fredag 10. mai 2013

Barnehagebursdagsrutiner

Det året de fyller fire år begynner ungane i barnehagen å invitere til barnehagebursdag. Nokon foreldre inviterer på sms i god tid - medan andre er litt treigare. Likevel kjennes det som om vi uansett ville hatt problemer med å kjøpe gåve. Å ta med storebror på leikebutikken kvar gong han skal i bursdag er uaktuelt - vi hadde glatt brukt ein time (og masse frustrasjon) på å finne noko til rett pris og som er gøyt nok. Derfor har eg ei eske med gåver i kjellaren. Her er det bøker i fleng, men også ulike teike- og målesaker, teikneark, plastelina og sleipe edderkopper (det er jo gutar på 5 år som inviterer til bursdag for tida). Eg snakker med storebror om kva bursdagsbarnet liker å leike med i barnehagen - også vel vi ut gåver. Det går stort sett greit, men det er ikkje alltid storebror er heilt enig - men det får berre vere.
I denne gamle mappa frå min tid i speidaren har eg masse kort - både heimelaga og kjøpte. Her får storebror ha fri tilgang til å velgje det kortet han vil gje. Like ofte vil han teikne ei teikning til de - noko som jo er mykje hygglegare!
Og vips - så er vi klare til bursdagsfest. Eg har også ruller med gåvepapir (kjøpt i 100 m. på staples) slik at bursdagsforbredelsane ikkje medfører stress og køyring og irriterte foreldre. I helga skal storebror i bursdagsfest igjen - og til neste år fyller lillesøster 4 år - så da blir det fort dobbelt så mange bursdager. Og da er det nok ekstra greit å ha rutiner!

Ha ei riktig god helg!

2 kommentarer:

  1. Høres veldig likt ut, vi har også et lite gave lager i skapet, samt gavepapir til gutt og jente.
    Når det er familie eller nære venner tar vi heller fn tur i butikken:-)

    SvarSlett

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...