mandag 11. august 2014

Dyreparken 21. og 22.juli 2014

Årets store parkhappening var Dyreparken i Kristiansand. Dette vart bestemt i påska, og ungane (særleg storebror) hadde gleda seg heilt sidan da! Vi var der ein av de mange dagane med over 30 varmegrader, så det var VARMT VARMT VARMT! Det var fult av folk, og det var lange køer. Men det gjorde liksom ikkje så mykje. Vi drakk mykje, spiste is og drakk slush. Vi var tidleg ute til matingane for å vere litt under tak, altså i skuggen, for å få gode plassar. Vi valgte ut det vi ville gjøre av karusellar, og stod i kø den halvtimen det tok. Ingenting å gjøre med, og ingenting å sutre for. Hos oss er det eg som er mest utålmodig i køer, men eg klarte meg ganske bra :)

Her kjem eit aldri så lite bilderas frå våre to dagar!
Desse bilane var kjempekjekke! Med ferjetur og dirigering - og ikkje minst veldig flinke folk som underholdt i køa og prata med ungane.
Kaptein Sabeltann sin skute! Ingen av våre er noko Sabeltann-frelst, men det var kult likevel!
Her står vi ved savannen der de mellom anna hadde giraffer, struts og sebra.




Lillesøster falt pladask for ein liten apebaby med store, brune auger. Ho kunne ha stått ved apehuset ein heil dag trur eg!
Tigeren var slapp i varmen, men de andre dyra var vokne og aktive. Her tisser tigeren. Liknar på Puste når ho tisser! :)
Geparden var årets nyhet! Nydlege dyr som framleis var veldig opptatt av publikum.

Min favoritt!
Vi er veldig glade i Kardemomme By, og har lest boka fleire gonger. Med oss på bilturen sørover hadde vi også lydbok, så vi var heilt oppdaterte på alt! Kardemomme By er kanskje det eg hugsa best frå da eg var der som barn også, og det var herlig å vere der igjen!
Vi spaserte sjølvsagt ut til røvarane sitt hus. Vi fann løven (som var så innmari falsk) og tulla i senga deires!
Vi må holde for øyrene når de skyter med kanon! No har Sabeltann komt heim frå tokt!
Her er han - kapteinen sjølv! Det gjekk ann å ta båten, men det var så lang kø at det valgte vi vekk.
Ungane var med på Kaptein Sabeltann's Sjørøverskule! No er de "ekte pirater", noko storebror forteller alle om når de spør kva vi har gjort i ferien!
Is er viktig og godt! Dyreparken is'en er perfekt! Mmmmm.....
"Og alle passasjerer får en liten kake hver" Vi steiker i sola for å få vere med trikken i Kardemomme By. Verdt det! Og med verdens kulaste trikkefører Syvertsen må det berre bli bra. *latterkrampe
Mot slutten av dag to fikk ungane sukkerspinn før de tok ein siste liten karusell og traska ut. To dagar var nok når det var så varmt, men vi hadde da valgt ut det vi ville sjå - og kunne vore der minst to dagar til for å få med oss alt. Og da var vi ikkje ein gong i nærleiken av badelandet! Ungane fikk velgje seg noko frå butikken. Storebror ville ha ein blå slange, og lillesøster denne "babyen".
"Babyen" (fordi "NEI! Den heter ikkje Julius! Den heter baby") blir tatt godt vare på framleis, og får sove i seng med "mamma" kvar natt :)

Dyreparken leverer! Det er ingen tvil om det!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...