lørdag 31. mai 2014

Soccer mom

Frå wikipedia: The phrase soccer mom broadly refers to a North American middle-class suburban woman who spends a significant amount of her time transporting her school-age children to their youth sporting events or other activities

Med eit år som au pair på CV'en min har eg levd som soccer mom i eitt år, og ikkje minst hatt gleden av å sjå fleire av de. Det er mannen som har storebror sin fotballtrening og cuppar som ansvars- og interesseområde. Men samtidig er alt storebror bedriver tida si med mitt ansvars - og interesseområde, så eg følgjer opp der eg kan når eg kan.


Eg trivast ikkje heilt saman med de andre fotballmammaene. Altså; det er jo forskjell på de - slik det er på alle - men de mest hardhausa (med andre ord: de som har eldre unger som også spelar fotball og derfor har stått på sidelinja av ei fotballbane de siste 6 åra medan eg har vore opptatt med andre ting) finner eg rett og slett ikkje på noko å seie til.

"Ehh, er du alltid slik?"




På fotballcup sist søndag trakka eg i alle fall skikkelig i salaten. Storebror sitt miniputtlag spelte mot eit anna lag der spelarane var litt ubestemmlege i alder. Ikkje var de spesielt flinke å spele heller. Derfor spurte eg ei mamma frå det andre laget

"Er barna dokkes også 08?"

Smilet hennes stivna,

"Nei. 2 0 0 9."

Oooo, ok. Beklager. Kremt, de oppfører seg litt barnslig da -----

Lillesøster liker også å vere med - vi har med Hello Kitty-ballen hennes, også er ho opptatt med den i 3 x 30 min. 

Læringskurven er bratt. Neste gong skal eg stå kun saman med mammaene og pappaene frå storebror sitt lag. Der har de fleste ein del humor, da går det meste greit.


Til å vere idrett er desse fotballfolka lite interessert i kosthold. Pølser, brus og is er ikkje ok for barn som trener! Vi pakker med oss eigen mat og drikke. Eg merka at eg vart kjempeglad når storebror sitt lag scora mål. Men det er nok andre fritidsinteresser eg kjem til å føle meg meir heime i. MEN, så er jo det irrelevant også da. Storebror føler seg heilt fint heime i fotball - i den grad han får med seg noko utover ball, kamerater, pokal og fotballsko! :)

fredag 30. mai 2014

Hatt over hatt

På Mallorca "måtte" vi jo kjøpe billige hattar! Lillesøster ville ha denne kule rosa hatten, medan storebror gjekk for den meir tradisjonelle caps'en.
Finaste smilet på den finaste jenta!
No er det så flott vær i Bergen at de har brukt desse kvar dag i barnehagen også. I dag er det planleggingsdag i barnehagen, og sidan mannen begynner i ny jobb på måndag fikk han fri i dag.
Kulaste kisen i Alcudia! Og ja - med ny EKTE Barcelonadrakt - oh fotballykke!
Eg har bytta ut eine løpetreninga mi denne veka med 2 mil på sykkelsetet i dag, 1 mil til jobb og 1 mil heim. Fytti kor tungt det var å sykle kl.07:30 i dag! God morgon til kroppen - her skal du få slite! Det var kroppen min IKKJE vandt med! Heimover gjekk det finfint!

Det skal bli godt med Tax free-snop i kveld - jummis!! ;)

torsdag 29. mai 2014

Nok ein ferieaktig dag!

For ei veke sidan var det sol og sommar på Mallorca. Mallorcastyle er basseng, strand og hav. Sol og sommar Bergenstyle er ut-på-tur; i dag: FJELL! Ungane fikk velgje fjell i dag tidleg. Lillesøster sa Løvstakken (eller Loffstassen som ho kalte det i dag :) ), og storebror ville gå 7-fjellstraseen opp på Ulriken. Tursjef (meg) tente på Ulriken, så da blir det Ulriken på oss i dag.


Ulriken er storebror sitt yndlingsfjell. Han liker det nok fordi det er Bergens høgaste, og derfor litt stas, men også fordi det er is-sal på toppen, og så bratt ned at ungane får ta Ulriksbanen ned igjen. Mannen er med de medan eg jogger ned.

Håper du også har ein fin fridag med sol og det du liker å bruke fritida di på!

onsdag 28. mai 2014

Kveldsmat og trening

Vi utnytta sola til fulle i går, og klipte heile plenen, samt ein del av hekken. Dette er første gong vi klipper plen i sommar; og no ser den flott ut! Mosen også;)

For nokre veker sidan fikk eg tilsendt Smørbar Sheddar frå Likenshare. Eg har spist den som pålegg på knekkis, men den kan også brukast på andre måtar. Eg likar godt cheddar på hamburgere, og overgongen til pålegg var ok - men smaken er veldig mild - slik at ein faktisk må ha ganske masse på (mykje meir enn eg har på mine knekkebrød) for at smaken skal komme fram. Men da er den god altså!

Hæ? Trur du eg har stæsja kveldsmaten min? Neida...
Eg er litt opphengt i mat akkurat no. Treninga til halvmaraton er hard, og målet er å bygge muskler og utholdenhet - ikkje å gå ned i vekt. De dagane eg trenar må eg spise mykje meir til kveldsmat enn det eg gjorde i går (biletet), eg må berre finne på noko som er godt! I dag kjenner eg det i begge armar, og mage/rygg etter å ha jobba i hagen i halvanna time, så kveldsmaten burde sikkert ha vore større i går også.

I dag er det intervalltrening som står på planen. Pyramideintervall - heilt forferdelig tungt, men fantastisk effektivt!

tirsdag 27. mai 2014

Mallorca - nokon glimt

Inspirert av Mallorcaværet som er i Bergen i dag deler eg nokon glimt av Mallorca-ferien vår som vi hadde sist veke! Vi valgte å reise i mai sidan prisane er langt unna det de er i juli, og fordi det no er god, norsk sommarvarme der. Havet var også ganske varmt, vi kunne bade så lenge vi ville utan å bli kalde - det er stas! Vi hadde sol kvar dag, men to dagar ikkje heile dagen. Etter endt veke der følte vi oss vel fornøyde med sol, strand og slaraffenliv! Deilig! B)

Alcudiabukta der hotellet vårt låg ved Playa de Muro. Langgrunt og 10 km strand.

Tre av fire hadde lakkert tåneglene i sommarfargar før vi reiste!

Mine nye TOMS!

Kulaste isen i kiosken! Deilig vannmelonis! Is kvar dag er eit must på ferie!

Lillesøster kjøpte seg sommarkjole og var rett og slett til å spise opp med sommarvarm hud og flagrande brunt hår!

Gode venner - storebror og lillesøster leiar kvarandre heimover etter ein dag på stranda. Prinsesse/barn og prins/ridder var ein gjennomgåande leik heile veka.

Hotellet vårt hadde det kulaste barnebassenger eg har sett! Her var vi kvar formiddag de 5 dagane det var sol. Det var ein del vind, men her var det nesten vindstille og kjempevarmt! Lillesøster er ei badenymfe, men her har ho endelig tatt seg tid til å varme seg litt i det nye Doctor McStuffins-handkleet sitt. Storebror levde på de flytande madrassane som var i bassenger og var opptatt der. Han er godt brun på ryggen! :)

Sjå hotellet vi budde på på Apollo sine sider.

mandag 26. mai 2014

Business as usual

Åh kor trøtt og slapp ein blir av å ha ferie! Eg har brukt dagen på å prøve å ta igjen ei veke med ubesvarte mailar, søknadar og behov på alle kantar og kan IKKJE seie at eg blir tom for jobb de neste dagane (ei heller er det eit mål, men det hadde vore godt å komt i rute igjen).



Huset vårt har ikkje hatt det så tørt og fint som oss, så vi har mykje jobb foran oss - heime også.

Også var det halvmaratonen da. Treningsfri er over, og eg er spent på korleis turen blir i dag :) Først må vi berre hente katten, og kjøpe nye sandaler til lillsøster som har vokst i beina etter ei veke på Mallorca!

Godt det berre er seks veker til sommarferie. Og godt at vi har fri på torsdag!

søndag 25. mai 2014

Laval sin borg

Vi må dokumentere i alle kanalar!
Storebror er tålmodig når det kjem til visse ting. Det har komt klart fram det siste året da han har spart pengar til Laval sin borg. Laval sin borg er ein del av Lego sitt konsept Chima. Eg veit ikkje heilt kva det handler om, men det er noko energikuler, "chi", som er topp stemning. Det er vel det eg kan. Laval er ein karakter i denne verdenen.
Anyways, da hadde storebror spart lenge, alt han fikk og fann vart lagt i lommeboka og skulle bli brukt på Laval sin borg. Denne var ny i fjor, og kosta rundt kr.1000,-, så det tar lang tid å spare. Det såg ut som om han med 6-årspresangpengar skulle komme opp i riktig sum, men så kom farmor på besøk med ein STOR PAKKE!
Og der inni låg Laval sin borg! Storebror vart heilt stum og stiv før han pressa ut med tynn stemme "Laval sin borg". Det var nesten så han ikkje trudde det! Han som hadde spart så lenge, og no fikk han den i staden! Denne er 8-14-år, noko som betyr at den er vanskelig å bygge, men det var ingen problem. Han fikk litt hjelp innimellom, men klarte det meste sjølv. Og borga vart knallstilig!!
WROOOM!

Pengane han hadde spart opp vart brukt til å utvikle musikergenet. Resten har han liggande. Eg lurer på om han snakker om ein sparkesykkel. Det hadde i alle fall vore ein fin ting å bruke pengane på :)

lørdag 24. mai 2014

Fjell eller fly?

I dag er det Ulriken Opp, eit motbakkeløp som vi i fjor haust bestemte at vi skulle vere med på. Men når datoen nærmar seg, og ein ser på ferieturar i mai, kunne vi ikkje velgje å reise ein anna stad KUN fordi vi hadde lyst å traske opp på fjellet saman med hundrevis av andre folk. Derfor er vi IKKJE ein del av arrangementet i dag, sjølv om vi hadde aldri så lyst.

I staden har vi siste dag på Mallorca, og flyr heimover midt på dagen. Det er godt at vi fann laurdag som reisedag. Det er nok på sin plass å vere heime i morgon, pakke ut og vaske klær. Lande mentalt, og forberede oss på seks veker med jobb og barnehage før vi skal ha fire veker sommarferie. Skal ikkje seie noko på feriehyppigheten ;)

fredag 23. mai 2014

Bergen!








Storebror ved Lille Lungegårdsvann. Hovedbiblioteket rett på andre sida av vatnet, og Ulriken i himmelsynet.

torsdag 22. mai 2014

Kanelbollar

Etter at vi besøkte Bakeriet i Lom i fjor sommar har eg drøymt om kanelknutane deires! Eg har sett "how to" på youtube - altså korleis ein snurrer og knytter slik at det blir smør og sukker og kanel OVERALT og det berre smakar himmelsk! Vi var på besøk hos nokre venner vi har som er frå Sverige da det var Kanelbullans dag (4.oktober), og da fikk vi servert noko som var tett oppi Lomsnurrar, men eg gløymte heilt å spørre korleis de hadde gjort det. Og bollebakingsnurringteknikk er ikkje noko ein kjem så lett innpå ellers i året.

Derfor er eg grøn, eg har prøvd, men eg får det ikkje til. Men eg er derimot blitt ein kløppar med god deig, tynt utrulla og perfekt mengde sukker, smør og kanel samanrulla til kanelbollar. Det blir godt altså! Ungane får alltid eigen deig som de jobbar med, og det blir akkurat like godt, og med litt meir fantasifulle formar.

Kanel i svingane heiter det jo også. Mmmm, godt er det i alle fall! :) Og som ansatt i Bergen kommune hender det jo at vi får desse gode bergenske skillingsbollane når vi er på ulike samankomstar; snadder altså!

onsdag 21. mai 2014

Fatimas hånd

Denne boka er den tjukkaste boka eg har hatt ståande på vent på åresvis. Derfor har den også blitt valgt vekk fleire gonger. Men no som eg skulle ut på tur tenkte eg at det var på sin plass å fylle kofferten med denne mursteinen av ei bok, og sjå kor langt eg kom.

Forfattaren, Ildefonso Falcones, har skrive ei bok tidlegare, Havets katedral, som eg las på bryllupsreisa vår i 2009 og som eg elska! Eg las rundt 100 sider av Fatimas hånd før eg reiste, og ein er med frå første side! Han er fantastisk god å skape univers i språket sitt! Denne boka solgte forresten 50 000 eksemplarer i Spania første dagen den var i salg! Ei etterlengta bok med andre ord :)

tirsdag 20. mai 2014

Vi digger Pulverheksa!

Vi er flittige brukarar av biblioteket - og da også lydbokhylla de har her på det lokale biblioteket vårt. Vi har lagt vår absolutte elsk på Den store Pulverhekslydboka og Den andre store Pulverhekslydboka! Bifigurane i boka, Drømmeprinsen, Suppegjøken, Krokodillen og de andre er lest av Gustav Nilsen som gjør de om til Ari Behn (Drømmeprinsen), Morten Harket (Suppegjøken) og Jostein Pedersen (Krokodillen) og fleire andre hysterisk morsomme karakterer. Når vi har lånt desse er det de vi høyrer på kvar einaste ettermiddag. Da storebror fikk besøk av ein kamerat slo de på lydboka da også, og vart sittande å høyre medan de spelte litt fotballspel, pusla puslespel, eller berre låg slengt omkring foran stereoanlegget.

Eg ser at de har gjeve ut Den tredje store Pulverhekslydboka OG Den fjerde store Pulverheksboka, så neste gong vi er på biblioteket må vi spørre de om de kan kjøpe de inn. Apropos bibliotek - når du er skuleunge får du ditt eige bibliotekkort - trur du det er stas eller?

mandag 19. mai 2014

Heimelaga økologisk tomatsaus

Annankvar veke får eg levert ei kasse med økologiske frukt og grønsaker på jobben. Det er Finnegården på Voss som køyrer til Bergen og leverer, og på jobben min er det fire som "abonnerar" på varer derfrå. Eg elsker tomater, men når eg får ein kilo tomater i kassen min - som ikkje er spraya og derfor rotnar fortare enn de ein får i butikken - må noko gjørast.
Ein kan jo berre snope tomater da, men det blir litt kjedelig. Til og med for meg!
Derfor - hakk og hakk - her skal det lagast økologisk tomatsaus! Eg surra de opphakka tomatene i ei kjele med olivenolje, eit par fedd kvitlauk og ymse krydderier som eg likar.
Eg lot det stå ganske lenge på omnen. Kanskje rundt ein time slik at smakane fikk satt seg skikkelig (og medan vi lagde og åt middag - så heilt ærleg? Eg gløymte at eg laga saus. Det gjør sikkert ingenting).
Etterpå ser det absolutt ikkje friskt og godt ut, men det smakte deilig! Etter at det var kjølt ned fryste eg det slik at vi har det klart neste gong vi lagar pizza. I'm loving it!

søndag 18. mai 2014

Fotbad!

Vi må lære ungane om det gode liv! Og det gode liv etter lange fjellturar (og HEILT SIKKERT etter halvmaraton) er fotbad! Gjerne på verandaen i solskinn og fuglekvitter.

Lykken er jo å dele alt, men når eg skal dele fotbad med lillesøster går det gjerne slik at eg knapt nok får duppa tærne oppi før ho kjem med meir eller mindre heile seg. Da er det bra at ho er så inni granskauen søt!

lørdag 17. mai 2014

Fly og fly avsted

På togbanestasjonen i Bergen. Klar for sju timers togtur til Kongsberg.

I år seier vi HIPP HURRA FOR NOREG SOM FYLLER 200 ÅR også flyr vi avgårde. Vi feirar at storebror snart er skulegut (og da er det klin umogleg å få fri utanom skuleferiane) og at mannen straks har gjennomført tre år med etterutdanning! I ei veke skal vi vere på Mallorca og bade, spise is, og berre vere saman. Det har vi gleda oss lenge til!

Her på bloggen kjem forhandsskrivne innlegg - det er dårleg med nett i ferieland, og eg har med meg ei bok på nesten 1000 sider som eg håper eg får lest :)

fredag 16. mai 2014

Innlevering og sommerfugler i magen

I dag leverer mannen inn hovedprosjektet - avsluttinga på 3-års etterutdanning! 185 sider er skrive og printa ut! Den siste månaden har han jobba intensivt med oppgåva, saman med de tre andre som han har vore på gruppe med. Det står respekt av klare å gjennomføre tre år med tøff skulegong i kombinasjon med 100% jobb, to barn, kone, katt, hus, halvanna mål tomt, garasje og stasjonsvogn! Eg er kjempestolt og veldig imponert!

No gjenstår det mogleg eksamen, samt eit foredrag de skal holde for klassen som del av hovedprosjektet. Alt dette kjem etter ferien vår, og eksamen kanskje alt måndagen - ein dag etter at vi er komt heim - så han pakker med seg skulebøker i tilfelle han blir trekt opp.

Kva skal han bruke all den ekstra tida til? Kva skal eg gjøre no som eg har blitt vandt med å sjefe over fjernkontrollen?




Uansett vokna vi med store smil i dag - i morgon flyr vi til sørlige strøk! Vi gleder oss så vi nesten spreller oppetter veggane! I går pakka vi, og vaska hus. I dag skal vi levere Puste til kattevakten vår i Fyllingsdalen, få på plass de siste tingene også håper eg at eg får meg ein joggetur. I morgon - Mallorca!

torsdag 15. mai 2014

(u)tett i pappen

Dette takskifteprosjektet vårt går ikkje så raskt som eg hadde håpa. No skal det vere sagt at eg helst skulle ønske at ting vart gjennomført med ein gong, og helst i går, men eg blir likevel utolmodig. Eg har vore utolmodig i rundt to veker. Mannen vart utolmodig i går. Og når HAN blir utolmodig - da blir eg litt redd og sint, for da er det krise altså!

Men no håpar vi at takmannen har rive det gamle taket iløpet av dagen. Han valgte ein knalldag by the way. For første gong på vekesvis regna det skikkelig! Og blåser!

Vi bruker ettermiddagen på å vaske hus og begynne pakkinga. Om to dager er vi på Mallorca. Å hildranne du!

onsdag 14. mai 2014

6-årskontroll

I barnehagen jobbar de med "skrivedans" som skal hjelpe ungane å lettare skrive med jamne rørsler.
I dag sov eg og ungane til nærmare 8 - det var godt! Storebror skulle på skulen i dag for å treffe helsesøster og skulelege for å gjennomføre 6-årskontroll. Etter at vi hadde levert lillesøster i barnehagen reiste vi på skulen der vi i ein heil time hadde samtale og undersøkelse med både helsesøster og lege. Skulelegen denne dagen var fastlegen min/vår, så det var ekstra kjekt! Storebror var litt sjenert til å begynne med, men de var veldig flinke, så han prata snart som ein foss og fortalte om fotball, barnehageorganisering, kven som var eldst av de eldste i barnehagen, Mallorca, mangelen på lause tenner og kor gammal "ein gammal" er.

Han er litt over gjennomsnittleg lang og ein god del under gjennomsnittleg tung. Men sidan han er frisk og fin er ikkje det noko de ville gjøre noko med - han har vore langt under vektstreken sidan han var fødd. Sprøyta han fikk i dag fikk han ikkje ein gong til å blunke, det var absolutt ingen problem!
Jobbe med alle fargane i skalaen!
Hos legen hadde han fint syn, godt hjarte og tøylege bein. Legen poengterte også etterpå at han hadde lagt merke til at storebror satt i ro mens vi snakka, svarte skikkelig på alle spørsmål, og at han kunne ta imot ein beskjed og utføre den. Det var alle ting som var viktig i skulen, derfor var det tommel opp, storebror er skuleklar! Storebror skinte opp som ei sol og var supermegahappy! Mammaen er stolt og kry over den flotte snartskuleguten vår!

Vel tilbake i barnehagen fikk han alle til å samle seg rundt han slik at han fikk vise fram plasteret han fikk på sprøytestikket. Stor stas!

tirsdag 13. mai 2014

Bursdagsbarn

For 33 år sidan vart eg fødd, to veker på overtid. Hipp hurra for meg i dag! Trist, men sant, så var det på jobben det var mest tjolaheisann for meg. Mannen leverer hovedprosjektet på torsdag, så han reiste rett frå jobb til skulen i dag for å ha møte med vegleiar og samarbeidsgruppa si. Storebror skal i karnevalbursdag til ein kamerat som har bursdag i dag (han også). Så det blir mykje fram og tilbake med henting og levering og kun ein voksen. Dagane har for få timar for alt vi vil ha gjort, så da blir det hovedveg med fire filer, også får vi suse litt rundt og prøve å holde oss på vegen. Men slik er livet mitt som 33-åring akkurat no. Og det er akkurat slik eg vil ha det!
I går reiste mann og barn på butikken for å kjøpe gåve til meg. Eg var heime aleine, men skulle ut på joggetur. Men kven var det som havna å horisontalen på sofaen og slokna som eit lys? Da eg vokna var det umogleg å bevege seg (kjentes det ut som), så det vart ingenting av joggeturen som var planlagt (og sett fram mot). Håper mitt for bursdagen i dag er derfor at energien er nok på plass etter at mannen har komt heim til at eg kan ta meg ein tur ut. 40 minutter jogging står det på treningsprogrammet mitt. Just do it!

mandag 12. mai 2014

Trening og treningsfri

Første veke av halvmaratontreningsprogrammet mitt er gjennomført. Knallgøyt, men tøft som berre det! Pollenallergimedisinen min gjør meg tørr som ein ørken i munnen, og faktisk er det akkurat det som er mest plagsomt under treninga! Treninga er tøffare og tøffare for kvar veke - men denne veka blir det kun to runder før eg skal ha ei heil veke treningsfri. Det skal nok gå heilt fint, motivasjonen er på topp! Når eg skal drive opptrening på sommaren slik som no blir det nokre treningsfrie veker, men det er kalkulert inn alstå ;)

Om kun fem dager er det farvel Bergen og hallo varme, sjørøverbadebasseng og fri til å berre vere saman. Det trenger vi.

søndag 11. mai 2014

Enkel dessert med banan

I påska prøvde vi oss på ein ny dessert. Ny og ny fru Blom; men ny for oss. Veldig barnevennlig - ikkje så hakkande gale usunn, og få ingredienser.

La ungane skrelle sin eigen banan og leggje den fin på fatet sitt. Hell over smelta kokesjokolade, og la de pynte med ønska (mengde) kakepynt. Smell på ein dæsj med iskrem også hiver de innpå før sjokoladen har smelta.

Nam, nam for voksne og barn!

lørdag 10. mai 2014

Middag ved Kyrkjetangen

I finværsperioden vår i april var vi ute og utnytta dagane maksimalt! Ein torsdag etter jobb inviterte vi med oss ein vennefamilie til grilling på Kyrkjetangen ved Nordåsvannet.


Ein skulle tru vi måtte knive om plassen på ein så fin dag, men det slapp vi altså. Sandstrand og vatn heilt for oss sjølve! Vi hadde med utstyr til graving i sanden, men denne dagen var det meir interessant å kaste steinar, prøve å kaste flyndre, hoppe frå stein til stein, og klatre. Ja, også tisse i vatnet da. Det blir aldri kjedelig!


Klatreunger!
Neste gong vi ser desse har guten øverst på biletet over blitt storebror. Kjekt med venner som føder nye venner!

fredag 9. mai 2014

Helt om natta, helt om dagen


I dag var det trøtte tryner i alle senger.

Lillesøster og storebror var hight på livet i går - slett ikkje trøtte. De leika stille på rommene sine, men eg trur klokka var langt over 21 før det endelig vart stille.

Sjølv satt eg oppe for å passe på at Noreg gjekk vidare i København. Få dagar etter at Carl Espen vann den norske finalen gjekk eg forbi han i byn. "Kvar har eg sett han før? Det er noko kjent med de augene og det blikket" Eg hadde gått forbi han før eg kom på kven det var, så det var den sjansen for ein god selfie med ein flink songar! Men altså - sidan eg har SETT HAN I LEVANDE LIVE heiar eg litt ekstra på han. Songen er jo grådig fin også, i alle fall det første minuttet!

Mannen skal om nøyaktig ei veke levere inn hovedprosjektet som er avsluttninga på tre år med etterutdanning. Gruppa ligger godt ann (eg har lest heile oppgåva og den er bra!), men det er mykje ekstra arbeid for han og han sitter både på ettermiddag og langt utover kvelden. Han har ikkje vore i seng før midnatt på fleire veker. Da blir ein trøtt neste morgon kl.06:00.


Vi kom oss opp i dag. Vi gjorde det. Vi utførte jobbane våre upåklagleg (leser sjefen min denne bloggen?) (eg har i alle fall fått gjort mykje i dag) og ungane leika som berre det i barnehagen. No er det helg på 2 av 4. I morgon må eg jobbe litt, men tar med meg storebror. Lillesøster skal på venninnebesøk og mannen skal jobbe med prosjektgruppa si.

Men om ei veke - da er det andre boller! ;)

torsdag 8. mai 2014

Om det å parkere i Oslo

No har "takmannen" satt to store containere foran garasja vår. Heldigvis gjør det ingenting, for vi har parkeringsplass øverst i hjørnet på eigendommen vår, også kalla "Oslo". I Oslo står trampolina, noko bringebærbusker og nokre andre plantevekster. Også parkeringsplassen som var brukt som hovedparkering før garasja vart bygd på det andre hjørnet.

I dag tidleg trakka altså vi gjennom fuktig mose, forbi ikkje mindre enn 548 brunsneglar (som alle vart nøye studert og kommentert av storebror) og nokre blomar og grastustar for å komme oss opp til Oslo der bilen vår no står. Det er ikkje meir som skal til før ein har kjensle av at "alt er nytt", "eg burde ikkje ha tatt på meg de nye, fine skoene i dag likevel" og "eg har SÅ lyst å hoppe på alle sneglane, men da blir 1)storebror sint og 2)de nye skoene klissete".

Vi er jo heldige som har Oslo. Men det er vel eit spørsmål om tid før storebror synes det er trist at han ikkje lenger kan klarte opp Pepperkakefjellet som ligger mellom garasja og huset vårt. Godt det berre er midlertidig :)

onsdag 7. mai 2014

Kort til konfirmant

I helga var vi i konfirmasjon til den siste av mannen sine søskenbarn. Den neste konfirmanten på hans side er storebror - hjelpes! Kortet pynta eg med blå og kvite papirblomar, og bakpå limte eg eit dikt "Våg å være" av Hans Olav Mørk. Ein flott konfirmant, og ein finfin dag! Etter kakene vart svigermor og de to barna til svigerinna mi med oss heim der mormor/farmor passa fire unger medan vi andre tok turen til vinstue i byn for å ha søskenbarntreff - for oss over 18 år.

Ungane hadde sovna i nesten normal tid, og vi hadde det så gøyt ute at eg hadde gangsperre i ansiktet på søndagen fordi eg hadde ledd så mykje :)
Bra dikt til ein konfirmant!
I dag kjem det "jobbemenn" for å rive taket vårt. Vi er spente på å sjå korleis huset vårt ser ut med stillas rundt, og håpar de held seg godt fast oppå der!

tirsdag 6. mai 2014

7-vekers meny

Matrettane med sidetal er frå kokeboka "Jamie på 15 minutter" - knallgode oppskrifter!
Er det EIN ting vi kan seie at gjør livet vårt så mykje enklare - så er det 7-vekers middagsmenyen vår. Vi hadde fram til i vår 6-vekers meny, som fungerer like bra, men så hadde vi så mange rettar som vi likte, så vi utvida med ei veke. Vi går igjennom denne veke for veke, også begynner vi på nytt etter 7.veke.

Det tok tid å utarbeide eit skikkelig førsteutkast (eg gjorde det da eg var i permisjon med lillesøster i 2010), men når det først er gjort fornyer eg den rundt to gongar i året. Da tar eg vekk rettar vi er leie av/ikkje liker SÅ godt, og set inn nye. Eg passar på at det er likt fordelt med kylling, laks, kvit fisk, kjøttfarse og vegetar iløpet av ei veke. Eg har også to "helgemiddagar" i kvar veke, som tar litt lengre tid å lage. Som pizza og fiskegrateng. Har matrettane "halve" ingrediensar, ein halv squash, ein halv kinakål etc er menyen lagt opp slik at resterane halve blir brukt i ein rett seinare den veka, eller veka etter.
Kvar onsdag skriver eg handleliste utfrå neste vekes meny, også handlar eg og lillesøster mat for den neste veka (torsdag til onsdag) medan mannen og storebror er på fotballtrening. Når ein handlar kun ein gong i veka sparer ein også penger.

Middagsmenyen sparer oss for masse tid og frustrasjon, tomt kjøleskap og ekstraturer på butikken. Vi veit kva vi skal lage, og vel ønska middag for dagen utfrå lista. Ingen tankekraft er behøvd. Nice :)

mandag 5. mai 2014

From this day...


...er det ingen slingring i valsen. Ingen "kva vil eg trene i dag?". Ingen planlaus løfting av tunge ting berre for å oppnå den høgaste lykke - gangsperre! Frå i dag er det joggetrening som er tingen. 6.september, altså ein dag og 4 mnd frå no, er det halvmaraton og eg skal jogge meg gjennom 21 097,5 meter. Opptreningsplan er satt opp og skrive ut, og no er det ingen veg tilbake.

De skal få kjørt dykk skikkelig! (i betre sko)

Synd det regner i dag. For første gong på 32 dagar. Meeeeeen: nothing's gonna stop me now!

søndag 4. mai 2014

Sønsdagsro!

Det som ikkje er så fint ved at det er sol og flott vær i vekesvis er at inne blir det grådig rotete! Klesvasken hoper seg opp, og sidan vi knapt nok er inne blir det ikkje så kosleg (ryddig) der. Derfor er det litt bra at det ikkje er sol og tjue varmegrader i dag. Vi skal bruke dagen på å slappe av heime og i hagen. Rydde litt om vi gidder - og eg MÅ vaske klær. I ettermiddag skal vi på teater, men før det skal vi ha heile dagen heime, berre vi fire, og det er første gong sidan 22.februar. Det blir godt og naudsynt!

Sist søndag var det sommar, og vi køyrte til Kollevåg på Askøy for å leike i vannkanten og grille med ein vennefamilie.
De hadde med seg håv, og det må vi også skaffe oss - det var knallgøy! Krabbebøttene kjøpte vi ein stad ved oslofjorden i fjor sommar.Gjennomsiktige bøtter er nesten eit must når ein leikar ved vatn.
Det er så fint i Kollevåg! Det var fult av barnefamiliar der denne søndagen, mange bada også. Men det var kjøleskapskaldt i vatnet, så vi vassa og var fornøyde med det! :)
Etterkvart fikk særleg storebror seg mange tilhengarar som hjalpt til å lage elver og demingar. Men da måtte vi sjølvsagt gå. Heldigvis vart ikkje det noko problem; "Eg berre spør de om kva husnummer de bur i eg, så veit vi det til neste gong vi treffer de!"

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...