mandag 8. oktober 2012

Fort, fort, fort


blir ungane større, og innimellom kan eg kjenne på korleis livet var før barn, og ikkje minst korleis livet kjem til å vere når de blir så store at de har eigne gjøremål utover heimeliv.

I helga var eg aleine i 27 samanhengande timar. På den tida trena eg zumba (og gjekk heim sidan bilen var saman med mann og barn), rydda og vaska hus (innkludert badet), dansa vilt og hemningslaust til Justin Bieber sin ganske så fengande låt (samtidig som eg var redd naboane skulle komme og be meg om å skru ned musikken), spiste pai frå frysedisken på rema til middag, sove middag (deilig!), sjå både film og seriar på TV-skjermen, spise snop, skjemme bort pusen vår med masse tid til kos i eit stille hus, sove i 11 timar i strekk, drikke kaffe og te, glane på facebook, spele piano (DET var lenge sidan det!), bestilt treningsBH på TV-shop (er det mogleg????? De BØR vere bra!) og laga heimelaga fiskegrateng til søndagsmiddagen da vi var fulltallige igjen.

Var det supert å vere aleine? Ja! Var det kjedelig å vere aleine? Ja!

Det beste ved å vere aleine var at huset var reint og ryddig i timesvis! Eg satte også pris på å kunne ha høgt volum på TV etter klokka 20.00. Det blir ok når ungane begynner å forlate redet, litt etter litt, men det er også heilt ok å ha de heime. Meir enn ok eigentlig.

4 kommentarer:

  1. Oj, det hørtes skikkelig digg ut!

    SvarSlett
  2. Så godt du beskriver det:) For det er deilig å være litt alene når man har barn, få litt tid for seg selv. Og så går det ikke lange tiden før man kjenner at det hadde vært godt å være sammen igjen:)

    Ha ei god uke kjære du,
    i dag har jeg endelig karra meg til å sende ut en pakke
    som mest sansynlig havner hos deg:)
    God klem:)

    SvarSlett
  3. Bare innom for å ønske deg en fin kveld, og for å takke deg for at du er med i gi-bort-en min:)
    Lykke til,
    god klem:)

    SvarSlett
  4. Det var deilig Rebecca; ein liten time-out er fantastisk. Også var det SÅ godt å få de heim igjen og dele ut alle kyssene eg ikkje hadde fått kvitta meg med de timane eg var aleine:)
    Gåva har komt fram; perfekt for meg! Tusen takk:) Ha ei strålande helg begge to! God klem:)

    SvarSlett

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...