mandag 15. oktober 2012

Tolmodighet

Når ein er to år er det umogleg å vite kor lenge to minutter er. Derfor jubler Janna "JAAAAA" når eg roper "to minutter til mat" og kjem springande opp og inn på kjøkkenet. Det er ikkje så veldig mykje enklare å vere fire år, så det går alltid meir enn to minuttar før han kjem. Derfor sitter Janna ofte aleine ei stund og venter. Eg dekker framleis på, og i resten av huset er det hektisk aktivitet med å avslutte leiken; parkere togene, legge legomennene, finne bokmerke og lukke igjen boka osv.
Så tolmodig da! Og litt aleine.

I dag var vi to på to-årskontroll på helsestasjonen. Ho utviklar seg fint, både motorisk og språkleg. Ho vokser jamt og trutt, og hadde lagt på seg heile FIRE kilo det siste året! Frå å vere på nederste linje på vektdiagrammet er ho no like under normalen. Helsesøstra vart letta; eg lurte på om vi har vore litt for hyppige med dessertane i det siste. Alt var i alle fall bra, og ho er godkjent som to-åring av helsevesenet. Godt!











Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...