søndag 13. oktober 2013

Barselgåve

Ei mammavenninne frå barnehagen til ungane fikk nydleg barn nummer tre, jente nummer to.
Vi var så heldige å få lov å komme på barselbesøk da pittelillesøstra kun var 10 dagar gammal.
Hjelpes for eit lite nurk - sjølv om ho jo var nesten ein kilo større enn den minste av de andre to ungane. Så deilig med små nyfødde! Ho sovna på fanget mitt, så eg fikk verkleg kose masse! Lillesøster var heilt forelska, og måtte bort og sjå på og kommentere de små hendene fleire gongar.
Eg hadde strikka eit par rosa tøffler og laga eit enkelt kort. Body av økologisk bomull med knapping forann er så deilig for små venner! Med to storesøsken var det mykje gåver som skulle ordnast, men det er jo så kosleg! Pittelillesøster har desverre kollikk, og mammaen ser utslitt ut når eg innimellom treffer ho i barnehagen. Huff, jammen er de nydlege desse små, men så masse jobb! Det er så kjekt når det kjem nye barn inn i omgangskretsen vår - eg håpar det er fleire på gong ein stad slik at eg kan finne fram babyullen igjen :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...