mandag 30. juni 2014

Ei variert treningsveke

Eg hadde den perfekte treningsveke sist veke! Det blir fort litt einsformig med jogging som einaste trening; men hjelpes altså - sist veke var GØY! Med ein mil jogg på måndag, Ulriken, Vidden, Rundemanen og Fløyen på onsdag, også noko heilt nytt: Åtter på fredag!

Lånt frå wikipedia


Treningsdelen av blåturen på fredag var ein time i Åtter. Eg satt fremst i båten, som nummer ein - altså den som er bakerst på dette biletet. Alle sitter med ryggen mot køyreretningen på den 17 meter lange båten. Styrmannen, eller cox, sitter og ser at vi ikkje kræsjer i noko :) Det var knallsupergøy, og ekstra kjekt at cox gjentatte ganger sa at "det er synd ingen av dykk ser einaren, for ho ror heilt perfekt!" hihi* Etterpå kom han bort og helsa på meg "du MÅ da ha rodd tidlegare!" Eit naturtallent altså. *nasaisky Vurderer å seie opp jobben i kommunen, og heller bli roar på heiltid! 

I går var ungane i bursdag, så eg og mannen heiv på oss treningsutstyr og sykla til Lyderhorn der vi gjekk opp så fort vi klarte, også ned igjen - sykle heim, og der var det på tide å hente ungane igjen. Han fikk valget mellom å jogge med meg, eller gå på fjellet - og han valgte fjell.

Derfor var det fire knalltreningar eg fikk gjennomført sist veke - kjempegøy!! Kun ein jogging; men fleire mil på føttene, og nokre kilometer på sjøen - med vannblemmer i hendene og eit stort glis! I dag er det ei ny mil med joggesko - og på laurdag ventar ein av de store turopplevingane som er planlagt i år! Eg krysser fingrane for klarvær ;)

søndag 29. juni 2014

Prinsessekjeks

På taxfree'en på Mallorca fann eg verdens søtaste kakeboksar heilt bak og innerst ved veggen. De hadde fleire ulike motiver, alle Disneyprinsesser - og lillesøster fikk velge seg ut ein.

Det er ein skikkelig tinnboks som vi kan bruke til julekaker eller liknande. Eg liker at vi kan bruke den vidare når den er tom.
Oppi var det kjempegode kjeks, vi kallar de prinsessekjeks, og innimellom spiser vi to kvar til dessert etter middag. Ja, også midt i veka. :)

I dag er ungane i bursdagsselskap, så blir det nokon som får dessert i dag er det ikkje de (og da blir det heller ikkje oss).

lørdag 28. juni 2014

Barnehagebursdag!

Lillesøster og ein kamerat frå barnehagen ved eit tidlegare besøk hos oss.
Sidan lillesøster er fødd midt i tjukkaste fellesferien feirar vi for første gong bursdagen hennes i juni (også) slik at alle vennane frå barnehagen kan komme på fest. Lillesøster er ei sosial jente med mange venner; og det har vore stas heile veka å snakke om at ALLE VENNENE skal komme heim til OSS!

I dag er vi 13 barn rundt bordet - og ein del voksne. Nokon av vennane har med seg ein foreldre, det er ikkja alltid det er like kjekt å bli forlatt i eit framandt hus, sjølv om ein kjenner nesten alle som er der. Eg skal prøve å ta bileter innimellom mat, pakkeleik, fisking og leiking slik at eg kan vise frå festen seinare. Vi planleggjer standard opplegg de to timane det heile varer - og gler oss stort!

Rett etter festen stikker mannen avgårde for å gå på Iron Maiden-konsert i byn. Det skulle vel eigentlig berre mangle etter denne veka der fruen i huset har køyrt egotrippløp fleire kveldar. Så da blir det opprydding og nedroing hos oss resterande tre resten av dagen.

fredag 27. juni 2014

Barnehagebursdagmat

Da storebror begynte i barnehagen som de no går i vart vi overraska over kor ofte det var kaker og is på avdelinga. Det er ikkje ein stor barnehage, men det var nok unger til at det vart mykje snoping! Det første året han gjekk i barnehage gjekk han i ein liten barnehage som var sukkerfri. Heldigvis - etter eit halvt år med kaker i "ny" barnehage - vart det bestemt at også denne barnehagen skulle bli sukkerfri!

Det er vanleg at bursdagsbarnet har med seg noko til avdelingen som alle koser seg med på dagen. Ein fin ting - men det betyr også at det er enda ein ting vi må tenkje på før bursdagsfeiring - som om det ikkje er nok styr de dagane uansett. Det er berre å brette opp armane.

Her kan ein gjøre det enkelt - ein vannmelon, frossenpizza nok til 21 unger, nokre pølser i brød - men ingen av mine unger har ville ha noko enkelt. Enda. Dette var det storebror hadde med seg da han vart seks år i mars: frukt- og bærspyd:
Det som tok lengst tid her var faktisk å skaffe grillpinner i mars. Hjelpes! Ellers var det ganske raskt gjort, og det var hyggleg å levere det saman med ungane neste dag.

Denne veka spurte eg lillesøster "Kva vil du ha med deg i barnehagen på fredag?" Vi leiker nemmleg 4-årsdag denne helga no før barnehagen stenger før sommaren og alle reiser vekk på ferie.

"Hmm, la meg tenke! JA! Fiskegrateng!"

Eg vurderte det eit lite sekund, men heilt ærleg - det hadde blitt MASSE jobb! Meir enn fruktspyd!

"Kva med fiskekaker? Og pommes frittes? Så blir det litt sånn fish n' chips-aktig?" (som om ho veit kva fish n'chips er)

"Å JA!"

Heldigvis er ho lett å overbevise (innimellom), så i dag leverte eg rundt 30 kg unger, 1,8 kg pommes frittes og 2 kg fiskekaker i barnehagen. Så reiste eg på jobb. I treningstøy - for i dag er det blåtur og sommeravslutning og vi har fått beskjed om å ha på treningsutstyr.

Jommen sa eg smør.

torsdag 26. juni 2014

Restitusjon

Minst like viktig som sjølve treninga opp mot eit stort løp er restitusjonen. Det er den tida musklane trenger for å reparere skadene som treninga gjer, og bygge seg sterkare for å klare seg betre neste gang (men da knaller vi i så de må reparere på nytt, ikkje sant?). Det finnes ein app som vurderer treninga di og gjer deg ein peikepinne på kor mange timar du trenger før du kan trene på nytt. Den appen har ikkje eg, men eg prøvar å la det gå i alle fall ein dag utan trening, også neste dag fram mot ettermiddag slik at det er rundt 48 timar mellom treningen.

Da eg kom heim i går hadde beina mine flytta meg 2 mil. Rundt 1500 høgdemeter opp, og rundt 1500 høgdemeter ned. 30 minutter oppover Ulriken med skyhøg puls ("eg stopper ikkje før eg er på toppen!"), også godt over fire timar over Vidden, opp Rundemanen og ned mot Fløyen og vidare ned til byn og bystasjonen der bilen stod. Det er langt! Beina hadde ikkje heilt komt seg etter mila på måndag - her rakk det berre å bli 40 timar før eg starta på'n igjen.

Luft under føttene i dag.
I dag restituerar eg. Eg er litt støl i lår og bak etter oppturen i går, men er ellers heilt fin - og veldig posttreningsglad! I ettermiddag begynner kakebakinga og klargjering av hus og heim til bursdagsfesten vi skal ha på laurdag! Enkelte skal feste etter jobb i morgon, så da begynner vi ein dag tidlegare. Hepp!

onsdag 25. juni 2014

Løvstakken og Strutsefarmen

I dag var eg så heldig at eg fikk bytte ut mesteparten av arbeidsdagen med tur i skog og fjell! Ein av mange sommaravslutningar vart tatt med lunch på toppen av Ulriken (sjølvsagt etter at vi hadde gått opp), og med tur over Vidden etterpå. Vidden i Bergen er den rundt 13 km lange turen i fjellandskap som ligger mellom Ulriken og Fløyen. I tillegg kjem turen opp på eit av fjellene, og turen ned frå det andre - men her kan ein "jukse" å ta bane på begge fjellene. Vi skal prøve å gå Vidden med storebror i sommar, og da kjem vi til å ta Ulriksbanen opp og Fløybanen ned. Uansett - ein magisk tur med flotte kolleger i KNALLVÆR i dag! 

Eg har ingen Viddenbileter å vise, så eg viser heller bileter frå ein tur vi hadde i mai opp på Løvstakken (477 moh). 
Nistemat undervegs er viktig som motivasjon! Vi har alltid med ein liten nisteboks med rosiner og tørr frukostblanding som cheerios, jordbærputer eller minifras. På veg opp på Løvstakken hadde vi to slike pauser med mat.
Det er så flott utsikt over byn frå Løvstakken! Denne dagen var det flott vær (som alltid kan vi nesten seie!), men litt kald vind på toppen. Vi fann ein krok mellom nokre store steinar på toppen der det var lunt å spise lunch. Likevel fikk vi veldig lyst på varm kakao der oppe! :)
Lillesøster tar seg ein kvil på vegen ned. Her ser ho mot Fyllingsdalen. Vi brukar ikkje å ha pauser på nedvegen, "beina liksom berre går av seg sjølv" som storebror seier. Men lillesøster var litt sliten denne dagen. Også er ho så søt når ho sitter å ser på utsikta heilt stille.
Direkte frå Løvstakken køyrte vi innom Strutsefarmen som ligger i Fyllingsdalen. Her fikk vi kose med små koppelam, og ikkje mist helse på desse rare fuglane:
Hjelpes! De er kjempestore! Vi vart så fascinerte og imponerte og litt uvel av å sjå på desse snåle skapningane! Underteiknande har faktisk spist struts. Nåvel. Sjokolade er betre.

tirsdag 24. juni 2014

Ei mil!

I går runda eg mila - faktisk 10.14 km. Langt? Ja. Slitsomt? Njaaa, i oppoverbakkane var det slitsomt. Det er mykje opp og ned på den ruta eg valgte i går. Men ein kjem inn i ein tralt der beina går av seg sjølv og tankane flyr. Da eg var på kurs i jobbeteknikk sist veke fikk eg tilbakemelding "eg har ingenting å utsette på deg" - men eg tenkte likevel på teknikken i går slik at det vart gjort skikkelig. I dag har eg litt gangsperre i lår og leggar - det er vel ikkje mindre enn ein kan forvente.

I ettermiddag har vi ingen planer, og det er bra! Stillaset som har stått oppe i nesten 7 veker vart tatt ned i går, så i ettermiddag skal vi kose vekk rusk og rask etter taklegging, skifting av kledning og ikkje minst skraping og maling av alle yttervegger i tre. Eg gler meg til å få det ryddigare og koslegare rundt huset!

Vaske og rydde! Er det ingen jobb til ungane lagar vi jobb. Skum og vatn er alltid populært!
I går fikk eg tilsendt spray i posten gjennom Liken'Share:


Den tok eg med meg på jobb i dag og prøvde den ut etter mange timar foran dataskjermen. Den er luktfri, og kjennes ut som ein lett dusj. Sommarregn eller som når ein er i nærleiken av ein stor foss. Kaldt og ganske så deilig! Eg var redd at huda ville kjennas tørr etterpå, men det gjør den absolutt ikkje. Ein god erstatning for ein kopp kaffe ;)

mandag 23. juni 2014

Delmål

Eg er ikkje så god på å setje meg delmål. Det er liksom målet og that's it. Målet er halvmaraton. Men i dag skal eg nå eit delmål, om eg hadde vore opptatt av det.

Og det er eg ikkje.

Men i dag skal eg springe ein mil - utan stopp sjølvsagt - og DET synas eg er kult!

Eg jogga 9,2 km sist måndag, og derfor veit eg at ein mil er langt!

Når eg trenar så lenge som eg skal i dag forbrenner eg masse kalorier! Og skal musklane bli sterkare, og tåle den lengre ruta eg skal på alt neste veke, må eg tenkje over kva eg spiser.

Brødskiver med heimelaga tunfisksalat - med lettrømme, vårløk og litt sitron - kjempegodt! Og full av proteiner som er muskelmat! Nøtter og gode oliven; nam!
Desse skivene laga eg til kveldsmat ein kveld eg hadde trena. og mannen hadde måla hus i fire timar. Enkelte kvelder fortjener vi skikkelig god kveldsmat. Slik er det berre :)

søndag 22. juni 2014

Ormhilleren

2.pinsedag køyrte vi til Øygarden for å grille og fiske krabber! Vi hadde laga eigne krabbefiskestenger av gamle ripsbuskepinner, tau og klesklype som vi hadde med oss. Eg har ikkje fiska krabbe før, når vi var barn løfta vi berre på steinane i vannkanten og plukka de opp. Eg har kun sett at folk har fiska krabbe ein gong før, og da var det ingen som beit på for å si det slik.
Gjennomsiktige krabbebøtter kjøpte vi på austlandet i fjor sommar.
Her fiskar storebror krabbe med den nye krabbestanga. Til agn brukte vi knust skjell.
Og sjå her! De beit seg på! Igjen og igjen! Vi kunne løfte de opp og putte de i bøtta utan at de slapp! Nokon kom løpande bort i det samme vi la agnet ned - heilt utruleg! Desse Øygardenkrabbane er noko for seg sjølv!
Det vart godt fult i bøttene, så vi måtte fordele litt. Vi fikk også fanga reker med håven!
Vi var saman med nokre venner, og grilla pølser som vi åt saman med salat, potetsalat og humus! Nam; skikkelig sommarmat!
Etter maten gjekk vi ut til svabergene som var på samme område der vi fikk prøve fiskestengene de hadde med seg til ungane. Kjempegøy å fiske på ekte (det synas i alle fall eg!), men krabbefiske gav absolutt meir fangst! Vi må tilbake hit - utan tvil!

lørdag 21. juni 2014

Flux Junior

Som buzzador får eg av og til vere med på kampanjer der eg får prøve ut nye produkter. Eg var nett med i ein post-it-kampanje der eg delte ut post-it-lappar på jobben. Medan eg holdt på med den fikk eg tilbod om å vere med i ein til - Flux Junior. I pakken som kom  i posten var det ei stor flaske munnskyllevatn med jordbærsmak til 6-åringen, og mange tyggisar spesielt laga for barn. Desse var det anbefalt at ungane fikk etter kvart måltid.

Først - tyggisane får topp score av oss! Storebror elsker alt med jordbærsmak, lillesøster elsker det meste, og det at de no nokre dagar har fått tyggis nesten etter kvart måltid synas de er heilt topp! Vi voksne har smakt også, og det er ein god smak som varer lenge. Mannen hadde den i munnen i over tre timar, og kommenterte at konsistensen var god heile vegen. Så for de som gidder å tygge så lenge - go for it!

Storebror har prøvd å skylle, men likte det ikkje så godt. Han likte smaken, men han sa at det var rart fordi han ikkje fikk svelge det ned. Også synas han det var dumt at han ikkje kunne få fluortablett etterpå. Eg prøvde å skylle eg også, men eg likte ikkje den emne smaken som kom etter at eg hadde spytta ut.

Konklusjon: Tyggisen kjem vi absolutt til å kjøpe igjen! Men munnskyllevatnet blir nok ståande ei stund før den blir brukt opp.

Ikkje alle tyggispakkane er til oss! Vi har delt ut til de vi har truffet som har barn i rett alder. Det er ein del av buzzador-"jobben" å dele ut prøveprodukter til folk vi kjenner. Og det er alltid kjekt, sidan vi stort sett er veldig fornøyde med det vi får prøve.

fredag 20. juni 2014

Vårens planteprosjekt

For nokre år sidan kjøpte eg eit lite "drivhus" som skulle hjelpe planter frå frø til "levedyktige planter". Første året brukte eg de til blomar, som jo var fine nok, men døde raskt da eg planta de ut. I år kjøpte eg frø som var beregna på barn - eg tenkte at de da sikkert var idiotsikre, de tålte ein støt, og vokste forholdsvis fort.
Her er de planta, vatna skikkelig og fått hatten på slik at temperaturen og fuktigheten er så optimal som det går ann med dette plastdrivhuset. I begynnelsen tok eg den inn og ut også, men til slutt lot eg den stå på kjøkkenet (ikkje i vegen I DET HEILE TATT!) der vi har sol frå rundt kl.14-20. Det kom fort små spirer, og det gledast:

Det var assorterte salatfrø eg hadde sådd, og langt ifrå alle kom opp! Men det kom ein del, så det var eg fornøyd med. Men det som var - etter nokre veker begynte nokon å bli brune. De tok eg vekk, men så begynte eg å sjå litt nærmare på de i ei tovekes-tid. Ingen vokste! Eg veit ikkje om eg burde ha tatt de ut og planta de kvar for seg i større potter, men eg synas de var for små og puslete til det.

Så, etter å ha flytta på de i vekesvis fikk eg nok. Mannen stod ute og skrapte husvegg, og eg skulle lage noko godt til kveldsmat etter at ungane hadde lagt seg. Da bestemte eg at det som var av salat skulle få vere med der. Så vart det i alle fall spist, framfor at de skulle stå der i vente på å bli større, også berre visne.
Her må eg for ordens skuld poengtere at basilikummen på tomaten er frå butikkjøpt krukke - den har eg ikkje dyrka fram sjølv.
Så her enda det. På røykelaks. Det smakte ytterst lite. Men det var heimedyrka, og vart spist med andakt.

Neste år vil eg prøve meg på tomater eller agurker. Kanskje chilli. Men eg er ferdig med eigen dyrking i år. Det kosta meir enn det smakte for å seie det slik... 

torsdag 19. juni 2014

På reisefot

I dag koser vi oss med medbrakt frukost på båten til Florø. Vi skal vere der i helga og få med oss både Kinnaspelet og bursdagsparty!

Skjekk flymaten ungane fikk på SAS på veg til Mallorca! Vi bestilte mat begge vegane, noko vi var glade for. Dette var lunchen på veg ned! Gode grønsaker, kyllingboller, pasta og ketchup, med eplejuice, fruktsalat og ei dropseske til dessert! Å fly med SAS og Apollo var heilt fantastisk! De leverte ut maten til ungane først, slik at vi fikk gjort alt klart til de i tide før vi fikk vår mat. Etter at maten var rydda inn (det tok lang tid å spise alt det gode!) kom de ut med klistermerker og små leiker som alle ungane fikk. Flyvertinnene gjekk også rundt og snakka med ungane, det var med på å gjøre opplevelsen god :) Tommel opp!

Det blir ikkje samme service på båten i dag, men den har leikerom og TV med barnefilm på - så det kjem til å gå veldig fint det også :) Mannen kjem nordover i morgon; også køyrer vi heim på søndag. Å reise med barn på båt er fint; i alle fall når de er så store som våre er no. Eg har hatt nokon båtturar der eg kun har fulgt etter ein liten tass på 8 mnd rundt og rundt og rundt i 4 timar. Det er tanken kjedelig. Å sitte å lese bok, og drikke kaffe medan ungane leiker, eller rett og slett sitte å prate litt med de om det vi ser ut vindauget er gøy!

onsdag 18. juni 2014

Graduation og løpeteknikk

I dag venter ein innhaldsrik ettermiddag! Det er sommaravsluttning i barnehagen, og storebror som er inne i sin tredje siste veke i barnehagen nokon sinne blir heidra ved å få sitte på kongestol og få utdelt minnebok frå årene i barnehagen. De er flinke i barnehagen og har fleire tradisjonar med de eldste, som det sjølvsagt er stas å få vere ein del av når ein sjølv endelig snart er skulebarn!

Storebror og mormor, som er på besøk frå Florø for å sjå eldste barnebarnet sin "graduation" i barnehagen, lagde i går ei deilig gulrotkake som skal stå på kakebordet i ettermiddag. Nammis!

Etter pølser og kaker blir det andre boller! Eg meldte meg for ei stund sidan på eit kurs i løpeteknikk som skal vere i kveld. Eg prøver å tenkje teknikk når eg joggar, og synas det er superviktig å gjøre ting skikkelig! Det siste eg vil med denne treninga er jo å bli skada! På kurset får vi også personleg tilbakemelding på teknikken, så det ser eg veldig fram til.

Og litt jogging etter festivitas er jo på sin plass :)

tirsdag 17. juni 2014

Ein ny tur?

I dag melder eg meg som interessert til å vere testfamilie gjennom LikenShare, der eg - om eg er superjulenisseheldig - får reise på ein ny "Syden"-ferie med mann og barn! Vi reiste med Apollo i mai når vi var på Mallorca, og var kjempefornøyd med de! Eg og mannen har reist på chartertur ein gong før, til Grand Canaria i 2003; og da reiste vi med Star Tour. Vi var fornøyde da også :) Reisen vi no kanskje får er med Star Tour, og går til ein av deira Blue Village-hoteller. Der får ein teste ut eit Blue Village-hotell og tilboda som er der. Kjempespanande!

Eg falt heilt for dette - på Rhodos:

Bilete lånt frå nettsida til Star Tour.

mandag 16. juni 2014

Heimedag

I dag er eg og lillesøster heime og rydder hus. Ho var sjuk i helga, og kasta opp søndags morgon. Da må vi - i følge 48-timersregelen - vere vekke frå barnehagen til i morgon. Det er greit eigentlig sidan ho ikkje har spist så masse i helga. Ho er nok frisk nok til det meste i dag, men så er det stor forskjell på å vere heime aleine med meg, og å vere i barnehagen!

Vi har brukt dagen på å rydde og vaske huset, noko som blir vekkprioritert når det er så fint vær! Vi har folk som jobber på huset vårt i dag (også), så da er det ikkje så hyggleg å vere ute i hagen eller på verandaen. Veldig fint å ha bonustid til å få huset i orden! Og sidan eg har lite å gjøre på jobb, gjør det absolutt ingenting :)

Nokre bileter frå hagen vår; det er så deilig med vår og forsommer!

Ripsen er på veg - no må den berre modnast!

Ser du hjartet? Elsker lukta av denne!

Rododendron - ikkje min favoritt, men på nært hold er det eigentlig litt fin!

Liker ugras også ;)

søndag 15. juni 2014

Sykkeltur

Storebror fikk ny sykkel i seksårsgåve av oss, og lærte å sykle fort. Han digger det, og spør stadig om vi kan ta oss ein sykkeltur. For nokre veker sidan inviterte vi med oss ei av venninnene til lillesøster og sykla til eit vatn som ligger rundt 2 km frå huset vårt.

Med to jenter i samme alder, og ein storebror, såg vi tydlegvis ut som ein familie på fem.

"Er alle tre dokkars?" var det ei dame som spurte. "Nei, vi har berre lånt ei ekstra." Ei mamma med to små i tvillingvogn smilte ekstra til meg - sånn oss tvillingmammaer i mellom liksom ;) Greit å vere trebarnsforeldre i to timar!

Målet for turen - utanom å sykle - var å helse på de nye andungane som var komt. To mammaer blåste av våre "liksomtrebarn", for den eine hadde 6 unger og den andre 8!

Det er gøy å klarte i trær! 

Storebror sykla fort på sine store hjul. Lillesøster har ny sykkel frå i fjor som trilla bra, medan venninna hennes fikk låne lillebroren sin sykkel, ein som var for liten for ho - så på tilbakevegen gjekk ho masse. No har ho fått ny sykkel ho også, så vi tar oss nok ein ny tur. Vi vurderer å ha med nokon av kameratane til storebror også, men er redd de sykler frå oss! Det er nok ikkje lenge før vi kan sykle saman alle fire!

Andungane var supersøte og stapp mette! Den dagen vi var der stod barnefamilier nesten i kø med brødposar fulle av brødbitar til å hive uti. Eg joggar fordi her kvar veke, og eg har ikkje sett de i det siste. Eg nekter å tru at de har sulta - de har nok berre flytta litt på seg! *håper det

lørdag 14. juni 2014

Siste innspurt - nesten

Sist helg malte vi huset vårt med to strøk kvitmaling. No består jo ikkje hus kun av veggar og vindauger - i alle fall ikkje vårt! Mannen tok eit strøk på verandaen sist helg, og i kveld smeller han på strøk to. Den grønne kanten øverst på verandaen skal bli blå, saman med kjøkkendøra, og de to siste kjellarvindauga. Dvs at strøk to på det gjennverande må bli tatt i morgon kveld. Vi har sol på verandaen frå kl.05:30 til kl.18:30 - heilt fantastisk - men det betyr at vi må male desse delane på kvelden, i skugge.

Ungane er opptatt med bading i dag! Etter at plaskebassenget tok kvelden i fjor har vi kjøpt nytt Angry Birds-basseng som er storarta! Skulle så gjerne hatt eit basseng a'la Mallorca, men vi får vere fornøyde med det vi har (og at vi har bra nok vær til å bade i).

Så - etter to helger med husmaling DA er vi vel ferdige!

Nope.

Neste veke skal takmannen vår (som OMSIDER er ferdig med taket) bytte kledning i mønet, så der må vi smøre på maling både på vegg og rundt det lille vindauget som er der. Vi krysser fingrane for godvær framover også!

-men så er vi ferdige. Og det blir SÅ FINT!! <3

fredag 13. juni 2014

Helg!

Endelig er helga komt! Denne veka har susa avgårde, men så er det ekstra flott at det er helg, for med denne helga kjem sola og godværet!

I kveld har vi barnevakt, og eg ser fram til å vere med mannen og jobben hans på blåtur. God mat og god drikke i godt selskap er aldri feil!

Mmmmm - sangria :) Viva Espana!

torsdag 12. juni 2014

Ut på tur - 71 grader nord-stil!

I dag har storebror brukt delar av barnehagedagen til å klatre opp de 908 trappetrinnene som utgjør Stoltzekleiven opp mot Sandviksfjellet. Saman med de eldste ungane i denne barnehagekjeden har han trossa regn i mengder, og komt seg både opp og ned. På toppen vart de møtt av leiaren av barnehagen, som venta med varme fiskekaker - det var stas!

Eg kan ikkje vere dårlegare eg - og denne veka seier treninsopplegget mitt at eg skal bytte ut joggetreninga med alternativ trening i ein time. Derfor skal eg i ettermiddag sykle til nærmaste byfjell, gå opp og ned den brattaste vegen, og sykle heim. Det vil ta meg rundt ein time, og eg kjem til å bli ganske så sliten! Tur med ulike framkomstmiddel, hjul og føtter, er jo klassisk 71 grader nord! No er det absolutt lightversjonen eg køyrer da, men med regn i tillegg er eg i alle fall i nærleiken!

onsdag 11. juni 2014

Regn og sommardraumar!

I dag regner det, og finværsvande som vi er, er det litt pyton. Litt ok, men litt pyton. Da eg skulle skjekke været på mobilen i dag tidleg kom eg inn på været i Mallorca, som vi jo skjekka dagleg før vi reiste. Der er det sol og varme. Berre for å gni det inn. Men da er det jo flaksen at vi har fine bileter å kikke på - som i dette innlegget:)

Vi leigde oss bil ein dag, noko som var billigare enn å hive fire innpå ein buss for å køyre til Alcudia og tilbake. "Den frekke lille bilen vår" tok oss med heilt aust på Mallorca, til Cap de Formentor.

Køyr bildeserie!

På Mirador del Mal Pas.

Eg elsker mektige fjellandskap!
Vi nærmar oss fyrtårnet på det austlegaste punktet på øya.


Etter å ha krongla oss opp og ned på Formetor-halvøya luncha vi i Pollenca. Pollenca er ein liten by med veldig få turistar, men med meir sjarme og dovenhet, og ikkje minst overraskande opplevingar - fordi vi ikkje forventa noko meir enn ein stad å spise.

Eg gjekk på sitrontrebladslang. Det lukta himmelsk!

Vi fikk også tid til å spasere litt i gamlebyen i Alcudia før kvelden kom og vi måtte levere tilbake bilen.

Ein dag utan bading - heilt på sin plass!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...