onsdag 18. november 2015

Gøy dag!

I dag bytter eg ut kontordagen min med (nok eit) seminar! Eg kjenner de som har laga klart seminaret, og gler meg skikkelig til å sjå kva de har jobba med så lenge! Seminar er alltid gøy, eg melder meg på alt eg får lov til! Berre det å vere ein annan stad enn kontoret er stas. No har det vore mykje "stas" i det siste, så ein reinspikka kontordag er på sin plass; men den tar vi i morgon!
Kreativ arbeidsplass både på jobb og heime :)
I dag har storebror med seg ein kamerat heim. Storebror utnytter kameratbesøk til å få spele nintendo utanfor avtalt tid, så vi er forberedte til å måtte seie "nei" ein del gongar, og kanskje rett og slett komme opp med nokre alternative aktiviteter. De er så glade i dataspel, og eg ser at det er nettopp det de vil gjøre saman, også når de er på besøk. Litt er ok, men vi er litt usikre på mengden. Vegen blir til mens vi går.

2 kommentarer:

  1. Eg synes det er så vanskeleg med den spelinga! Blir liksom aldri klok på kor mykje dei skal få lov til (her i huset har vi speling laurdag og søndag morgon for våre på 5 og snart 7). Korleis er det hjå dykk? Er vi for strenge?

    SvarSlett
  2. Storebror får spele i tre kvarter før han skal på badet om kvelden hvis rommet er rydda. Lillesøster har ingen faste speletider, ho får av og til spele litt i helgene. Eg synas det er kjempevanskelig eg også, men så lenge vi har reglar for det - og ein variasjon i livene våre - så er må det vere ok :) Synas ikkje de er for strenge eg :)

    SvarSlett

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...