søndag 31. mars 2013

PåskeeggsnopBONANZA!

Det er NESTEN så eg blir flau. Vi har enorme mengder snop! Og det er rett og slett fordi vi ikkje spiser så masse, men så tar vi ikkje omsyn til det når vi skal handle. Til dømes snop på halv pris etter jul og påske - for ikkje å snakke om Tax Free-snop. Hjelpes!
 Vi kjøpte ikkje inn eigna snop til påskeeggene for å seie det slik...
Det eg derimot fiksa var denne nydlege bingoen som eg fikk printe gratis frå gidetvidere.blogspot.com. Laminert og klar til bruk!
Lillesøster fikk denne lottoen med knasne retroegg. Desse er eg kjempefornøyde med! Kjekt med noko anna enn snop i eggene til ungane!
Desse små eggene er nye av i år. To skumsnop i kvart egg - så er eggejakta i hagen meir spanande - men snopemengden går ikkje nevneverdig opp:)

lørdag 30. mars 2013

Påskedagar og såkalla bypåske

Det er vel det vi driver med - bypåske - vi som enda ikkje har skaffa oss hytte på fjellet. Men med det knallværet som har vore kan du tru vi har hatt to flotte påskedagar + ein bonusdag på onsdag!

På onsdag tok vi turen til Akvariet i Bergen der lillesøster gav smukkane sine til fiskane. Ho var så tøff og flink og stolt - og er det framleis - samtidig som ho saknar smukken sin forferdelig. Ho voknar fleire gongar i løpet av kvelden og trenger trøst, og voknar tidleg på morgonen - alt heilt ulikt ho. Derfor har vi hatt ei trøtt jente desse dagane! Stakkars lille - det er ikkje lett å måtte bli stor!
 På skjærtorsdag tok vi turen til fjells der storebror fikk prøve seg på ski for første gong! Han viste seg å vere eit naturtalent (heilt subjektiv sjølvsagt:))!
 Og litt knall og fall:)
 Strålande sol frå skyfri himmel - glade unger og utkvilte foreldre!
Nemnte eg at det var glade unger?
 Lillesøster er enda skilaus (som resten av familien), men hadde med seg akebrett.
 Langfredag - og bursdagen til storebror! Vi kokte blå egg til frukost på den splitter nye komfyren vår som mannen smelte på plass innimellom slaga onsdag og torsdag. Det første vi laga på den var altså blå egg:)
Lunch - egg i rede.
 Etter timar med legobygging drog vi med oss eit skrikande bursdagsbarn ut i skog og mark. Han hadde (før legogåvane var komt) sagt at han ville grille pølser i skogen til middag. Så ut på tur med oss!
 Vi fann oss ein lun sving med fabelaktig utsikt og grilla pølser og mais. Humøret var på dette tidspunktet steget fleire hakk hos alle. Kakao er heller ikkje feil på tur:)
 Lykken er ei grein å svinge seg i!
Gode påskedagar - og enda har vi fleire igjen:)

fredag 29. mars 2013

Who's there?

Lettare anonymifisert bursdagsgut
Fem år sidan i dag vokna eg kl.06.30 laurdags morgon og tenkte (som eg alt hadde tenkt tre gongar den natta og de siste tre månadane) at eg måtte på do. Eg spratt opp (eller velta meg rundt) og før eg rakk noko meir var heile gulvet fult med fostervatn.

"Vatnet har gått!!!!!"
"Tuller du?!"

Vi ringte til Kvinneklinikken som bad oss holde oss heime og kjenne etter - også komme inn på kontroll på kvelden om ikkje noko meir skjedde. Ok. Vi la på og tørka gulvet. Også ringte telefonen.

"Du er 35 + 6?"
"Ja"
"Jamen da er du jo for tidleg! Du må komme med ein gong!"

Kl.13 fikk eg modningspiller og etter fire steinharde timer vart ein liten og varm gut lagt på magen min. Herrehud her er du! Herregud her er du! Herregud her er du!

Du som eg meinte eg hadde sett før.
Du som sov som ein karusell det første året.
Og du som berre sov og sov og sov - fordi du eigentlig framleis skulle ligge inne i magen min og vokse.

Du som var ein draum å ha med på besøk til andre barn - for de hadde andre leikar enn deg.
Du som framleis er ein draum å ha med på besøk til andre barn - fordi de har andre leikar enn deg.
Du som aller helst vil spise middag med fingrane, men når du får skrape kakerørebollen finner du fram ei skei.

Du som ber med om ikkje å bruke smykkene du lagar til meg i barnehagen på jobben fordi du ikkje vil at de eg jobbar med skal bli missunnlege.
Du som alt klarer å leggje saman tre tal, trekke frå og til og med dele.
Du som sitter med hovudet i hendene, sukker og seier "Det er så lenge å vente til eg blir voksen"

Du som ikkje teiknar mennesker - men kart.
Du som kvar kveld gjer meg eit kyss på panna medan du seier "God natt SØØØØØTEEEE mamma"

Tenk at eg og pappa har laga deg!

Gratulerer med femårsdagen guten min! Eg elsker deg!

onsdag 27. mars 2013

Kunstutstilling

Eg henger jo opp utvalg av ungane sin kunst.

Så da kan eg vel henge opp noko av mannen sin kunst også?


tirsdag 26. mars 2013

Rosendahlgjennbruk

Mannen min fikk eit kryddersett i julegåve av jobben for 5-6 år sidan. Krydderet var godt og krydderkrukkene flotte. Men her ein dag valgte eg å tømme alt ut og fylte de opp med tørr ris.

Da fungerer de lett som lysestakar - Rosendahlstyle:) No har de besøk av fine påskekyllingar og påskesol - og snøen ute er  vekke. Lillesøster er heime med pappa i dag. Storebror feirar 5-årsdagen sin i barnehagen. I morgon begynner eg på ferie - og vi skal på Akvariet for å lillesøster sine smukkar til fiskane. Spanande!:)

mandag 25. mars 2013

"Vi bur midt i ein bakke"

Jepps - og i helga har vi innimellom bursdagsbesøk og kakespising kosa oss i bakkane våre. Mannen raka graset slik at vårlunka kom fram - mmmm! Snart påskeferie!

Storebror var heime med feber på fredag - noko som passa fint sidan eg da kunne bake kake og rydde til bursdagshelg. I dag er lillesøster febervarm - og mannen er heime og rydder opp etter helga.

Om fire dagar har eg vore mamma i fem år. Tenk det!

onsdag 20. mars 2013

Hornbaking - ein gløymt kunst?

Er horn litt sånn 90-talls? Eg hadde heilt gløymt at de eksisterte heilt til eg las ein blogg der de hadde baka horn. Eg vart inspirert og lillesøster hjalp til å bake. Oppskrifta var halvgrov og med fyll. Nam! Eg hadde litt chorizorestar og vanleg kvitost som eg fylte med. Nokon vart utan kjøtt - og nokon vart med litt sjokolade og valnøtter (de var best!). Lillesøster laga to horn med alt:)
I helga skal vi feire 5-årsdag til storebror med ein god haug små gjestar. På menyen står det pannekaker med bacon og poteter til lunch (vi har invitert frå kl.12-14), og gele (blå og grønn) og prinsekake til "dessert". I tillegg får alle gjestane ein snopepose før de går. I dag skal vi ut og handle inn alt vi trenger; heldigvis synes vi alle at slike festar er KJEMPEGØYE og vi gler oss masse til helga!:)

tirsdag 19. mars 2013

Oppskrifter på perlebileter

Storebror liker å jobbe etter oppskrifter. Derfor meldte eg han inn i Club Hama (gratis) og fikk slik tilgang på fleire oppskrifter til perlene våre.
Adressa til klubben
Han vart heilt hekta, og perla seg igjennom bunken med ark som eg hadde skrive ut til han. Dette finnes jo også i bokform som ein kan kjøpe på leikebutikken. Veldig gøyt i alle fall - også blir det skikkelig kult! Lillesøster perler framleis med maxi-perler, og har i helga perla to store figurar for første gong:) Kjempeflinke er de - begge to!

mandag 18. mars 2013

Fjordland Byggrynsgraut

Eg er ein såkalla "buzzador", noko som betyr at eg av og til får tilsendt produkter som eg tester ut på familie, venner og kollegaer. Denne gongen fikk vi tilsendt Fjordland sin Byggrynsgraut som vi var veldig spente på å prøve ut. På boksen var det bilete av grauten med blåbær og bringebær på - så storebror slo til med blå¨bær i tillegg til den han vanlegvis har på graut; rosiner, sukker, kanel og smør. Eg synes grauten er søt og god utan noko på, men storebror synes det var heilt knall med ein topping over the top! Alle fire likte i alle fall grauten, den er veldig mektig - så ein halv boks er nok til kveldsmat - denne kjem vi til å kjøpe igjen:)
Etter oppspist graut er boksane flotte til å ha perler i - så vi er strålandes fornøyde!

Snopereglar

Storebror fikk høyre om laurdagssnop rett før han vart tre år. Da var regelen at han fikk ein snop pr. år; altså to snop som snart vart tre. Når vi ein sjeldan gong er på butikken på ein laurdag vel han seg ut smågodt. Så lenge det kun var tre snop i posen slo den ikkje ein gong ut på vekta da vi skulle betale. Men no fyller han snart fem år - og vi har begynt med fem snop. Dette var det han plukka seg ut den laurdagen han og pappaen var på kino. Han vel med hjartet - ikkje etter størrelsen på snopen. Hadde eg fått fem snop hadde eg nok valgt fem STORE. Ikkje ei lita bønne slik som han velger. Men det er jo slike ting som får eit mammahjarte til å svulme:)

Også er det lillesøster da. Som kun er to og eit halvt. Her må eg innrømme at ho får tre snop. Ho har ikkje fått plukka sjølv enda - vi har snop heime som vi tar av. Ho er storfornøyd med tre. Enn så lenge:)

fredag 15. mars 2013

Mamma Mø

Finaste krøllane i håret!
Lillesøster har bevegd seg frå å vere Prikk og Flekk-fan til å bli tilhengar av Mamma Mø. Vi har ein Mamma Mø-film som ungane får sjå ein gong i helga - gjerne etter lunch på laurdag saman med laurdagssnop.
"Vi har fått ei gøyal ku med gøyale små horn. Når hun tror at ingen ser - hallo Mamma Mø - svarer hun i telefon"

Peppa Gris er ein anna favoritt - medan storebror er ihuga Legoblad-lesar, og fan av ei bok eg lånte frå biblioteket om ein gut som går på skulen.

I kveld er det på med penklær - da skal eg og mannen på representasjonsmiddag med jobben hans. Det står fersk torsk på menyen - nam! På laurdag skal vi køyre eit stykke for å feire 2-årsdagen til niesa vår, etterfulgt av ein tur på IKEA. På søndag skal eg jobbe - og alle skal på familieteater. Ei kjekk helg med andre ord:) Håper du også har gode planer!!

torsdag 14. mars 2013

Strikkepakke

Eg jobbar sporadisk med pinner og garn utan at eg kjenner den heilt store strikkedilla som eg har hatt tidlegare. I latskapens navn har eg derfor sendt ein pakke til svigerinna mi med eit påbegynt prosjekt og garn med bursdagsgåveønske frå lillesøster. Heldigvis har eg fleire i familien som er strikkekunstnarar - berre vent til eg leggjer ut bileter av de nye strikka bunadane vi fikk i posten av den eine tanta mi i Ålesund!

onsdag 13. mars 2013

Barnehagetrøbbel og solgt barndom

Finaste hjartejordbæret!
Det er ein gut i barnehagen som etter at sterkare gutar har slutta og begynt på skule no har blitt ein ramp. Han vel å bruke tida si på å slå, dytte, plage og knuffe på de andre. Men han kan også leike fint og roleg - da gjerne saman med storebror. Når de to leikar saman har de det ofte veldig gøyt, og de får som einaste i barnehagen lov å leike aleine på eit av de små grupperommene. Fordi de leikar så fint. No veit eg ikkje kva som har skjedd - men det verkar som om storebror ikkje lenger ønskjer å leike saman med denne guten. Sjølv om de var vennar har også storebror blitt utsatt for ymse, og han har kanskje fått nok. No leikar de nesten ikkje saman lenger, noko som har ført til at guten trakker etter storebror og plager han. Drar han i genseren, seier at han skal hoppe på oss og lillesøster slik at vi dør, slår han med pinner også vidare. De ansatte i barnehagen er klar over at det skjer og passar på - men får ikkje med seg alt. Storebror seier at guten er "full av tullete tankar i hovudet sitt" og er meir eller mindre likgyldig til masse av det som blir sagt og gjort. Dette synes vi er veldig vanskelig, særleg fordi de ikkje ein gong har fylt fem år. Denne guten; han veit kva han gjør, men han er så umoden at eg får vondt av han. No ser vi at han går aleine rundt i barnehagen, ingen vil leike med han. Men, som mor, når eg leverte storebror i dag og han knapt hadde komt inn døra før han kom grinande bort til meg fordi guten hadde kløpe han i puppen; då kjenner eg at eg får lyst å ta med meg storebror vekk - dette kan jo ikkje fortsette! Dette som kanskje berre er eit utrykk frå denne guten om at han ønskjer å leike med storebror, få positiv merksemd slik han fikk når de var vennar, men som kjem så feil ut! Storebror fyller snart fem år og har sagt at han ikkje vil at denne guten skal bli invitert. Men det må han bli, og eg må gjennta gong på gong at han kjem til å oppføre seg fint i burdagen, og gjør han noko som ikkje er lov klarer eg å stoppe han. Det er ikkje slik det skal vere!

Som om det ikkje er nok med bølling i barnehagen dreiv eg med litt bølling i går. Storebror har ein Ole Brum-gåbil med masse lydar som han fikk til eittårsdagen sin. Den vart solgt i går for ein femtilapp og vi har hatt fleire hysteriske grinetokter "NO HAR JEG INGEN BIIIIIL LENGER!". Stakkars! Han har sjølvsagt fått lappen og skal kjøpe seg noko lego for den. Vi har solgt det meste vi har av babyutstyr i det siste, så når han ikkje finner noko kjem han spørjande "har du solgt det?" - noko som vi eit par gongar har måtte sagt ja til. Stakkars, stakkars!


huff

tirsdag 12. mars 2013

Valentinesfrukostmatpakke

 Bananmuffins med biola er sunne og gode muffins utan sukker (utanom det som er i biolaen). Desse baker vi ofte når vi har overmodne bananer - hvist vi ikkje lager smoothie da. 1.5 dl. kveitemjøl, 1 dl sammalt hvete, 1 dl havregryn, 1 ts bakepulver, 0.75 dl nøytral olje, 2 egg, 1.5 dl biola og tre veldig modne bananer som er blitt mosa. Miks og hell i 15 vanlege muffinsformer. Steik på 200 grader i 15 minutter - nam!
Her er valentinesfrukostmatpakka til lillesøster:)

I dag trenger eg ekstra lov'n care - eg skal på trening igjen for første gong sidan sjukdom tok over livet. Eg er (nesten) heilt frisk, men energien er ikkje heilt tilbake enda; noko som ifølge nettet er vanleg etter influensa. Ein runde på spinningssykkelen i kveld bør hjelpe på det:) I dag vokna vi foresten til snø - whats up with that??

mandag 11. mars 2013

Salami og Shredded Wheat

Vi har fått prøve to nye produkter gjennom LikenShare - Grilstad Supersalami pålegg og Shredded Wheat frukostblanding. For å ta furukostblandinga først - ein suksess! Storebror elsker den, spiser den saman med yoghurt, aleine som snacks eller som ein del av frukosten sin. Eg har smakt nokon, og de smaker nesten som snop. Det er ikkje rart de er populære! Lillesøster kan styre sonm begeistring - ho er framleis i Cheerioshumør:)

<iframe src="http://www.youtube.com/embed/H6jRqZlCANo?ref=19688" width="420" height="315" frameborder="0" allowfullscreen></iframe>

Lukta av salami minner meg om barndommen - særleg naboen som hadde to jenter eg leika masse med og av den grunn også spiste fleire brødmåltider saman med. Mora i huset laga verdens beste brød, og på bordet hadde de alltid ein Tuppewareboks med salami. Av ein eller anne grunn minner lukta av salami meg om desse måltidene; gode minner altså! Eg er veldig glad i salami, og denne var like god som anna salami eg har smakt. Også lukta den heeeiiilt riktig:)

I kveld skal det derimot bli andre boller på matfronten! Eg og mannen skal på teater, og skal til og med spise noko først! Ein skikkelig datenight! For første gong sidan bryllupsreisa i 2009! Middag på resturant også teater - åh som eg gler meg!!! Dette er tredje dag på rad eg er på teater - i helga var eg og storebror på teater både laurdag og søndag etter fjellturen. Denne gongen er det voksenteater - Shakespeare - forandring fryder:)

søndag 10. mars 2013

Søndag, sol og fjelltur!

For ein gongs skuld har eg rykandes ferske bileter på dele! I dag har vi vore på Kvamskogen og storkosa oss i skikkelig nydelig vintervær! Sol frå skyfri himmel - gøye aktivitetar og smil i alle retningar!
 Vi fikk prøve hundeslede - det var kjempegøyt! Eg har eit søskenbarn som deltek i Finnmarksløpet, og sjølv om det kanskje ikkje er heilt samanliknbart, var det veldig gøy å prøve noko som eg godt forstår at kan vere ein lidenskap!
Vi fikk køyre scooter opp til toalettet - nice:)
 Etter å ha spist grilla pølser, medbrakt niste og kakao i oppvarma lavo hadde vi det hysterisk morsomt i akebakken - eller bølga som vi kalla den. Her var det masse utstyr vi kunne låne og skli på - mellom anna ei madrass der alle fire fikk plass.
Vi sprang opp og sklei ned igjen i over ein time - utruleg gøy! Det var flott å utnytte soldagen på denne måten! Og vi er heldige som fikk vere med - dette er eit arrangement jobben min har som tilbod til ei spesiell gruppe som vi ikkje fell inn under - men så fikk vi vere med i dag og prøve likevel. Og gjett om vi vil gjøre dette neste år også!:D

fredag 8. mars 2013

Eit svart sinn...

"Lillesøster - vil du male?"
"Ja!"
Og da blir det sjåande slik ut. Veldig, veldig svart.
Dupp i vatn, snurre i svartmaling, male eit lite felt. Repeter til heile arket er svart. Det tar nesten ein halv time nitidig arbeid før ho er i mål.

 "Se!"
 "Åj, du har brukt masse svart. Skal vi la det tørke her?"
"Ja, fedi no."

Kast. I. Bosset.

Ha ei flott helg! Med resirkulering!

torsdag 7. mars 2013

Kvit Sjokolade Panna Cotta

 På bursdagen til mannen hadde vi invitert på komlemiddag og dessert.
 Etter å ha spist uante mengder potet, mjøl, bacon, røykt gris og gulerøtter (nam!) serverte eg Kvit Sjokolade Panna Cotta med Blåbærtopping. GRUELEG fancysmancy - og ein bra avsluttning på eit tungt måltid.
3 gelantinplater blir lagt i kaldt vatn medan du koker opp 5 dl kremfløyte og frøene frå ei vaniljestang. Når fløyta er kokt opp tilsetter du gelantinplatene, 100 gr kvit sjokolade og ei spiseskei sukker. Rør godt rundt før du lar det stå på ei kald plate og roe seg kraftig ned i 20 minutter. Sil opp i serveringsskåler og la det stivne i kjøleskap i 4 timer eller over natta. Vi sakna bærsaus. Dette vart veldig søtt - og veldig godt - men kontraster er vel å foretrekke i matvegen.

onsdag 6. mars 2013

Influensa

Det skjedde jo det som måtte skje. At fruen i huset knakk saman etter å ha sussa snørrete barnekinn, tatt feil vannglass og endt opp med å drikke i seg litt av mannen sine basseluskar saman med halvlunka vatn og knuffa i den samme sofaen. Etter ein time på jobb på fredag måtte eg kaste inn håndkleet og køyre heim og stupe i seng. Og der vart er verande til laurdags kveld - badande i eigen sveitte og med kuldegysningar som minna om rier. Eg begynte til slutt å lure på om nokon hadde ei vodoo-dukke av meg som de vekselvis kokte og la i frysaren.
Finaste pusefotsporene i snøen:)
Så lenge sjuk har eg knapt vore før. Kroppen er heilt utslitt, eg blir andpusen av å gå opp trappa heime - og maten smakar framleis litt sånn søtt og rart. Men feberen er vekke, og eg har klart å skrive alt dette. Det er vel bra?

No må eg berre hive meg på livet igjen - for mykje kjekt er i vente! Og no er eg endelig så pass at eg kan gjøre det eg må. Også får eg vere fornøyd med det medan eg ventar på at energien kjem sigande.

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...