie; alt vi hadde med på turen er vaska, men ei veke etter at vi kom heim fikk Talel barnemark, og vi måtte vaske alle sengeklær, tepper og klær som hadde blitt brukt (barnemark er veldig smittsomt, så heile familien måtte medisinerast og behandlast som om vi hadde det vi også). Vi rakk ikkje heilt å komme i bunnen på den haugen før omgangssjuka kom torsdag i sist veke, ei veke etter at vi oppdaga barnemark, to veker etter at vi var heime frå ferietur. No er vi på våre siste handklær, og klesvaskhaugen veks. Jaja, slik er det.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...