onsdag 2. september 2015

Regn!

Sist eg sjekka værmeldinga var det meldt sol heile veka. Først etter at alle hadde kledd på seg i dag trakk eg for gardinene, og da såg eg at det var øs, pøs regnvær ute!
Og vind - slik at regnet kjem sidelengs! Plutselig måtte regnklær og støvler finnast fram, også stakkars storebror som har turdag i dag! For i morgon skal det vere sol igjen! Eg på min side krysser fingrane for at det blir betre til i ettermiddag når lillesøster skal på fotballtrening. Sist veke var det også regn på onsdag, og da oppdaga eg at regnjakka mi ikkje er laga for å stå i striregn i ein time. Ja, også er det litt vått for fotballspelaren vår også. MEN heldigvis er det forholdsvis mildt i lufta, så vi skal ikkje klage.
Nei, det skal vi ikkje. Etter at TV-aksjonen i vår samla inn penger slik at ein kan bygge brønner, har storebror ved fleire høver sagt følgande: "Vi er heldige som bur i Bergen.Vi har sjukehus, også har vi nok vatn."

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...