søndag 5. august 2012

Sommarferieturen 2012

Som i fjord reiste vi på campingferie austover. Why change a winning recepie?
 Vi reiser med combi-camp - genialt konsept - men den vi reiser med er nesten tretti år gammal og er slitt og langt frå så vanntett som eg skulle ønske. Her har vi komt fram på campingplass i Øyer, og må tørke madrassene som har blitt våte. Heldigvis var det godt tørkevær de gongane vi måtte gjøre dette i sommar:)
 Supergøyt å sjå skihopprennene frå OL i Lillehammer i 1994. Vi var heldige og fikk sjå unge gutar som hoppa på det minste hoppet også. Det er vanskelig å sjå på dette biletet, men det er altå ein hoppar langt oppe til høgre. Ungane synes også at det var kjempekult, og etterpå gjekk vi opp langs rennet og fikk verkleg sjå og høyre at de hoppa nedover. Skummelt - det går veldig fort!
 Vi storkosa oss i Lilleputthammer! Det vart ein favoritt hos Talle, han snakka om det fremdeles!
 Campingplassen vi låg på de første nettene hadde badebasseng. Vi var så mykje rundt og gjorde andre ting at vi kun fikk bada ein ettermiddag. Men det var til gjengjeld kjempegøyt!
 Vakre og rolege Maihaugen!
 I Hunderfossen var vi saman med gode venner som har flytta austover. Sjølv om vi kun ser de ein gong om året er det som om vi ser kvarandre vekentleg; den gode tonen er på plass frå første hei:) Ein kjempeflott dag, om vi ser vekk frå alle timane vi måtte stå i kø for å prøve ting.
Janna sovna i tralla som vi kunne låne ved inngangen. Så deilig!
 Ha ha:D Her prøver underteiknande ein Veltepetter på Noregs Vegmuseum. Beundrande barn høyrer med når ein slår til med eit slikt kunststykke! (Eg vel å ikkje leggje så mykje vekt på at sykkelen var støypa fast i golvet)
 Pent.no meldte regn, og vi heiv oss på hotell-cup med Coop - som i fjord - denne gong i Hamar. Ingenting er som den første skikkelige dusjen på ei veke med påfølgjande TV-titting i reine hotellsenger!
 Alltid glade dagar med bokstavkjeks! Her som dessert til lunch ved Eidsvollsbygninga...
 ... som desverre var under rehablitering fram mot jubileumsåret 2014. Jaja - vi får komme tilbake da:)
 DETTE er campingliv på sitt beste! Her er vi på ein liten campingplass i Indre Østfold. Flatt så langt auge kan sjå, det er fasinerande for fire vestlenningar. Ungane sov på dette tidspunktet, og det var te, god bok, solnedgang og eit flakkande lys (som like etter at biletet vart tatt slukna i vinden. Jaja). Mannen var der også. Sånn at det er sagt;)
 Morgontur på ei lita strand.
 Vi gjekk på skattejakt i naturen, og etter å ha funnet 15 "skattar" (som til dømes kongler, fuglebæsj og maur) leverte vi det inn på campingplassen, og ungane fikk fine Diplomer med navn. Kjekk førmiddagsaktivitet!
 Vi fasinerast stadig av det paddeflate landskapet. Og av høyballane.
Døme på campingmiddag; tilbredt på ein liten reisegassovn. Servert på vippande bord.
Slik kan også campingferie vere. Gjørme og kliss. Enda er eg ikkje rein under føttene etter å ha trakka meir eller mindre barbeint rundt i halvanna veke. Men kven bryr seg eigentlig om litt gris hist og her?
 Siste feriedag (og vår tre-års bryllupsdag) vart tilbrakt saman med gode venner i hovedstaden. Her er to kjekke menn og to vakre småjenter ved Oslofjorden. Vi hadde planlagt fleire dagar i Oslo, men været (og Norway-cup) gjorde at vi måtte forandre litt på planane.
 Ved ein tilfeldighet havna vi siste natt på Utvika Camping. Det var tøft å sjå Utøya, og det vart ikkje mykje søvn der. Sjølv bilete gjør noko med meg. Men det høyrer med til ferien vår dette også.

Vi tok de siste milene tilbake til Bergen på ein dag. Lunch på Gol (der har eg budd i to år, så det er alltid like kjekt å vere der), leikestopp i Flåm og pølsemiddag på Shell i Gudvangen (biletet) der det no var opplett og glimt av blå himmel.

I alt var vi på tur i 11 dagar - og har masser av gode minner frå ein flott ferie! Det er gøyt å vere saman med ungane så masse, og det er gøyt å oppleve ting som ein familie. Vi har ei veke igjen av ferien vår, så vi er ikkje heilt ferdige. Vi nyter også feriesovetider - de siste to vekene har vi ikkje blitt vekt før klokka 8, og alle (de fleste i alle fall) småbarnsforeldre veit kor deilig det er!! Sommarferie er KNALL!!!:D



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...