søndag 31. mai 2015

Dåpskort

Ein gong har eg kjøpt dåpskort. Eg var gravid og sliten, og tenkte eg skulle spare krefter ved å kjøpe istadenfor å lage. Men eg trur ikkje eg sparte så mange krefter på det. Det var så vanskelig å finne eit eg likte, og da eg endelig gjorde det kosta det nesten 100 kr! Hjelpes!
Her er dåpskortet til søskenbarnet som kom i februar. Enkelt og greit, blått og flott - og null stress :)
Storebror da han såg det: "Ja vel. Tre bilar, sommarfugl, seks sirklar utan noko i og seks sirklar med noko i." Haha!

lørdag 30. mai 2015

Brødrene Karamasov

Eg snubla over ein veldig god leseranmeldelse av Fjodor Dostojevskij sin store roman "Brødrene Karamasov" som overbeviste meg om at dette var ei bok som var verdt å lese!
Ein skikkelig tjukkas, så etter å ha lest ei rekke tynne bøker var eg klar til å ta fatt på de godt over 800 sidene med russisk litteratur. Dostojevskij skriver i eit slags forord at lesaren står fritt til å bestemme at boka ikkje er verdt å lese, og kan altså fint leggje den frå seg. Faktisk synas eg forordet var det beste!
Eg likte den godt! De første 40-50 sidene var morsomme, effektive, artige og interessante. Men så begynte ein eviglang dialog. Om Gud og menneske. Tru og tvil. Og eg falt ut og eg falt ut. No har boka vore på nattbordet mitt så lenge at det er eit lag med støv på den. Eg har ikkje lest eit ord på to veker. Da kan eg vel konkludere med at eg ikkje gidder å lese de neste 789 sidene.
Nok ein klassiker som eg kan overføre til lista over Bøker eg aldri fullførte. Sukk. Men den var litt god da. Berre ikkje god fengande nok til at eg prioriterar denne boka over de andre som står på vent.

fredag 29. mai 2015

Spontant roleg

I kveld står det blåtur saman med jobben til mannen på agendaen. De tidlegare turane har alltid vore veldig kjekke, med masse latter og god mat. Men denne veka har eit eller anna ikkje vore optimalt, så eg har meir eller mindre lagt på sofaen i timane mellom middag og kveldmat. Så har eg tatt meg saman og rydda/jogga/laga mat, før eg leggjer meg og ikkje får sove heile natta. I dag tar eg omsyn til formen og blir heime.
Ikkje ille å ha ein roleg kveld heime saman med desse to + ein skjønning til!
Sånn sett blir ikkje kvelden annleis enn de andre kveldane denne veka, men sidan det er fredag kan den avsluttast med sjokolade :)

torsdag 28. mai 2015

Ny kunst

Denne veka har eg fått pryda kontoret mitt med heilt ny kunst frå den finaste lille kunstnaren eg kjenner! Lillesøster har teikna meg i barnehagen - sjå kor fin eg er! Hjartehand og eit stort smil! Navle på midten og forskjellige fargar på bukse og sko - heilt fantastisk!

onsdag 27. mai 2015

Festspelopning og tale

I dag opner Festspelene i Bergen - og jobben er, tradisjonen tru, på plass for å vere del av arrangementet. Nokre venner har delt frå lydprøvene på snapchat, så eg gler meg skikkelig! Med meg i jobbveska har eg sitteunderlag og søppelsekk, været er ganske skiftande i dag og det er kjipt å sitte på Torgallmenningen og fryse! Underlag til rumpa og søppelsekk som vanntett teppe ;)
Spasertur langs Lille Lungårdsvann før kino på måndag.
Ryktet kviskrar om champis etter opninga, men eg blir ikkje lenge sidan mannen har viktigare planar for ettermiddagen enn at eg kan henge med kollega utover dagen. Om halvanna veke er han forlover i bryllup, og i ettermiddag er det siste klesprøve før han håpar på å kvitte seg med brudgommen slik at han og den andre forlovaren kan skrive tale.
Vi satt i går og drodla rundt barndomsminner da brudgom og de to fetterane hang mykje saman. Dessverre (for talen i bryllupet, ikkje sånn generelt) var brudgommen ein Pikenes Jens, så rundt halvparten av historiene er ikkje passande i talen foran bruda - haha - ho er jo heldig som har klart å kapre han skjønte eg! Eg gler meg masse til bryllupet; med verdens kjekkaste forlover! :)

tirsdag 26. mai 2015

Knebøyutfordring!

Ikkje før eg rukke å kjenne på saknet etter yoga - no 13 dagar etter at eg fullførte 30 Days of Yoga før eg er på eit nytt køyr. Denne gongen takket vere i FORM!
Knebøyutfordring. Tabloidsk nok laga for ei studentinne som vil ha "fast rumpe til bryllupet" - whatever - men med tilhørande styrketest før og etter utfordringa. Eg veit sjeldan kor "god" er er sidan eg trener aleine, men eg er i alle fall betre enn denne testpersonen; på nokre av øvelsane også betre no før utfordringa har begynt, enn ho var etter at ho var ferdig. Så ulikt utgangspunkt her altså, noko som betyr at det ikkje vil ha like mykje å seie for meg som for ho. Men samma det! Knebøy er knallbra trening og eg hiver meg på!
Normalt sett trener eg knebøy med 20 kg vekter, 3x12 (15). No gjør eg det utan ekstra vekt. Dag ein var på laurdag; 50! Eg gjør de på rappen, men ein kan vel dele det opp vil eg tru. I dag er eg på dag 4 og har tatt 80. Ein aukar altså med 10 kvar dag, også er det enkelte pausedagar. Målet er 250 knebøy i eit bankande! Det hadde eg nok ikkje klart no, så det blir nok bra - også er det alltid gøy med slike utfordringar! Sjølv om det er ganske så kjedelig å gjøre knebøy :) Eg er spent på resultata av styrketestane etter endt utfordring. Og når denne utfordringa er over er det så og seie sommarferie!! Hurra!

mandag 25. mai 2015

Subway og kino!

I pinsa har Bergen kino valgt å ha litt rimlegare billettprisar på familiefilmar, så i dag luncha vi på Subway før vi gjekk på kino i perfekt familiekinotid: 12.30!
Frå ein anna Subwaylunch i november ☺
Vi såg "Hjem", ein veldig morsom og kjekk film! Litt katastrofefilm for barn, på ein ok måte! Eg digger katastrofefilmar, så eg kosa meg skikkelig eg også! Etterpå køyrte vi til ein vennefamilie og åt sjølvskoten hjort; mmm! Som lillesøster sa da vi skulle pusse tennene i dag: "det har vore ein fin dag"!

søndag 24. mai 2015

Egomat

I dag har vi venner på besøk og lager eit stor heimelaga fiskegrateng med røykt og lettsalta torsk i ein deilig miks - mmm! Vi serverer gele med rips frå 2014 til dessert, og storebror som imponerte med heimelaga muffins frå sfo på tysdag skal lage lyse muffins.

Det skjer nesten aldri at eg spiser porsjonsmat, så da eg fikk tilbod om å prøve Grandiosa Pizzarull gjennom Liken*Share takka eg sjølvsagt ja!
Dette er vist ein nyhet - ein nyhende - men en meiner at slike porsjonsting har vore i frysaren ein stund? Det samme som HoldIt som eg ein gong kjøpte da eg var student for over 10 år sidan?
Eg digga "grandis for dummies" på pakken, med tydlege merker på "Trykk Her", "Åpne her", og min favoritt "ikkje opne her!" Det var slik at etter oppvarming så kan ein ete den medan ein held i boksen den kom i. Ganske så lurt om ein har micro på lesesalen og vil ha noko varmt å spise.

Det var litt mykje brød, og lite smak på fyllet. Det likna ikkje litt på biletet på boksen - det var liksom mest ost. Lite smak, veldig varm ost og tørt brød. Ikkje ein favoritt. Men eg var veldig sulten på kvelden da eg åt den, så den glei ned. Stod ikkje på det :)

Kalender 2004

Under eit innfall av typen "Sjå på dette rotet som ligger her i kjellaren. La meg berre nett rydde litt" fann eg A-planen min frå 2004.

Og om eg trur at eg er travel no - for å seie det slik, eg har god trening!

Eg var førsteårs mastergradsstudent dette året for 11 år sidan. Eg og mannen hadde nett flytta saman i Sandviken og hadde alt vore saman i halvanna år! Planen er full av vakter og ekstravakter på kafejobb, fleire teater- og danseforestillingar kvar veke, forelesningar, møter i alle typar komitear, råd, kollokvie og styrer. Lunch og middag og øldate med venninner. Ah for eit herleg liv!

lørdag 23. mai 2015

Florøbesøk!

I dag har vi besøk frå den yngste broren min med familie som tjuvstarter sommarferien med ei campinglanghelg i Bergen! I mangel på gode bileter frå hus fult av folk der ingen anleter viser, kan eg smykke dagens innlegg med fine bileter frå Brandsøyåsen i Florø, 286 moh.
Vi gjekk opp saman med foreldra mine 1.mai. Nydleg vær som du kan sjå! Og ei ganske så annleis utsikt enn utsikta frå byfjellene i Bergen. Rett ut i havet - det er så flott!
Det er ikkje så altfor ille vær i dag, men på grunn av at lillesøster knall tåa for halvanna veke sidan har vi ikkje satt opp trampolina enda. Ho kan ikkje hoppe på trampoline på tre veker frå uhellet - og det hadde vore veldig slemt gjort om storebror skulle få hoppe i veg i vekesvis utan at ho får vere med. Derfor er vi usedvanlig seint ute med denne i år! Fem unger klarer nok å finne på noko ute utan tramponline også. Det er vel kanskje like greit at vi ikkje har satt den opp :)

fredag 22. mai 2015

Detektivbyrå nr.2

Vi snubla tilfeldigvis over Detektivbyrå nr.2 "Operasjon Mørkemann" i ein bokhandel for nokre veker sidan. Både vi og storebror falt heilt for boka, og no har vi fem av de i alt 7 bøkene som er skrive i serien. Det er Jørn Lier Horst som er forfatter - og han er heilt fantastisk når han overfører alle typiske krimvirkemiddel i bøkene! Dette er kvalitetslitteratur for (litt større) barn! Alle kapittler slutter i stilen "Hun snur seg sakte mot kameraten sin og gisper "Jeg vet hvem som har gjort det!" Dam dam daaaaa - også seier vi "Ja, ok - skal vi ta eit kapittel til?"
Og slik blir vi fort ferdig med bøkene for å seie det slik :) Akkurat no leser vi "Operasjon påskelilje". Det er mannen sin tur å lese i kveld, så eg setter meg saman av de for å få med meg slutten (sjølv om eg kanskje trur at eg veit kven tyven er;))

Storebror har med seg nok ein kamerat heim frå sfo i dag; det er alltid kjekt med besøk! Vi skal ha besøk de neste dagane også, så vi håper vi får rydda og vaska litt i dag slik at det er gjort. Tenk at det er helg allerede!

torsdag 21. mai 2015

Fult hus

Vi kopierar sist tysdag og limer den inn i dag. Begge ungane har med seg venner heim frå skule og barnehage, men vi håpar vi unngår at dagen avslutter med knekt lilletå!
Vi serverer pøler med heimelaga potetstappe, vannmelon og vennebyenis til dessert. Tipp topp tommel opp for alle! Eg skal prioritere yoga på den nye antiskli yogamatta som eg fikk til bursdagen min sist veke :) Knallbra! Eg øver jamnt og trutt på handståande, og blir betre og betre for kvar dag som går! Veldig gøy!

onsdag 20. mai 2015

Bring home the dessert!

Vi har fått store barn i hus når vi får servert sjokolademuffins til dessert midt på ein tysdag! I går hadde storebror laga sjokolademuffins på SFO, og hadde stolt med seg ein pose heim som han kunne spandere på oss! Så kjekt for han og så deilig for oss!

I dag er det fint vær, og det ser ut som om det er den einaste dagen denne veka. Eg er på møter i byn i dag og går med joggesko slik at eg kan gå mellom møtene. Ein time tilsaman i sola - og i arbeidstida - det veit eg å setje pris på! I ettermiddag blir det fotballtrening med storebror og ein joggetur på kvelden. Denne dagen skal nytast!

tirsdag 19. mai 2015

Vi serverer saus!

Som eg har skrive før brukar vi 7-vekers meny. Men den siste månaden har det vore så mange veker der vi har spist heime 3-4 gongar; så da har vi benytta høve til å prøve ut nye rettar. Gjennom Liken'Share har eg fått tilsendt tre posesausar frå Knorr. I 7-vekers menyen vår er det ingen ferdigsausar. Vi har oppskrifter vi bruker, og det er ikkje vanskelig å lage gode sausar utan pose! Men vi er villige til å prøve sjølvsagt! Denne veka har det vore 17 mai med rømmegraut, grilling hos familie ein dag, grilling heime ein dag - og vi har satt opp tre posesausmiddagar.
I går avspaserte eg nokre timar på jobb, så eg rakk ein deilig joggetur i snart pollenfri luft - og middagslaging! Fløytesausen gav inspirasjon til kjøttboller. Gode kjøttboller med masse chilli smaker god, men er ikkje ein av de 49 rettane våre. Hadde det vore det kan det vere at det hadde blitt middagen med posesaus, for brun saus kan eg ikkje lage!
Utgangspunkt!
Kjøttbollane er altså laga av karbonadedeig, tørka chilli, griljermel og mjølk. Eg serverte det kvar for seg sidan storebror får heilt hetta av saus ("Eg likar ikkje at maten er blanda!" *dont ask)
Resultat!
Kjøttbollane var gode (hehe), sausen også. Kanskje litt like smak? Saman med chillieksplosjonen smakte det lite. Også var den ganske tynn. Den skal kun koke i eitt minutt. Eg lot den putre i nærmare 10, og først da var den litt tjukkare, men ikkje tjukk nok etter min smak.
Heimelaga ripsgele er snadder saman med mat i brun saus!

I dag skal mannen lage Pasta Carbonara med posesaus. Dette er ein rett vi har på menyen vår, da med oppskrift frå Jamie Oliver. Denne er klart enklare - vi får sjå :) I morgon lagar vi lettsalta torsk og serverer det saman med fiskesausen - istadenfor kvit saus som vi vanlegvis brukar.

Posesaus er raskt! Men med mindre de to neste dagane gjer meg store kulinariske opplevelser tviler eg på at vi kjem til å bytte ut sausane våre med posesaus. Kva er vitsen med at det tar 3 minutter å lage saus om det tar 20 minutter å lage resten av maten?

mandag 18. mai 2015

Postsøttendemai

Hoy hoy det er beintøft med måndags morgon etter 17.mai! Men vi hadde ein kjempefin dag i går som toppa seg heilt da 1.trinn fikk pokal for å vere de som lagde mest liv i toget! Storebror entra scena saman med 15-20 andre frå trinnet og var så stolte og flaue at det var ein fryd å sjå på!
Å vere aleine med ungane viste seg å vere problemfritt, så vi var med på leikane heilt til de pakka ned når klokka nærma seg 18. Da kunne også mannen bli med heim etter å ha solgt kaker, brus og is gjennom heile arrangementet. Vi var litt usikre på om lillesøster kunne gå i toget sidan ho brakk lilletåa sist tysdag, men ho kjenner knapt noko til det - så ho gjekk i toget (og nesten i hoppeslottet før eg fikk stoppa ho). Ho får litt vondt når vi tar på sko, men ellers er ho fin. I dag var ho tilbake i barnehagen igjen etter uhellet, og eg kan tenkje meg at ho viser fram den blåe foten sin til heile avdelinga. Tøffaste!


søndag 17. mai 2015

Hurra!

Hurra for 17.mai! Vi har ein roleg formiddag heime med rømmegraut og is til middag før vi skal vere med på lokaltoget i bydelen. Storebror skal gå saman med 1.klassingane og det er stor stas! Kan det hende vi drøymer tilbake til 17.mai 2014 da vi reiste til Mallorca? Jaaaahh...
Mannen må jobbe i kiosken for det lokale fotballaget, så når eg er lei av å prøve å ha kontroll på ungane inni ein hall saman med 2000 andre, går vi heim. Ubarmhjertelig start med full veke frå i morgon! (men det har vore fint med langhelg!)

Gratulerer med dagen! :)

lørdag 16. mai 2015

Jeg kommer med en gang

Innimellom kjøper eg bøker fordi de har så fint cover. Eg veit at ein ikkje skal det, men når eg skummar igjennom det som står bakpå og det ser ok ut kjøper eg.

"Jeg kommer med en gang" er ei slik bok som eg likte coveret på. Sør-koreanske Shin Kyung-Sook sel millionar av bøker i heimlandet sitt, og denne boka er skriven til de; ikkje med tanke på at vestlege skal lese den. Det tok litt tid, men eg kom inni den før de magiske 100 første sidene hadde gått (om bøker ikkje fengar meg etter 100 sider gjer eg de frå meg). Skrivestilen minnar meg litt om Haruki Murakami, ein japansk forfattar som eg har lest nesten alt av. Etter ein vanskelig start las eg resten på få dagar, og sneik til meg ei side hist og her; vart rett og slett litt hekta. Det er alltid fint - og ekstra fint med ei så annleis bok!

fredag 15. mai 2015

Inneklemt fredag

I dag har vi tatt oss fri (med planleggingsdag i skulen, på sfo og i barnehagen hadde vi vel ikkje noko valg!) og nyter sola i lange drag! Vi finner fram den flotte bøttegrillen vår og griller middag for første gong i år! Vi har til gjengjeld grilla pølser på bål fleire gongar i 2015 enn vi har gjort de siste åra - vi fann jo ut av vi kunne tenne bål!
Håper de også har ein fin fri - eller fredag!

torsdag 14. mai 2015

Tur og teater

I dag er vi med på motbakkeløpet "Løvstakken Opp". Eg vann deltakelse i julekalenderen de hadde i desember, så denne veka har eg betalt nærmare 600 kroner slik at eg slepper å gå aleine. Kven gjekk i pluss her???

Det er knallsol - så eg veit dette blir bra! Tur er aldri feil på ein gratis fridag midt i veka!
I kveld forlater eg hus og heim for å gå på teater saman med ei venninne. "Ingenting om meg" på DNS hadde premiere sist helg og har hausta gode kritikkar. No er eg innimellom veldig uenige med slike kritikkarar ( i alle fall de som skriver i BA og BT), men eg har sett og høyrt litt om stykket og gler meg til å bli røska litt i.

onsdag 13. mai 2015

Bursdagsbarn

Det er bursdagen min i dag! Vanlegvis gløymer eg det - slik at dagen kjem litt som julekvelden på kjerringa. Men i år har eg av ein eller anna grunn snakka om dagen i heile mai - og no er den her!
Eg har funne fram kva kake eg vil ha, og har kjøpt inn ingredienser. Eg har gjenntatte gongar sagt at eg ønsker meg ostehøvel med riller og antiskli yogamatte. Krysser fingrane for at det blir kake og ny ostehøvel i dag!
- Og på min første dag som 34-åring fullfører eg 30 Days of Yoga. Klapp på skulderen (og ny yogamatte i premie?)

tirsdag 12. mai 2015

Venner

I dag fordobler vi antall unger og tar med oss venner heim frå skule og barnehage. Det er kjekt å gjøre det på samme dag, så opplever ikkje ein av ungane det som "urettferdig" (eit yndlingsord for tida).

Vi ser tydeleg forskjell på venner som har småsøsken / storesøsken på korleis de handterer enten lillesøster eller storebror når de er hos oss. Førsteklassinggutane som er vandt med å vere yngst i familien kan sitte som store spørsmålsteikn om lillesøster begynner å grine - kva er det liksom!? :) Andre vegen har vi jentene på fire år som er eldste barn i familien, og som er så opptatt av det storebror gjør på at både lillesøster og storebror blir irriterte. De "enklaste" vennane vi har på besøk er de som har søsken på lik linje med våre barn, eller som har begge deler! De er opptatt av å vere saman med vennen sin, ikkje opptatt av kva storebror eller lillesøster gjør på. Lillesøster har ei venninne som har 5 (!) brødre, både yngre og eldre. Ho leikar like selvfølgelig med begge våre, ei sann glede å ha på besøk!
Haha, sosial trening er alltid på sin plass - i alle retningar, også for våre! Sidan begge skulle ha med seg venner heim i dag var de superraske på badet og ut døra - så vi var rekordtidleg ferdig og på plass på barnehage, sfo og jobb. Nice!

mandag 11. mai 2015

Regn

Noko av det kjedeligaste eg opplever om morgonen er når utstyr ungane trenger den dagen ikkje er på stell. Det er få ting som kan ødelegge ein måndags morgon meir enn når eg må løpe rundt i huset for å leite etter ting.

No har det vore finfint vær nokre dagar, men på fredag kom det litt regn - noko som viste seg godt på to måtar: storebror sine støvlar lekker, så han vart henta på sfo saman med våte sokker og våte støvler (han hadde skifta, heldigvis, men vått var det!). Lillesøster kom heim med våt hue fodi nokon har ein gong for ei stund tilbake knappa av hetta på regnjakka og lagt den frå seg ein stad.

Fredagen var vi opptatt på ettermiddagen, så desse to "haster litt"-oppgåvene hadde eg heilt gløymt til i dag tidleg da det hølja ned verre enn verst og eg måtte levere lillesøster i barnehagen utan hette på regnjakka (kompensert med å sende med to tre huer så ho i alle fall kan bytte når det blir vått etter ca.30 sekunder), og storebror på skulen med to ekstra par tørre sokkar (som blir våte igjen  det sekundet han tar på seg støvlane i de andre friminuttene).
Med ein gong sola kjem gløymer eg ALT, også må ungane vere ute i halvdårleg utstyr på ein regnfull måndag. Dumme støvler kjøpt på nett! Dumme mennesker som har knappa av hetta og lagt den frå seg! I ettermiddag må vi prioritere å kjøpe nye støvler (noko eg synas eg kjipt i og med at de som no er hull i kun er brukt i ein månad, og derfor må vi kjøpe samme størrelse ein gong til) og ei ny regnjakke med hette (som også er passlig i minst eit halvt år til - altså må vi kjøpe nok ei regnjakke i str 5 år fordi den vi har lenger ikkje er brukandes).

JA TIL UTSTYR SOM VARER!

Og no tikka det nett inn ein mail frå læraren til storebror om at det var mange våte 1.klassingar i dag. Eg er nok ikkje aleine om å ikkje ha utstyret på G. Sukk :(

søndag 10. mai 2015

Konfirmantpengegåve

I dag skulle vi ha vore i Florø for å feire ein feiandes flott konfirmant. Det er litt langt å køyre for noko kake, så vi er i Bergen. Det er vanskelig å finne konfirmasjonsgåve - og kanskje særleg til gutar! Vi gjekk for den kjedelige pengegåva - men googla rundt på nettet for å finne ein litt meir spanande måte å pakke inn på.
CDcover er kanskje eit utdøande objekt, i alle fall er det ikkje like mange av de rundtomkring. Vi har derimot ein del, så her la eg rett og slett berre inn eit fint ark der coveret skal vere.
CD-plate laga eg av litt tjukt papir og festa på vanleg måte (men med tape bak så den henger fast). På baksida av det blå arket som var "forside" limte eg fast silkeband som eg la pengar på og knytte ei sløyfe på.
Ganske så enkelt. Og ganske så kult. Takk O' store internett for inspirasjon!

lørdag 9. mai 2015

Laurdagsplanar

I dag arrangerer mannen utdrikkingslag, så eg og ungane er heime og tar'n kuli heile dagen. Ikkje det at vi stressar rundt når mannen er heime, men ein dag i fred og ro er fint. I den grad eg kan bestemme kva humør og sinnstilstand ungane er i. Men det er ein anna sak.

Utdrikkingslaget har eg trua på at blir toppers! Tandemhopping frå Ulriken og Whiskeysmaking kunne eg også tenkt meg (haha, minus det første da)! Gler meg til å høyre all about it i morgon!
Mannen og storebror på tur langs Storavatnet.

fredag 8. mai 2015

Intervju med storebror

Intervju med lillesøster på fireogeithalvt finner du her. Intervju med storebror for halvanna år sidan finner du her. Da var han femogeithalvt, no er han sju.
 
1. Kva synes du er det morsommaste i livet?
-laurdagar fordi det er nesten den einaste dagen vi får godteri.

2. Kva ville du ha kjøpt om du kunne kjøpe kva som helst i verda, og fikk kjøpe tre ting?
-Krokodilleborgen, Ørneborgen og Gorillaborgen. NEI! Ekte pengar! NEI! Mobiltelefon, nettbrett og TVspel!

3. Kva ville du ha gjort om du var aleine i eit rom og ville bli kjempeglad?
-dansa Boogie boogie.

4. Kva gjør engler?
- passar på Gud og flyr rundt og synger englesongar og spelar på engleinstrument.

5. Kva eventyr ville du helst ha vore ein del av?
- Spiderman og Lynet og Batman, Supermann og cowboy.

6. Kva er det morsommaste du har gjort i dag?
-gått på svømmetrening.

7. Kva skjer når ein døyr?
- ein kjem til himmelen.

8. Hvis du fikk velgje noko som mamma og pappa skal slutte med, kva ville det ha vore?
- at de skulle slutte å spise godteri på fredagskveldar istadenfor laurdag.

9. Kva synes du er de fem beste tingene med mamma og pappa?
- dokkar er så snille og fine. Dokkar er så glad i meg. At eg likar at heile familien spelar spel saman. At de er flinke å teikne. Flinke å skrive og lese.

10. Kordan ville du bygd ei spøkelsesfelle om du skulle fange eit spøkelse?
- dødsenkelt! Eit nett som spøkelset hadde trakka på, også hadde de blitt fanga.

11. Kva jobber mamma med?
- kulturkontor. Gjer pengar til de som skal spele teater.

12. Kva jobber pappa med?
 - å lage ting til store båtar.

13. Korleis veit du at mamma og pappa elsker deg?
- at de klemmer og seier fine ting til oss.


Mange fine svar - akkurat som sist! Han blir skikkelig irritert når han kjem opp etter at vi har sagt god natt til han på fredagskveldane, og han ser at vi har ei skål med snop. Vi spiser snop på fredags kveld istadenfor laurdag, og det likar han av ein eller anna grunn veldig dårlig :) 

torsdag 7. mai 2015

Skomakerens barn

Ikkje berre er eg utdanna innan kultur og jobbar med kultur - eg synas også at (den litt dumme samlebetegnelsen) kultur er tipp-topp-tommel-opp! Ungane er med på mykje av de som skjer, og er ofte med meg på arrangement i regi av arbeidsplassen min. De blir nok ikkje som skomakerens barn (som altså ikkje har sko om du ikkje kjenner uttrykket). Ein undersøkelse eg las for nokre år tilbake viste at barn av kulturarbeidere i mindre grad utnytta det kulturelle tilbodet i byen. Eg tvilar ikkje eit sekund på at det finnast familiar som er mykje meir "kulturelle" enn oss, men vi tar altså vare på den kulturelle kapitalen til ungane våre, med glede!
I vinter var lillesøster med på Lørdagsteater på Cornerteateret. Det er generelt lite tilbod til barn under skulealder (kan det ha samanheng med kommentaren eg fikk av ein eldre kollega da eg hadde eit innlegg om dette på jobb "små barn skal vere heime med mora si"?), så når eg fikk høyre om tilbodet var eg ikkje sein om å booke plass til fireåringen vår. Seks laurdagar på rad køyrte vi til Møllenpris, og medan eg strikka og drakk kaffi, hadde lillesøster det finfint saman med andre barn av liknande opphav. Når ungane er så små er det jo foreldra som bestemmer om og kva de skal gå på - ikkje sant? I foajeen saman med meg satt kulturjournalister, skodespelarar, musikkarar og pedagogar. Det er jo interessant!
Lillesøster spelte smørblomst i eit lite teaterstykke som vart presentert for oss siste laurdagen. Nydlege små med fine kostymer! De var med på å forandre scenografien, hadde jobba med teaterstemme og fikk litt regi undervegs - heilt fantastisk! Læraren var så flink, og de små skodespelarane var kjempefine alle saman!

Etterpå var det diskotek, og eg hadde steikt ein haug med sveler til alle saman. Det må de tru var populært!
Det er ei stund sidan vi gjorde dette, avslutninga var i februar, men eg lurer på om vi skal gjøre det igjen til hausten. Det var så fint med laurdagsaktivitet. da er barnet utkvilt, og vi har masse tid. Det at mannen og storebror vaska huset medan vi var vekke var jo ein stor bonus! ;)

tirsdag 5. mai 2015

Yogaaahhhhh!

De siste onsdagane har eg hatt stor glede (og smerte) av å gå opp trappene til Sandvikspilen, og vere med på yoga på toppen. Heilt fantastisk! I dag er det varmt og fint vær, men eg må bytte ut yoga med møte i samarbeidsutvalet i barnehagen. Eg er ikkje happy!
Men da eg starta arbeidsdagen i byn med å gå opp de 150 trinna frå garasjeanlegget og opp til gata kjente eg at beina sikkert synas at det er ok å slurpe kaffi sittande på ein liten barnehagestol i kveld istadenfor å gå opp 801 steintrappetrinn i varierande høgde. I går kombinerte eg joggetur på 5 km med påfølgande 30 minutter yoga - i alt ein time som tok innersvingen på det meste eg hadde av musklar i beina. Sikkert på sin plass med restitusjon i dag.
Frå yogatrening på y-yoga i byn.
Etter tips frå denne fine bloggen er eg med på 30 Days of Yoga og er på dag 22! Eg har gjort yoga foran nettbrett eller mobil kvar dag med kun ein dag med "pause" - sist onsdag da eg var på Stoltzenyoga og ikkje rakk ein til yogatrening etter at eg var komt heim. Men poenget er jo å gjøre yoga kvar dag i 30 dagar, så det går fint ann å supplementere med anna yogatrening også. Eg er heilt hekta! Om du ikkje har prøvd denne før - PRØV DET! Det er nydleg og bra!

Jeg drømte om fred

"Jeg drømte om fred. Dagbok fra en krig" låg i ei restekasse for 19 kr i Kristiansand sist sommar.
Dagbokskrivaren, Dang Thuy Tram jobba frivillig som lege for den vietnamesiske geriljaen, og dagboka vart akkurat redda under ei opprydding etter at krigen var over. Amerikaneren som tok vare på dagboka sendte den til Thuy sin mor i 2005 og vart gitt ut i Hanoi same år. Boka vart tatt godt imot, særleg unge las dagboka - kanskje fordi den skildra krigen på ein menneskleg måte. 

Språket er eit kapittel for seg sjølv, draumande, poetisk, først i tredjeperson,  så i førsteperson. Det gjekk greit å henge med, og boka lærte meg ein del om krigen som eg ikkje viste frå før.

mandag 4. mai 2015

Gamle gode kjerra, del to

Gjett kva bilen sa på veg opp frå Førde i går? !
111111 km OG 11 grader ute! Diggbart!

søndag 3. mai 2015

Intervju med lillesøster

Les svara til storebror i 2013 her!

1. Kva synes du er det morsommaste i livet?
-å danse

2. Kva ville du ha kjøpt om du kunne kjøpe kva som helst i verda, og fikk kjøpe tre ting?
-på leikebutikken? Annakosebamse, Sveindukke og Annakjole.

3. Kva ville du ha gjort om du var aleine i eit rom og ville bli kjempeglad?
-sove.

4. Kva gjør engler?
- de flyr.

5. Kva eventyr ville du helst ha vore ein del av?
- Frostboka

6. Kva er det morsommaste du har gjort i dag?
- å snurre.

7. Kva skjer når ein døyr?
- blir noe.

8. Hvis du fikk velgje noko som mamma og pappa skal slutte med, kva ville det ha vore?
- (tenke lenge) vet ikke.

9. Kva synes du er de fem beste tingene med mamma og pappa?
- leke og rydde. Lese bok saman, å teikne i boka mi. Hjelpe meg å skrive kort.

10. Kordan ville du bygd ei spøkelsesfelle om du skulle fange eit spøkelse?
- vet ikke.

11. Kva jobber mamma med?
- sitte på data

12. Kva jobber pappa med?
 - vet ikke

13. Korleis veit du at mamma og pappa elsker deg?
- fordi det er gøy å vere med noen.

Eg er usikker på om ho skjønte alle spørsmåla, men ho kom med mange fine svar - som eg ikkje tviler på eit sekund. Finaste lillesøster!

lørdag 2. mai 2015

100.000 km!

Eg elsker filmen "Min elleville ferie" og det er ein replikk eg kjem på med jamne mellomrom.

"Gamle gode kjerra skal til å passere 100.000 km! Dette må vi ta vare på for kommende generasjoner!" Han filmer hendelsen, men oppdager for seint at linselokket ikkje er tatt av. Då rygger de tilbake og tar det på nytt (genialt!)
Frå i fjor sommar. Det er ikkje så varmt no ;)
Eg trur ikkje Toyotaen vår går baklengs når vi rygger, så her har eg tatt bilete av den når den passerte 100.000 km berre fordi den filmen rocker. Les forøvrig denne! :)

fredag 1. mai 2015

Tub!

Etter at eg og mannen var på Solstrand og vart heilt forelska i varmt vatn utandørs har eg sikla på tub'bar og tenkt ut fleire gode plasseringar på eigendommen vår.
Men det er spørs om livet og arbeidsmarknaden seier at det sikkert ikkje er den luraste investeringa akkurat no; så i kveld tubbar vi oss hos nokon som alt har tub.
Sidan det er storebroren min og kona som har tub blir det nok ikkje fult så romantisk som på Soltrand. Lillebror og den andre svigerinna mi er også med oss i tubben i kveld - så for denne gongen byttar vi ut romantisk tub med morsom tub inkludert noko godt i glasset. Haha, eg får nok enda meir lyst på tub etter i kveld! 

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...