torsdag 2. april 2015

Ferie!

Vi hadde fantastiske dagar på Pers Hotel på Gol! I går kveld tok vi toget heim til Bergen, og fikk for første gong oppleve NSB sine forsinkelser. Det var litt dumt sidan vi alt hadde lurt litt på om det vart for seint for ungane, men når toget var forsinka ut frå Oslo er det ikkje mykje å gjøre.
Vi gjekk innom Rema på veg til toget og stod i kø med halve Hallingdal for å kjøpe drikke og Gommokaku. Eg har budd på Gol i tre år, og eg meiner at gommo er bestemor. Gommokaku har eg ikkje smakt før, men det var kjempegodt! Søte og mjuke kjeks! Perfekt som snacks på toget!
Når klokka etterkvart nærma seg eit stykke over leggetid, pakka eg lillesøster inn i dunkåpa mi. Ho fikk slappe litt av og eg fikk varma meg litt :) Rundt halv ti sovna begge. Heile to timar seinare; dvs klokka 23:30 (!) gjekk toget inn på stasjonen i Bergen. Eg storkosa meg med Snømannen i rette omgivelser, ute var det snø og vind og mørkt  - perfekt påskekrimstemning!

Ungane vokna fint til og gjekk sjølve til bilen som vi hadde parkert på Bygarasjen. Vi var heime rundt midnatt og alle fire tusla seg direkte i seng. Mmmm; det var godt! I dag har vi sove lenge, rydda huset etter bursdagsfestane sist veke og spilt spel. Godt med påske!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...