søndag 15. september 2013

Kjønnsroller


Ja, det bur gutar i dette huset.
 Det er skrive masse om kjønnsroller, kjønnsleik, kjønnsoppdragelse og i det heile tatt. Det meste er sagt, eg er enig med masse og veldig uenig med masse. Dette temaet engasjerer meg litt, eigentlig meir enn litt, faktisk så masse at eg snerra min ærlege meining til ei mamma i garderoben i barnehagen fordi ho påpeika til meg at det var "typisk gutar" at storebror ikkje ville leggje skoene sine på plassen sin.

Uansett...

Vi har ein av kvart kjønn. Men det er kun to unger, og langt ifrå representabelt for resten av småjentene og smågutane i verda. Dette er vel eigentlig mitt utgangspunkt for kjønnsdiskusjonen der eg ser at de fleste linkar til eigne barn. Slik sett er det tydleg at sonen til mammaen eg heva stemma mi til ikkje vil leggje på plass skoene sine. Noko ho tolkar som "det er fordi han er gut" og ikkje "fordi han ikkje gidder, og at han ser at eg gjør det for han om han set seg ned i trappa og skriker".

Storebror er eit roleg barn. "Han er roleg til gut å vere" seier nokon. Han er eit roleg barn. Lillesøster også. Men de kan vere iltre, spinge rundt, kaste seg ned, lage hoppepute i botnen av trappa og sjå kor mange trinn opp de tørr å hoppe frå. De kan sparke rundt seg og brøle, de kan kaste leikar veggimellom og de kan løpe så fort at det kjennes som om de flyr. De er unger. Ikkje hovedsakleg jente eller hovedsakleg gut. De er barn, de er unger, de prøver ut ting og de utviklar seg. Derfor sitter de også i sofaen med ein haug bøker som de leser igjennom. Defor lukker storebror døra inn til rommet sitt og høyrer på lydbok medan han leikar med lego. Derfor sitter de i timesvis ved kjøkkenbordet og teiknar, klistrar, klipper, perler, målar og brettar.
Ungane våre er ulike slik at de heller over i stereotypisk gut og jente. Storebror sin yndlingsleike har i stor grad vore duplo og lego. Lillesøster har ikkje interessert seg i dette sjølv om ho er oppvokst i ein haug av duploklossar, togbane og harde treleikar. Ho likte heller de mjuke bamsane som storebror ikkje ein gong såg på, og som vi i stor grad hadde rydda vekk. Begge ungane har fått tilgang på leikar "typisk" for det andre kjønnet, så med handa på hjartet har de fått velgje kva de likar sjølve!

Mykje ligger i kva ord ein vel å bruke. Storebror likar lego fordi han er systematisk, logisk og mattematisk. Ikkje fordi han er gut. Kva lillesøster likar å leike med veit vi faktisk ikkje skikkelig enda. Ho har ikkje utpeikt seg noko yndlingsleike. For tida likar ho å høyre på musikk medan ho dansar og synger. Ikkje fordi ho er jente (eller til tross for at ho er det), men fordi ho synes det er kjekt. Punktum.

Ein anna ting; vi behandler farger som farger. Lillesøster har mykje rosa (alt ho har av rosa er nok fanga på biletet over) fordi rosa er ein fin farge. Ho har også masse i blått og grønt og lilla og svart og brunt og gult og turkis og oragnge. Faktisk har ho ikkje lært seg fargen rosa enda (Ho kan alle fargane utanom rosa og blått av ein eller anna grunn). Da ungane fikk velgje sommarjakker valgte storebror orange og lillesøster lyseblå. Men hadde de valgt blå og rosa hadde det også vore heilt ok; whatever.

Det er mange kamper eg gidder å ta med ungane. Men kva farge ting skal ha, kva de skal leike med og kven de skal leike kva med - det har absolutt ingen betydning. Og eg irriterar meg over voksne i vår omgangskrets som pressar på ungane sine forutinntatte holdningar om kjønn.

2 kommentarer:

  1. Så sant så sant! Flott at du har den innstillinga:) alle (stort sett)små gutter i vår familie får en dukke med masse klær de kan leke seg med. Og hvilken farge de syns er finest er jo helt tilfeldig. Det trenger ikke være kjønnsbestemt at du skal like rosa når du er jente og blå når du er gutt:)

    SvarSlett
  2. Nettopp - la barn vere barn, ikkje gutar eller jenter.

    SvarSlett

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...