onsdag 14. august 2013

Nattevandrer



Hvem ligger her?
  For å gjøre ei langkort historie berre kort - lillesøster er ein liten nattevandrer. Da ho var heilt lita låg ho berre i ro i senga, men voken var ho. I to timar. I periodar var ho voken kvar natt. Det at ho framleis er voken om natta i perioder er eigentlig ikkje noko problem, for i stor grad er ho i senga si og er (så vidt vi veit) roleg. Det hender ho går på do, plukker ut klær frå kleskapet, henter nettbrettet (ok, det har kun skjedd ein gong heldigvis!) eller ruller ut ein dopapirrull over heile badet - men stort sett er ho på rommet sitt. Vi får med oss noko, men sover gjennom det meste. Det startar gjerne med dobesøk og ender ofte opp med at ho vil ha vatn, noko som betyr at vi får med oss start og slutt. Av ein eller anna grunn blir ho ikkje veldig trøtt, berre litt, neste dag. Biletet er frå sist veke. Da låg ho og sov på sofaen (over hovudet hennes ligger ei lita veske som ho hadde putta små leiker oppi) med teppe på. Frå når? Vi har soverom like ved, men ho er så stille!

Det er litt ubehagelig at ho er voken utan at vi er det - samtidig som det også er hennes hus og vi har ingenting liggande framme som ho ikkje har lov å ta på (utanom nettbrettet da, som vi no gøymer vekk). Fleire gongar blir vi vekt av at ho griner fordi ho har stumpa tåa si i dørkarmen i mørket. Det er vel det mest alvorlege som har skjedd. Eg lurer på kor lenge denne vandrefasen skal vere. Og på om vi bør leggje ho seinare slik at ho sover betre. Eller var det tidlegare vi skulle leggje ho (Karin Naphaug - grøss!)?

Apropos denne lille vandraren - i dag er ein stor dag! Vi har latt håret hennes vokse sidan ho var fødd. Ho har likt at eg steller det, og lar både strikk og klemmer vere i fred. Men de siste månadane har det vore ei kamp nestan kvar morgon - NEI til hårbørste, NEI til strikk, NEI til klemme!!!

"Lillesøster, vil du klippe håret sitt kort slik som Mia i barnehagen?"
"Ja"
"Hei! Frisøren? Har du ledig time i ettermiddag?"

Så da skal jenta vår klippe det som etter tre år har blitt langt hår, nesten heilt ned til midja. Vi skal ha det kort og vedlikeholdsfritt. Og med pannelugg! Dette blir spanande!

Eg har foresten tilbrakt arbeidsdagen i fjellheimen. Saman med kollegaer frå eige og andre kontorer har eg gått opp på Ulriken (det høgaste av byfjellene, 643 moh), over Vidden, over Rundemannen (det nest høgaste av byfjellene, 568 moh) og ned til Fløyen (425 moh). Ein fantastisk flott tur med flotte folk! Hjelpes kor heldig eg er som får slike opplevelser i jobben min! :)



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...