fredag 4. september 2015

Forandring i planane

Eg som hadde gleda meg sånn til fjelltur med tre flotte folk i går fikk ein skikkelig reality-check da vi traff kvarandre til middag. To av fire hadde ein skikkelig dårleg dag, og innan middagen var over hadde humøret smitta over på de to andre. Er det ikkje dumt at det er det dårlege humøret som smitter?

Så da vart det etter kvart slik at mannen og lillesøster gjekk på blåbærplukketur i skogen medan eg vart heime (i treningstøy som eg så positivt hadde bytta til før alt gjekk galt) med storebror som hadde lekser. Da var eg ikkje mykje blid!
Ahhh, ja takk!
På skogsturen fikk lillesøster ein pinne på auge, så ho grein meir eller mindre heile kvelden. Men eg stakk ut når de kom heim og etter litt over 7 km med  jogging var humøret mitt blir betre. Sur mamma ut. Blid mamma heim.

Slik kan det gå. Eg hadde i alle fall ein god joggetur ALEINE og det var tipptopp. Det er aldri så ille at det ikkje er godt for noko.

1 kommentar:

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...