lørdag 30. november 2013

Søndagsvintertur

Vinter <3
Søndag sist helg var det strålande sol, nysnødd snø og utsove familie! Vi utnytta dagen til fulle, med fjelltur før lunch, julefilm i sofaen etter at vi var komt heim, og lanternetur på kvelden. Vi har eit lite fjell i gåavstand til huset vårt som vi ville opp på i tide til å spise lunch på toppen. Lillesøster synes det er tungt å gå desse vinterturane våre, eg trur tunge vintersko og masse klær og vinterdress gjør at ho blir ekstra sliten. Men heldigvis er mannen tolmodig, så det går bra!
Vi går litt på veg før vi kjem til stien, noko som også er ei utfordring for lillesøster. Eg trur vi brukte ein heil time på 800 meter veg - no kidding. Men OPP SKAL VI! Lillesøster fikk valget om å snu, men ho skulle på toppen og drikke kakao! Berre synd ikkje motivasjonen varte lenge om gongen.

Fantastisk utsikt!

Endeleg var vi framme på stien, herifrå gjekk det som det susa oppover fjellsida! Hei kor det går! Alle kan velgje sin eigen rute, og alle kjem seg opp!
Her er vi få meter unna toppen. Her ser du skyene som de hadde meldt på værmeldinga at skulle komme frå vest rundt lunchtider. Det gjorde de altså, så det var ikkje sol når vi endelig kom fram. Da er det ekstra godt med varm kakao, og god lunch!

Vi vil ikkje slutte å gå tur på dager der vi har tid og været er ok, så eg håper (og trur) at lillesøster finner inspirasjonen og gleden igjen. Vi prøver å imøtekomme ho med stiar i skogen, men mange av turane vi synas passar om vinteren er på veg. I alle fall litt. Men eg kan ikkje late som om eg ikkje gler meg til våren og turane vi har utan 5 kg klær på ein 12 kg barnakropp!

fredag 29. november 2013

Lanternetur

To kjekke lanternegutar!
Sist søndag var gjekk vi lanternetur saman med venner frå Sverige, Tyskland og Østerrike. Det er ein tradisjon at barn går lanternetur med lanterner de har laga sjølv (med opplåst ballong, papir og tapetlim - mala i fine farger, gjerne med pålimte haustblader) i november/desember. Vi har ikkje ein tradisjon for dette i Noreg (men ein kollega fortalte at de gjør dette i Steinerbarnehagar), men det håpar vi at det ein gong blir, for dette var veldig kosleg!
Kliiiin umogleg å ta gode stemningsbileter i mørket! Klokka var 18, så det var heilt mørkt. Det hadde snødd heile natta før, så det var eit fint dekke - her over ei stor fotballbane som ikkje var opplyst. Tradisjonelt synger ein ein spesiell lanternesang ("Der oppe skinner stjernene, her nede skinner jeg"), men sidan ikkje alle kunne den vart det slik at ungane gjekk med lys i hendene - heilt stille og fokuserte - medan vi gjekk litt bak de og fulgte lysene. Alle ungane hadde stjerner i augene - heilt fantastisk!
Etterpå fikk vi servert varm saft og lussekattar som den svenske familien hadde tatt med til alle :) Ein god avsluttning på ein god dag. Tidlegare på dagen var vi på fjelltur, bileter frå den turen kjem i morgon :)

Ha ein fin fredag alle saman!

Regnspel

Heime hos mine foreldre har vi eit Bamse - verdens sterkaste bjørn - spel der ein pusler spelebrettet før ein begynner å spele. Alle brikkene passar på alle, så her kan ein lage mange ulike brett. Storebror elsker det spelet (det gjorde eg også når eg var barn - kven gjør vel ikkje det?!), så vi har sett etter liknande spel med pusling. Winnie the Pooh sitt Regnspel er det nærmaste vi har komt, men det fenger liksom ikkje like mykje. Kanskje fordi ein her må pusle brettet korrekt kvar gong? Da er ikkje puslinga ein del av spelet, men meir som ein forbredelse.
Vi skal hoppe i søledammer, samle regndråper og sol - og håpe at sola ikkje tørker ut regnet. Her er det om å gjere å ha flest vanndråpar. Spelet er fort gjort, solid i tjukk tre og enkelt og greit. Og eg taper ALLTID! Det er ikkje tipp-topp (eller fem-på-topp), men vi speler det innimellom. Gjerne når lillesøster er opptatt med noko anna - det blir fort litt rot i regnværet med ho i nærleiken "Jeg ÆLSKÆR SOL!"

torsdag 28. november 2013

Intervju med storebror

Hight-techsida av storebror (om mannen)
For godt over eit år sidan gjennomført eg eit kort "intervju" med storebror. Etter at eg var på Foreldrekonferanse i Oslo for to veker sidan der foredraget "Trivsel i barnehagen" var basert på intervjuer (dette gjaldt 4-6-åringane. De yngste barna vart observert.) vart eg inspirert til å intervjue han på nytt. Han er ein ettertenksom unge og er glad i å fortelje om det han grublar på / har funne løysninga på / fantaserar om. Eg intervjua han etter middag på laurdag medan lillesøster var i bursdagsfest - så han var mett og fornøyd og hadde lyst å bli intervjua. Ingen barn skada i denne samanheng (heller) altså! Nokon av spørsmåla fann eg på nett etter å ha googla "Intervjue barn 5 år", og nokon har eg laga sjølv.

1. Kva synes du er det morsommaste i livet?
-at eg får gåver.

2. Kva ville du ha kjøpt om du kunne kjøpe kva som helst i verda, og fikk kjøpe tre ting?
-tre Lego Chima-ting: Lavalborga, reveborga og gorillaborga!

3. Kva ville du ha gjort om du var aleine i eit rom og ville bli kjempeglad?
-hvis det var på eit rom det var lego, så hadde eg leika med lego.

4. Kva gjør engler?
- de flyr.

5. Kva eventyr ville du helst ha vore ein del av?
- eit legoeventyr

6. Kva er det morsommaste du har gjort i dag?
- alt! Leike med lego.

7. Kva skjer når ein døyr?
- man blir begravd nedi jorda slik at det kan vokse blomster.

8. Hvis du fikk velgje noko som mamma og pappa skal slutte med, kva ville det ha vore?
- at de skal slutte å seie at eg ikkje får spise jordbæryoghurt til middag.

9. Kva synes du er de fem beste tingene med mamma og pappa?
- At de er snille med oss, at de koser med oss, at man kan tulle og tøyse med de, at de passer på at vi ikkje går oss vill og at de vil gå på tur med oss.

10. Kordan ville du bygd ei spøkelsesfelle om du skulle fange eit spøkelse?
- samle blad og pinner og eg festa saman med eit tau. Og når spøkelsene trakka på de så blir de fanga opp i eit nett og kasta heilt til Afrika.

11. Kva jobber mamma med?
- å gje pengar til andre mennesker som vil spele teater, band og show og ting.

12. Kva jobber pappa med?
 - det er vanskelig. Eg veit ingenting.

13. Korleis veit du at mamma og pappa elsker deg?
- fordi de har gitt meg eit navn de elskar.
Etter at han kom seg forbi lego-fasen de første spørsmålene synes eg han hadde nydlege svar! Særleg synes eg svaret på spørsmål nummer 7 var rørande og fint. Skal vi tolke svarene på spørsmål 8 og 9 trur eg at både eg og mannen kan klappe oss sjølve på skulderen, i den grad vi innimellom set spørsmålsteikn ved om vi gjør ein ok jobb, så ser det ut som om vi gjør det :)

Takk for intervjuet storebror! Vi digger deg!

onsdag 27. november 2013

Kreolsk wokgryte

Dette er sunn og GOD mat!
Vi har ein vegetarmiddag som vi lager igjen og igjen - Kreolsk wokgryte, etter oppskrift frå dinmat.no. Her er den til 4 personer - slik vi lagar den:

1 Lauk
1 Kvitlauksfedd
1 ss Olje
1 Rød paprika
1 Pakke Sukkererter
3 ts Karri
2 dl Matfløte
1 Boks Ananas i boks
0.25 dl Ananasjuice
1 ts Maizena
Litt salt og litt sukker
1 banan
300g reker, rensa
0.25 Kinakål
Wok alle grønsakene i olje, rør i karri, fløyte og ananasjuice (den som er i hermetikkboksen). Tilsett ananas, bananer i biter, reker og snitta kinakål i gryta rett før servering. Vi lagar ris til. Enkel, raskt, godt, og sundt. Kan knapt bli betre :)

tirsdag 26. november 2013

"Velkommen Deres Majestet..."

 "...til mitt rike!"

Alvøen er et av Norges eldste industrimiljøer, med arbeiderboliger, produksjonsbygninger og hovedbygningen, eierfamilien Fasmers hjem. Da Kong Haakon VII i 1921 besøkte Alvøen, blir det sagt at Henrik Jansen Fasmer mottok ham med ordene: «Velkommen, Deres Majestet, til mitt rike!»

Her hadde familien Fasmer skapt et lite og godt industrisamfunn, med både skole, sparebank, bibliotek og forsamlingshus for arbeiderne. I Alvøen Hovedbygning hadde familien også et av Bergens flotteste private hjem, som nå er åpnet for publikum. Her møter vi både familien, industrihistorien, sosialhistorien og kunsthistorien på en måte som gir spennende og pittoreske glimt av samfunnsstrukturer i det gamle Norge. (klipt frå denne sida.)
Alvøen er i dag eit yrande kunstnerområde med ulike atelier, utstillingslokaler, interiørbutikk og ein koselg cafe (med verdens skjønnaste kokk!) På søndagar er det fleire av kunstnarane der som har opent, så ein dag i haust tok vi turen dit for å lage masker og bileter - med gode råd frå kunstnarane som arrangerte det.
Blå glasshjerter - herlege!



Ubegrensa mengder måling, penslar og tid - storebroro dykka ned i arbeidet med maska og jobba målretta lenge!
Lillesøster var ikkje fult så interessert. Her er vi to utanfor å lufta oss litt i haustlufta. Kjolen ho har på seg er det svigermor som har strikka - ein av yndlingskjolane våre - som kan snurre slik at den står rett ut som eit ballerinaskjørt!
Her er ferdig maske med spreke fjær! Bak skimtar vi den kjekke kunstnaren!
Begge ungane fikk lage små måleri også. Lillesøster laga den nederste, og storebror den øverste. Desse har vi hengt opp på kjøkkenet. Flottaste kunsten - av de flottaste kunstnarane som var på Alvøen den dagen :)

mandag 25. november 2013

Zoobaloo

Legg merke til ringen storebror har på ringfingeren. Sjølvutvalgt gåve frå tannlegebesøk med null hull!
Zoobaloo fikk storebror i bursdagsgåve, og er eit spel vi likar å spele alle saman. Reglane er enkle - så enkle at til og med lillesøster kan vere med. Ho tar ikkje valg sjølv, men hiver seg på ein av oss andre. Ofte den som har rett, så derfor vinner ho ofte. Zoobaloo vart kåra til Årets Barnespill av Brettspillguiden i 2009, så på nettsidene deires kan du lese meir.

Kor mange dyr er det plass til på flåta? Etter min erfaring er det mange fleire enn det ein skulle tru!

søndag 24. november 2013

Heimebaka brød

NAM!
De økonomiske og ernæringsmessige fordelane ved å bake brød sjølv er udiskuterbare. Ikkje tar det lang tid heller - sjølve bakinga - men det er så mykje venting!! Likevel! Når eg har baka brød er vi enige om at DET må vi eg gjøre oftare. Baker eg brød i dag? Nei, not so much. I kveld skal vi vere med ein vennefamilie frå Tyskland og Østerrike på noko som de kallar Lanternetur i mørket. Kamera er med - dette blir eit minne!

lørdag 23. november 2013

Bursdagsfordelar

Dagens bursdagsjente på besøk hos oss ein dag i haust. Ponnyslottet er sjølvsagt i bruk!
Eg er ein av de som synas det er kjekt med barnebursdagsfestar. JA det er mykje lyd, men det er jo berre for ei kort periode, og når ein veit at det går over er det berre ei vitamininnsprøyting i huset! Og alle mammaer og pappaer veit jo at det restekakestykket etter at festen er over og eigne barn er i seng er det beste som finnast! For de som ikkje liker å arrangere barnebursdag fotel eg følgjande enkle mattestykke:

Tenk deg at du har 10 unger på besøk i to timar. Det er lyd, rot og lett kaos. Men for de 10 ungane får du tilbake 10 bursdagar - altså 10 gonger du har barnevakt for ditt eige barn i 2 timar.

2 timar jobb = (2x10) 20 timar barnefri (eller eit barn mindre)

Ganske god deal ikkje sant?

I dag er lillesøster på sitt første venninnebursdagsbesøk aleine. Storebror vart først litt irritert fordi han ikkje var invitert, men så snudde han på flisa og ville vere stor storebror "Eg kan følgje ho eg!" Greit nok at bursdagsbarnet er ein av naboane våre, men eg trur ikkje han skal få gjøre det aleine :)

fredag 22. november 2013

Kaker og knekkebrød

No er eg glad for at eg ein seinsommardag tok meg tid til å plukke ein boks full av rips til vinterbruk!
De siste 6 arbeidsdagane har eg brukt 5 av de på konferanse eller kurs. Det betyr masse fagleg påfyll, ein sjanse til å finpusse smaltalk-evnen og ikkje minst mengder av mat! Kaffi når vi kjem, boller, muffins og frukt i pause nummer ein, buffet med dessertbordt i lunchen, "ettermiddagsmat" i form av fruktsalat, kjeks, kaker og meir muffins før vi går heim. Tre gonger ein heil haug mat - og alt dette på seks timer!

Derfor har det denne gongen vore GODT å vere tilbake på kontoret der lunchen består av knekkebrød, og kanskje ei klementin til dessert. I tillegg til å ete meg god og mett har eg vore småsjuk de siste vekene, så eg har hatt ei ufrivillig treningspause. No er eg (nesten) frisk - så i dag skal eg på 30-20-10 cycling på sats. Klar til å la lårene brenne! Etterpå er eg klar til å spise fredagssnop - åjada :)

torsdag 21. november 2013

Skriveferdigheter

Da eg var på konferanse for foreldre med barn i barnehage i Oslo sist fredag var det Torstein Røe Isaksen som opna showet. Han har ikkje barn sjølv, men fortalte om sonen til ein venn han hadde. Guten, på fem år, hadde nett lært seg å skrive sitt eige navn - Torben. Røe Isaksen spurte "Kva er det neste ordet du har lyst å skrive?" Femåringen svarte "Gangnam Style" (og her måtte eg inn med stavingshjelp, for dette kunne ikkje eg på 32 stave heilt enda)

Poenget var at barn i dag har andre referanser enn barn hadde for kun 10 år sidan. Eg synes spørsmålet var fint, så da eg kom heim til min eigen femåring spurte eg han det samme.

"Eg ser at du skriver navnet ditt på teikningar, så det kan du heilt no. Kva er det neste du har lyst å skrive?

Storebror ser på meg, tenkjer i to sekunder før han seier:
"Eg vil lære meg å skrive alle orda som finnas i heile verda!"

Er ikkje det eit fantastisk svar? Ikkje så mykje HA-HA som Gangnam Style, men eit fantastisk svar uansett! Eg spurte sjølvsagt vidare, kva ord vil du starte med da?

"Eg vil begynne med det største ordet i verda: Jordkloda."

onsdag 20. november 2013

Sær katt og gode mennesker

Ein kjekkas på besøk hos tante og onkel.
Puste er ein snål katt. Ho blir ikkje mindre sær med åra, og no er ho heile 10 år. Vi har hatt ho sidan ho var 16 veker, vi har kun vore snille og gode med ho (om vi ser vekk frå ein del flåttfjerningar), men likevel er ho redd og sky. Ho var kosete og god i åra til vi fikk unger, men no er ho mest rar.
Titt-titt!
Om sommaren henger ho ved kjøkkendøra og er ofte i nærleiken når ungane er ute i hagen. Ho er sosial og det er tydleg at ho har det veldig bra! Vi skulle sjølvsagt ønske at ho var tryggare med oss og ungane, og at ho ville komme å kose litt. Heldigvis for ho er vi glade i dyr - så ho får lov å vere akkurat som ho er. Også bestikker vi ho med kattesnop for at ho skal komme litt nærmare.
Her er Puste rett utanfor kjøkkendøra vår og får servert snop av lillesøster, min lillebror (i denne samanhengen vart dette litt feil - ein voksen kan det heller stå her. Eller onkel.) og hans tre barn. Alle mennesker akkurat der Puste vil ha de. På innsida av døra. Utan sko på. Og da gjør vi det slik. Slik at ho er så trygg som ho klarer å bli.

Men når vi har gjort dette på hennes premisser i ti år kjenner eg at eg skulle ønske at ting har gått seg til! Det har absolutt blitt betre enn utgangspunktet, ingen tvil, men ein kosepus hadde vore kjekt å ha. Til Puste takkar for seg er det ho vi har og hennes reglar vi følger. Om vinteren er ho meir inne. Ho er ikkje så glad i snø, regn og vind - så da biter ho frykten i seg og kjem inn - sjølv om ungane er vokne. Det er alltid veldig kjekt! Ho er jo så fin! Og vinterkattpels er noko av det mjukaste i verda!  - og heilt flåttfri!

tirsdag 19. november 2013

Engelske muffin

Da eg budde i USA var eg veldig glade i Engelske Muffins som vi kjøpte på supermarkedet i pakker på 6. Eg kom over oppskrift på ein blogg som eg måtte prøve ut. Her mangla eg rismel som er ein viktig ingrediens, men eg brukte vanleg mjøl. Fungerer heilt fint, men ein får ikkje den litt kornete avsluttninga. Sidan vi har takke synes eg det er ekstra kjekt å bruke den på andre måtar enn kun svele. Desse laga eg etter middag ein dag slik at vi kunne nyte varme bakverk til kveldsmat.
Begge ungane likte det kjempegodt - særleg storebror! Dette er jo som loff å rekne, og varm gjørbakst med smør og ost - kven liker ikkje det? Sjølv om de i arbeid ikkje tok så masse tid tok det samla sett tid å lage, men som mannen så kjekt sa det "Når det er så godt gjør det jo ingenting at du bruker litt lang tid på kjøkkenet". Nei, det tenkjer eg :)

Oppskrifta på dette, og mykje anna godt, finner du her.

mandag 18. november 2013

Pausemusikk

Eg klapper meg sjølv (les imunforsvaret mitt) på ryggen for å ha vore frisk gjennom to heile månader med sjuke mennesker rundt meg - det er jo ein BRAGD! I dag, og i går, gjekk den irriterande svien i halsen og den lurande hodepinen eg har hatt i fleire veker over til å bli plagsom nok til at eg tok meg ein roleg dag. Det har vore usedvanlege travle veker som toppa seg sist veke, men no er det rolegare framover. Heldigvis - eg trenger å vere i ro meir. I alle fall kjennes det slik ut no.

I dag ligger eg på sofaen med tjukke sokker, morgenkåpe og dyne. I dag skal eg bli betre, for i morgon må eg på eit viktig kurs. Lillesøster var doktoren min medan storebror var på badet i dag tidleg. Ho dekka meg godt til med to tepper, sang "Ro, ro, ro min båt" og las ei bok for meg før ho skulle i barnehagen. Da ho skulle seie ha det sa ho "Du sove i dag. Du føle det MYE bedre!" Ho gjekk mot trappa ned mot yttergangen før ho snudde seg, satte augene i meg og sa "Du lage middag til oss! Vi må ha mat! Eg kommer snart tilbake!"

lørdag 16. november 2013

Kreativ morgon

Vekk med frukosten - fram med teiknesaker!
Når ungane har gått frå bordet går de stort sett inn i stua for å slå på musikk (no er det Oddvar Torsheim sin "Nynorskens Skog" som dominerar), danse, lese eller pusle. 50% av gongane blir de uenige fordi det er feil song på/han tok puslespelet mitt/ho står for nært staden der eg stod i går/whateverfinnerviikkjenokofinnervipånoko. Da fungerer det nesten alltid å finne fram rolege aktiviteter på kjøkkenet slik at eg og mannen får drikke morgonkaffi'en medan den enda er lunka.
Lillesøster finner framleis blomar på veg heim frå barnehagen. De lukker seg på kvelden og opner seg på morgonen - veldig fasinerande! Plassert i Isbjørnshotglass som mannen fikk da han besøkte Nordkapp i 2005, "isbjørnblomstervasen" :)

fredag 15. november 2013

Konferanse i Oslo

 I dag er eg ein av de som tar taxi til Flesland, skjekkar inn kun meg sjølv med ei lita veske på armen og flyr til Oslo med morgonflyet. Eg skal late som om dette er noko eg gjør KVAR DAG, men sannheten er at eg gler meg skikkelig til frukosten eg får servert på flyet (eg digger flymat!)!
Eg skal på konferanse som Foreldreutvalget For Barnehager arrangerer, og eg skal høyre på den nye kunnskapsministeren vår, Torbjørn Røe Isaksen. Barnehagar og skule var eit av mine "hjartesaker" under valget i år, så eg er spent på kva han har å seie. Ellers skal konferansen handle om "Trivsel i barnehagen", og eg er ekstra spent på forsker Ingrid Lund som skal snakke om ”Barns psykiske helse - de stille barna”.
Journalist Kathrine Aspaas, forfattaren av ”Raushetenes tid”, skal snakke om ”Barns status i samfunnet – IQ versus EQ.” Dette blir også veldig interessant. Storebror har gått i to heilt ulike barnahagar, og eg har to heilt ulike barn. Barnehagekvardagen er noko eg snakkar med alle andre barnehagebarnmammaer om, dette er noko vi tenkjer mykje på! Sjølv har eg ikkje gått i barnehage, så eg har ingen personlege erfaringar med det. Noko som kanskje gjør meg ekstra interessert. Kva er dette eigentlig? Korleis er det?
Eg trur denne dagen gjer meg mange nye tankar og koblingar. Eg ser fram til å treffe andre engasjerte mammaer frå heile Noreg. Og eg ser fram til å vere veldig business på flyet. Både fram og tilbake:)

torsdag 14. november 2013

Hello Kitty-spel

Lillesøster sin favoritt!
Kva Hello Kitty-spelet eigentlig går ut på veit eg ikkje. Dette har vi forenkla veldig slik at lillesøster kan spele det med oss. Ved hjelp av terningen veit vi kor mange plassar vi kan hoppe, og om terningen med fargar viser ein farge som den sommarfuglen du landar på har, kan du ta den sommarfuglen. Om å gjøre å få flest sommarfuglar - og for min del - om å gjøre å spele ferdig på 10 minutter slik at lillesøster gidder å vere med til spelet er ferdig.
Derfor er det også "lov" å hoppe frå sommarfugl til sommarfugl når det begynner å bli glissent på brettet. Ingen poeng i å gå rundt og rundt på brettet for så å endelig havne på ein sommarfugl som er heilt GRØN når fargeteikningen viser LILLA!

Er det ikkje greit når vi kan forandre virkeligheten slik at den passar akkurat skreddersydd til oss?!?

onsdag 13. november 2013

Dessertsugerør


Mjølk til dessert.
Desse trur eg at eg har sett i Noreg no, men dessertsugerørene som vi fordeler godt utover hausten er frå Sverige. Vi har ti sugerør, to jordbær og to vanilje. Perfekt for eit glass mjølk! Ungane elsker det! Eg også, men eg får kun smake litt. Enn så lenge veit ikkje ungane om at sjokolademjølk eksisterar, men dette veit de om, og det er stor stas kvar gong de får. I alle fall de tre gongane de har fått. Vi later som om dette er svensk dessert, og derfor må vi spare. Leeeengeee!

tirsdag 12. november 2013

Vaniljeruter

Kor mange måtar finnes det for å få vaniljekrem inni gjærbakst?

Vi prøvde ut Vaniljeruter etter oppskrift frå Tine som vi fann i eit reklamebakehefte frå; ja; Tine (Her kan du med fordel bytte ut "vi" med "eg") etter søndagsturen vår i Kanadaskogen. Det var jo farsdag og det er ein grunn til å bake noko godt! Merkleg deig med mykje smør - så kjevle ut til omtrent ein firekant før ein smører ut vaniljekrem på eine halvdelen. Brett og skjær i passe biter. Hev og steik på 150 grader (!) i 6 minutter. Oppskrift finner du på tine.no.
Sjølv om det var farsdag var det meldt snø til veka (men etter at gårsdagens storm har roa seg er det no blå himmel og fleire varmegrader i Bergen), så mannen måtte ta med bilen bort til ein x-kollga med nøkkel til x-arbeidsplassen med god plass til det meste for å skifte til vinterdekk. Da var eg ei grådig flott kone og sendte med han varme vaniljeruter til begge to (saman med ein kommando eit ønske om å komme tilbake til kveldsmat - det må da vere måte på velvilje).
Ingenting i vegen med dette! I dag er det baking på nytt. Eg skal prøve meg på ei cappuccinokake med masse kaffi, for for ein gongs skuld skal eg ikkje bake noko til barn! Eg har invitert nabomammaer på besøk i kveld, mange kunne komme, nokon kunne ikkje, men vi blir 10 damer i stua, og det betyr kake, kaffi og te. Twist og frukt - her skal det tytast! Vi er så heldige som har så mange flotte folk i umiddelbar nærleik. Vanlegvis treffast vi med mann og barn, og oftast tilfeldig, men no skal vi treffast berre oss damene - det er på tide!

mandag 11. november 2013

Kanadaskogen

Søndagsidyll
I går var det sol og det betyr ut på tur. Vi pakka som vanleg med oss lunch, sitteunderlag, kakao, kaffi og snacks og tok turen til Kanadaskogen. Her har vi gått mykje tidlegare, men det siste året har ungane utvikla ei motvilje mot å gå på veg - og den løypa vi kjenner i Kanadaskogen er mykje veg. No ville vi nå eit utkikkspunkt som vi hadde lest om på nettet ei tid tilbake, og kanskje til og med Viggohytten, der de sel vaflar på søndagar.

Tennebekktjørna
Etter å ha gått lenge på veg begynte ungane å få NOK. Eg begynte å spørre folk som kom mot oss "kor langt er det til Viggohytten?" Alle sperra augene opp og stirra på sutrete unger før de sa "Det er veldig langt altså!" Omsider møtte vi ein eldre herremann som sa at det ville ta oss ein time, sutrete unger tatt i betraktning. Da tok vi ein rask venstresving vekk frå vegen og opp på ein liten topp der vi møtte fantastisk utsikt over Tennebekktjørna, Lyderhorn og uttallige fjell og haugar. Irrgrønn skog overalt og heilt stille!
Ungane var superhappy fordi vi endelig høyrte etter når de sa at de ikkje ville gå meir, og lunchen forsvan på eit blunk. Eg prøvde å starte ein samtale, men da sa mannen berre "hysj", også var vi stille i stadenfor - herremin kor deilig!

Kaffe i vår svenskimporterte pinnelille termos, vatn og restar av potetskruar frå laurdagskvelden.
Skog, skog, skog!
Lillesøster har den siste månaden tatt opp gamle vaner i form av totimers voken-midt-på-natta, så ho var trøtt og lei også etter lunchpausa. Mannen tok ho med og gjekk korte vegen tilbake til bilen medan eg og storebror gjekk den lange vegen (2 km) for å ha runden rundt Tennebekktjørna i boks.
Eg trur heile Bergen var ute og gjekk i går. Det var folk overalt og heile tida. Utanom lunchplassen vår da - den hadde vi heilt for oss sjølve:) Vi såg fleire gapahukar som vi vil prøve ut ein dag det regner skikkelig! Vi kan gjerne gå i regn, men det er litt kjedelig når nista blir våt. No som vi fann fleire i Kanadaskogen veit vi kvar vi kan gå for ein regnværstur!

Går det ann å gå tur utan å spise lunch ute seier du? Nei, det trur eg ikkje på :)

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...