søndag 10. august 2014

Flekkefjord og Hidra

Etter 10 dagar med ferie i Sogn og Fjordane og 4 dager heime i Bergen, pakka vi bilen på nytt og køyrte sørover. Første stopp var Flekkefjord der vi skulle vere tre netter på Egenes Camping. Sidan vi ikkje skulle vere så mykje på campingen hadde vi leigd ei hytte utan vatn og toalett. Det hadde absolutt ingenting å seie; for sjekk ut utsikta vår!


Her ser du hytta - like ved ei eiga lita sandstrand! Stranda var open for alle, men det var kun vi som brukte den. Dette er luksus i tropeheten som var i sommar! Vi bada kvar dag, mykje eller lite, alt ettersom kva planane var.
Dette er feriekoppane våre i plast som vi har med oss på camping kvart år. I hytta hadde de den søte gryta.
Denne utsikta hadde vi altså frå verandaen på hytta "vår"! Heilt nydleg!!
Vi var i Flekkefjord saman med utflytta kjentsfolk, så vi vart invitert heim til familien deires på middag to kveldar. Eg lot meg imponere over avlinga de hadde i hagen - både epler, pærer, plommer, jordbær, agurk, tomat, stikkelsbær, rips og solbær!
Ein førmiddag tok vi ferja over til Hidra. Her gjekk vi opp på Høgåsen for å spise lunch. Denne dagen var det også steikande hete, men det var ein del vind, så det gjekk fint ann å gå den gode halvtimen oppover for å nå toppen. Og der venta oss ei utruleg utsikt:


Her oppe åt vi lunchen vår, og leika lenge i kystbatteriet som var her. Mange spanande ganger under jorda - vi storkosa oss! Vi gjekk etterkvart ned igjen og køyrte til "Isbua" for å kjøpe - ja - is.

Lillesøster og ein liten venn.
Flekkefjord var verkleg ei lita perle! Ekstra hyggleg var det sjølvsagt å vere saman med gode venner, og å treffe andre fine folk! Flott stopp på veg sørover! Måndags morgon var vi i bilen kl.08:00, og var framme på parkeringa ved dyreparken før parken opna kl.10:00. Bilderas frå dyreparken kjem! :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...