torsdag 8. oktober 2015

Teaterskule


Seks laurdagar på rad har eg og lillesøster forlatt gutane våre og køyrt til den nye "it"-delen av Bergen, nemmleg Gyldendpris. Her ligger nemleg Cornerteateret og de har teaterskule for de yngste på laurdagar!
Medan lillesøster har vore på teater, har eg tre veker på rad møtt ei venninne til lunch på Kaffebrenneriet som ligger like ved Cornerteateret. Dagens suppe med deilig brød - og halvanna time med mat og prat! Det har vore så luksus!
Lillesøster på sin side har hatt det ganske så flott på teaterskulen, og fikk til og med hovedrollen i det lille teaterstykket de satte opp! Mange nye venner, og sjølv om de kun såg kvarandre ein gong i veka vart de glade alt etter den første gongen - så dette er ein god gjeng! Heime høyrer eg rykter om at storebror har luncha på rommet sitt, Lego-film i sofaen og berre velstand. Ingen som lider nokon nød!
No er de seks vekene teaterskulen varte over, og vi får laurdagane våre tilbake igjen! Seks veker med laurdagsplaner er akkurat nok! Teater derimot, får vi sjølvsagt ikkje nok av! I dag skal vi på Den Nasjonale Scene og sjå generalprøven på "En julefortelling" saman med mormor. Håper det ikkje blir for skummelt for ungane - uhuuuuu!!
Vår fine lille hovedrolleinnhaver <3


1 kommentar:

  1. hei du! altfor lenge siden jeg har vært her inne!
    kan jeg spøøre om den teaterforestillinga; er den passende for en 5-åring og en 6-åring? og ikke minst: var den god?
    hanne

    SvarSlett

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...