mandag 7. april 2014

Tomt utan pollen

Med bilete frå der vi kanskje skal byggje hytte ein gong (er det ikkje flott?) draumer eg meg vekk til ein stad der det ikkje er pollen! Eg var tidleg ute i år med å skaffe meg allergimedisin; så tidleg at legen sa "Jøsses, har du begynt å tenkje på det?", men den som ler først ler best - tre veker seinare er det rekordtidleg pollensesongstart og eg held på å gå på veggen. Eg misstenker at legen tenkte at eg mest sannsynleg ikkje har pollenallergi, og derfor gav med noko tullepiller som kun består av noko som smuldrer opp med det samme eg putter det i munnen.

Det er kun beskjedne mengder med pollen i lufta, men eg er nedsylta og opphoven - som om vi vasser i bjørkepollen! Eg tel timar til ny legetime i morgon, og forhåpentligvis nye medisiner.

*atsjooooooo

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...