lørdag 12. oktober 2013

Liatårnet

Fleire stader langs løypa frå vestsida er det satt opp gode trapper.
Liatårnet er eit fjell eg har tenkt at eg vil gå på i åresvis. Eg begynte å jobbe i Fjell kommune i 2006, og sidan da er Liatårnet vore eit slikt fjell som "alle har gått på", men ikkje eg. For nokre veker sidan var det meldt god vær, så vi pakka med oss lunch, kakao, sitteunderlag og huer og køyrte ut på Sotra for å bestige den O'store fjelltoppen som mor i huset hadde sikla på i åresvis.
Turen var perfekt for unger! Om vi ser vekk frå den kjedlige vegen første delen av turen består oppstigninga av bratte stiar, trapper, bruer og moglegheit til å fylle på varder (storebror sin favoritt!)
Her er vi nesten på toppen. Utsikta var fantastisk heile vegen! Vi gjekk litt i li for vinden, og det var godt. Vi luncha i ei sprekk like ved toppen, der var det heilt vindstille og deilig. Storebror gjekk som han pleier, med godt tempo og med mange forteljinga som eg fikk høyre på. Det var litt bratt for lillesøster, men ho gjekk store deler av vegen ho også.
Her er vi på toppen med ei majestetisk utsikt til alle himmelretninger! Herfrå kan ein sjå mellom anna Folgefonna i søraust. Det er anbefalt å ha med kart for å lese seg fram til det ein ser, men det hadde ikkje vi. Vinden her oppe var så sterk at vi var her ei kort stund før vi gjekk ned igjen.
Her skriver eg oss inn i boka som låg gjømt i varden. Liatårnet er det høgaste fjellet på Sotra. 341 moh.
Vegen ned var like bratt, og eigentlig litt skummel. Lillesøster satt i meisen heile vegen, storebror fikk hull i buksebaken etter å ha sklidd ned fleire bergsklier. Bergartane var foresten nydlege på denne turen. Forblåst som det er såg vi masse bart fjell, og fikk sjå både krystaller, "sjøstein" med bølger, ru sandpapirfjell og granitt. Dette var ein knalltur som vi gjerne tar igjen! Vi brukte nesten fire timar på heime turen, innkludert lang og god lunchpause.

"Som vanleg" fikk storebror stor merksemd av de andre turgåarane, og han var så skjønn da han snudde seg mot meg og sa "Han mannen sa at eg var sprek som går på fjellet på eigne føtter. Da vart eg veldig glad inni meg." Eg blir også veldig glad inni meg når eg går på tur med slike flotte folk :)

1 kommentar:

  1. Aldeles nydelig, både tur og utsikt - og storebroren som blir glad:)

    SvarSlett

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...