torsdag 30. juni 2016

Spanande dag!

I dag er det 6 veker og 2 dagar sidan mannen trakka over på fotballtrening og brakk ankelen. Det er 4 veker sidan han var på Haukeland i to dagar og vart vurdert opptil fleire gongar for operasjon. Og det er 3 veker og 6 dagar sidan begge ungane skreiv sine heile og fulle navn på gipsen hans med tilhøyrande initialer. Sidan eg ikkje var heime når dette vart gjort, teikna storebror eit hjarte øverst på gipsen der han skreiv "Mamma" inni. Altså meg da. Det er ut som "Mann" - og vi har ledd masse av det!
"Kvifor har du hjarte med "mann" inni?"
I dag er han tilbake på Haukeland for ny vurdering. Vi håpar han får av gipsen. At bruddet har grodd. Det hadde det nemleg ikkje gjort sist han var der.

Etter at han var på Haukeland sist har vi forandra sommarferieplanane våre. Natur og fjellopplevelser på Helgelandskysten vart for risikofylt når vi reiser kun få dager etter at gipsen (kanskje) går av. Han kan ikkje bære tungt eller få slag mot ankelen på 6 veker etter at gipsen er vekke. Det er ikkje verdt det om han er uheldig i steinrøysa på veg opp mot ein eller anna topp. Ikkje kan han ha sekk med drikke på ryggen heller. Eller hjelpe ein av ungane om de trenger det.

Vi har laga nye planar med litt meir asfalt! Det blir knallbra det også!

Men i dag kryssar vi fingrane for at alt er fint og at gipsen kan komme av!

onsdag 29. juni 2016

Kvardagsmiddag

I dag samlar vi alle i bilen etter jobb, sfo og bhg for å køyre på kvardagsmiddagsbesøk. Alle dagar må bli tatt i bruk når det snart er ferie og alle forsvinner kvar til sin kant. Det er sjølvsagt enklare når nokon alt har begynt på ferie og har heile onsdagen til å kokkelere og gjøre klart til besøk!
Vi skal også feire ei lita venninne som fyller 7 år i sommar; hipp hurra! Her er ho på overnattingsbesøk hos oss i vår og det er gøy å pusse tennene saman! Ein fin ettermiddag saman med gode venner!

tirsdag 28. juni 2016

Hannah

Denne lettleste sommarbrisen av ei bok las eg ut på ein dag! Eg avspaserte, og det var sol, så eg satt ute og hadde det veldig fint medan eg las i denne boka der handlinga var lagt til Italia. Vi snakker sommarferie, sommarhus, god mat og kvile. I alle fall før familietragediane tok over. Men de var liksom ikkje så store; det gjekk eigentlig ganske så bra. Og i alle fall enda det bra!
Med kjensle av å ha sett ein lett romkom la eg denne boka i haugen som skal til Fretex.

mandag 27. juni 2016

Ny veke!

Hurra for ny veke! Vekene vi har hatt den siste tida har vore eit ultraløp med kun kjekke stopp undervegs!

På to veker har det vore fire sommaravslutningar, fire bursdagsfestar, to farvelfestar, ei sankthansfeiring, to idrettsarrangement og ein konsert. Og eit bilsalg! Gøy på gøy, som lillesøster seier. I tillegg kjem jo 100% jobb, barnehage og skule - det er nok å henge fingrane i (og nok å hugse!)!
Eg har sjølvsagt eit fotballbilete her sidan det er EM eller VM eller noko i fotball - og det betyr at mannen (med ein sjarmerande gips på foten) prøver sitt ytterste for å sjå to kampar kvar dag. Og eg trur han har fått til det altså! Enkelte samlar seg opp haugesvis med konepoeng - den saken er grei!

søndag 26. juni 2016

Historien om vakre jente

Denne fikk eg i bursdagsboks frå mamma - ein anbefaling altså. Vakre jente er navnet ein døv mann bruker på jenta han forelska seg i - og desse to bur på ein "skole" for mennesker som av ulike årsaker blir sett på som annleis. Det er ikkje hyggleg lesing - i alle fall ikkje den første delen. Men det blir betre! Og når handlinga hoppar mellom tre-fire ulike karakterar går boka fort å lese!
Ei godt bok med ein fin og nedtona avsluttning. Fungerer finfint å lese i solsteiken på verandaen :)


lørdag 25. juni 2016

Trist dag

I dag arrangerer vi farvelfest for ein av lillesøster sin kjæraste og beste venninner. Heilt frå starten i barnehagen for fire og eit halvt år sidan har det vore tre jenter som har holdt saman. Og om tre dagar flyttar den eine jenta laaaaangt vekk. Det er fantastisk for familien som endelig skal flytte inn i eit romslig og nytt hus med den store familien sin, men trist for alle oss som blir igjen i Bergen.
I dag er det tre familier som samlast for å seie ha det. Ettersom ungane våre er så gode venner har vi også blitt det; mammaene og pappaene. Det blir ein fin og trist dag! Eg har kjøpt heilt like smykker til de tre jentene. Eg leita lenge etter vennskapssmykke med delar som passar saman, men utan hell. På fleire av gullsmedane sa de at "vanligvis har ein berre ein bestevenn". Kanskje det, men det stemmer ikkje for desse tre jentene!

fredag 24. juni 2016

Bilkjøp og bilsalg

Innimellom når eg manøvrerer den lange bilen vår inne i trange parkeringshus lurer eg på kvifor i all verden vi har ein så stor bil. Vi er berre fire, og vi køyrer stort sett kun til og frå bhg/skule/jobb, og handling ein gong i veka. Ikkje har vi hytte på landet. Ikkje har vi ein gard. Og vi har ikkje tre store og lange ungdommar som trenger plass i baksetet.
Men så skal vi på skitur. Eller ein lang fjelltur. Eller køyre ut oppsamla glass og metall, eller poser med klær til UFF. Ta turen til Fretex med fleire kasser gamle leiker, kjøkkenutstyr og bøker. Eller så skal eg frakte eit PA-anlegg for jobben. Eller nokre reklamebannere for eit arrangement eg er ansvarleg for. Da er det nydleg med stor bil!
Eller etter ein tur på IKEA
No finnes det heldigvis mange bilar mellom Avensis og Mini - og det er mogleg å finne ein bil som er både stor nok og liten nok.
Gjerne ein bil med plass til å kle på seg i bagasjerommet.
 Den dagen mannen knakk foten var begge ungane på besøk hos venner, og da utnytta vi dagen til å prøvekøyre bilar. (Han knakk foten på fotballtrening på kvelden). Vi prøvde ein Nissan Qashqai og ein Opel Mokka. Vi likte begge, men mannen synas Mokkaen var for liten. Den Qashqaien vi prøvde var god på mange måtar, men var ein av de enklaste utgåvene av bilen - så det var litt som å køyre ein billig plastbil. Vi søkte vidare.

På dette tidspunktet begynte eg å bli litt trafikkfarlig. Frå å knapt nok registrere fargen på de andre bilane på vegen vart eg no veldig interessert i å følgje med på kva bilar som eksisterte, kva eg likte - og sjølvsagt kva den bilen eg synas var fin i 90 k/t heiter! Det er ikkje bra altså! Mest av alt har eg jo lyst på ein Tesla, det er den einaste bilen eg la merke til før dette "kjøp ny bil"-prosjektet starta. Men no såg eg med interesse på alt med fire hjul - trafikkfarleg med andre ord!

Vi prøvde også ein Subaru Forester, men der var som å sitte langt nedi ein gammal trakor! Not for me. No hadde jo mannen knekt foten, så det var eg som satt med einaste køyreløyve.

Ein bil som eg såg MASSE av, var Nissan Qashqai. Det er tett mellom denne biltypen på vegane! Den likte vi jo godt, og den ser fin ut, så etter kvart la vi inn nokre søk på finn.no. Så dukka det opp ein Qashqai i Stavanger. Toppmodell, lite køyrt og ein pris langt under det eg hadde satt som maks. I løpet av ein dag bestemte vi oss for å kjøpe den. Usett og ukøyrt.

Ei veke etter tok eg bussen ned for å hente det nye gliset vårt! Hahaha, mindre bil du liksom!!! Men for ein flott bil! Elsk på den! Eg kunne ha ramsa opp kva eg diggar med den nye bilen, men det er kanskje ikkje interessant. Eg er i alle fall SÅ fornøyd! Den er supergod å køyre og vi diggar alle de nye fancye duppedittane som fulgte med! Også er den ein del kortare enn Avensisen ;)
Plass til å skifte klær i bagasjerommet? Sjekk!
På måndagen etter at eg hadde henta bilen skreiv storebror om helga si på skulen:

Så da satt vi med to knallbra bilar! Mannen køyrte Avensisen på jobb med brukket fot takket vere cruicekontroll. Vi la den likevel fort ut (dagen etter at eg henta Qashqaien) til salgs. Vi hadde ein del interesserte, og faktisk folk som starta budrunder. Men så forsvant alle som dugg for solen iløpet av ein dag.

Bilprosessen tok mykje tid ei stund! Dette var første gong vi har kjøpt privat og det var masse å sette seg inn i. Dette kom sjølvsagt sterkt til uttrykk på jobb, og med det samme eg sa at vi hadde kjøpt ny bil var det ein kollega (ein som, i likhet med meg, er stor Toyotafan. Faktisk har vi to overtalt ein tredje kollega om å kjøpe Toyota da ho skulle ha ny bil for nokre år sidan.) som umiddelbart spurte kor mykje vi skulle ha for Avensisen. Etterkvart som dagane gjekk følgte han ofte opp og lurte på om den var solgt. Etter at de interesserte gav seg kom han inn på kontoret mitt og spurte om han kunne få prøvekøyre den heim ein dag. La kona prøve den. Putte inn to bilseter og to unger. Sjekke ut bagasjerommet!

Sjølvsagt!

Dagen etter stod begge de fine bilane mine ved kontoret og gliste. Og fem minutter etter hadde Avensisen fått ny familie! De var (sjølvsagt) strålande fornøyde med Avensisen og alle de fancy duppedittane som var i den (det er jo virkelig ein flott bil det også!). Skinnseter og automatgir var happy days - det var som å vere inni ei god drosje sa han; så denne ville de ha! Iløpet av ein halvtime var summen overført og kontrakt signert. Kjøper er fornøyd - og eg er veldig fornøyd med å framleis kunne sjå "gamlebilen" min kvar dag. Den er jo så fin! Flott var det også at eg nett hadde gått igjennom kjøpsprosessen; no var det kjent territorium å leie ein anna igjennom.

Og slik vart historia denne gongen. Kjøp og salg. Mannen har enda ikkje køyrt den nye bilen, men så snart gipsen er av og han er klar gler eg meg til han får tatt seg ein tur!

torsdag 23. juni 2016

Verdens yogadag 2016

21.juni er Verdens yogadag og som i fjor (les meir om korleis eg markerte den her) var eg med på Bikram Yoga sitt arrangement på Torgallmenningen.
Det var 45 min med Bikram Yoga, 20 min med Yin Yoga og 20 min med meditasjon. Under meditasjonen sov eg meir eller mindre - det var heilt nydleg! Eg var saman med ei venninne som også fungerte som sjåfør, og det var bra - for etterpå var eg heilt i ørska! Det måtte gå over da eg kom heim til eit hus fult i unger og ein mann som stakk rett på møte. Eg la meg tidleg og har sove som ein stein i heile natt! Oh sweet yoga seier eg berre! Magisk markering i går - det er i alle fall sikkert!

I kveld er det St.Hansfest i nabolaget! Eg og to andre nabodamer har tatt initiativet for andre år på rad. I fjor kom det folk frå alle hus med stolar, grillmat og godt humør - eg håpar det blir slik i år også! Det er supersosialt og veldig kjekt å henge i gata med så mange flotte folk!

onsdag 22. juni 2016

Kunsten å være den man er

Eg bussa meg avgårde til Stavanger for å hente den nye bilen vår, og lang busstur betyr jo ein ting: lydboktid! Sidan eg kjørte heim igjen samme dag fikk eg faktisk høyrt 6 timar lydbok på ein dag - og da kjem du godt inn i historia!

Gjennom Buzzador hadde eg nett fått mulighet til å prøve appen Storytel på nytt og fant ei bok eg ville høre der. Eg lasta ned boka på mobilen slik at eg slapp å bruke mobildata heile vegen.

Dette er oppfølgaren til "Kunsten å høre hjerteslag" som eg høyrte på Storytel i mars. Det er gått mange år, og datteren til han som kunne høyre hjerteslag, Julia, reiser tilbake til Burma. Som i den forrige boka er det ei historie i historie - faktisk fleire historier - og den er svært interessant! Julia sin søken er ikkje like spanande - og bakgrunnen for reisa er ganske så snål og vanskelig å tru på.
Men nok ei god bok av Sendker! Han har også gjeve ut ei bok i 2015 "Hviskende skygger" som er absolutt skal få lest!

tirsdag 21. juni 2016

Elsakake

"Kva kake vil du ha på bursdagen din?"
"Frost!"
"ok.....?"
Takket vere tante Google fann eg LYKKEMAMMA og hennes superenkle oppskift på Elsakake! Vi lagde langpannesjokoladekake som vi skar ut to sirklar med vanleg frukostfat, og ein med tefat. Vi festa de oppå kvarandre med blå smørkrem mellom lagene. Etter å ha kledd inn Elsadukka til lillesøster med plastfolie trykte eg ho nedi ca midt på. Vi blanda ut smørkrem med kake - og brukte det som fyllmasse oppover mot livet til Elsa. Det såg ut som om ho var skikkelig dårlig i magen, så denne delen av prosessen tok lang tid! Vi holdt rett og slett på å le oss forderva!
Eg lagde ein ny porsjon med smørkrem som eg også farga blå med cacasfarge. Denne smørte eg utpå alt. Dette var feste for marsipanen, men for oss vart den også underkjole sidan vi ikkje hadde fått marsipanen tynn nok - altså at det ikkje var nok til å dekkje heile kjoledelen.
100 gr smør, melis og litt eplejuice. Samt farge.
Vi hadde spart litt marsipan for å lage eit belte. Det farga vi også, men med litt mindre farge slik at den vart annleis enn kjolen ellers. Beltet fungerte som skjul for plasten som dukka var kledd inn i, dekke for skøyten bakpå den mørkare marsipankjolen (vi fikk ikkje utav dukka igjen, så vi måtte skjære marsipanen slik at vi kunne tre den rundt ho), og gøyme litt av diareen til Elsa (hahaha!).

Snøkrystallene på kjolen vart festa med ferdig glasur på tube som vi hadde liggande etter pepperkakepynting i vinter. Her ser du tydleg den blå smørkremen AKA underkjolen :) Det var mannen som pynta dukka etter eige hovud. På underkjolen festa han små perler med ein ny (og derfor rein) pinsett. Eg trur han brukte rundt ein time på å pynte ho.
The cold never bothered me anyway!
Vi måtte omorganisere litt i kjøleskapet for å få plass til ho. Men her stod ho fint til neste dag. Vi lurte på om ho kom til å lage eit isslott inni der, men det gjode ho ikkje. ;)
Let it go
Baksida
Vi ville ikkje ødelegge ho med lys - også var vi litt redd for at ho kom til å ta fyr - så vi satte seks minimuffins med lys foran som lillesøster kunne blåse ut.
Hurra for bursdagsbarnet!
Elsa satt skikkelig godt fast nedi kaka, så eg skar stykker rundt ho slik at alle gjestane fikk litt kake. Det var kjempemorsomt når beina hennes dukka opp! Da måtte eg ta ei ekstra runde rundt borda og vise ho fram!
Ta-daaaaa!
Bursdagsjenta var superfornøyd med kaka si, og vi er ganske så fordøyde vi som lagde den også! Takk til Lykkemamma for god oppskrift!

mandag 20. juni 2016

Bursdagsfest for snartseksåringen

I går hadde vi ein stor bursdagsfest for lillesøster som fyller seks år i sommar! Heile 19 venner var inviterte, så eg var glad for at tre ikkje kunne komme - for det var nok med gjestar uansett! Med lillesøster og storebror på VIP-liste hadde vi 18 unger på fest i går. Ja, også ein lillebror som var der den første timen :)
Ungane våre gjorde klar godteposane på laurdag. Oppi hadde vi tyggis med tattis, krakklesnop (sånn som spretter i munnen veit du), sjokoladepenge eller twist, noko sukkerkliss frå maoam, to frimerkeklistermerker og ein liten keramikkfigur - ugle eller sau.

Vi hadde alle 18 i ei korg - klar til utlevering mot slutten av bursdagsfesten.
Også denne gongen hadde vi lånt lokaler, så etter at eg hadde bore alt i bilen var det berre å installere seg med mat og utstyr vekke frå eigen heim. Flotters! Sidan mannen humpar rundt på eitt bein, hadde eg bedt ei venninne om å vere min sisterwife for dagen. Ellers hadde eg tenkt litt porsjonstankar. Mannen kunne legge opp pølser med brød eller lompe på stort fat som eg bar rundt. På bordene hadde vi nok ketchup og sennep til at alle kunne nå det og servere seg sjølve. Brus fikk eg hjelp til - det vart unødvendig dyrt å kjøpe 18 småbrus (sjølv om vi var inne på tanken).
Etter pølser (de åt 36 pølser på 10 minutter!!) var det danseleik medan vi rydda av bordet, også var det pakkeleik. Med så mange gjestar varte pakkeleiken leeengeee - og du må tru den lille erta vår fikk mykje fint! Verdens heldigste altså! Ho er ei svært populær jente som har veldig mange veldig gode venner; og det kom heilt tydleg fram i kort og pakkar i går!
Litt Frost-tema. Og prinsesse og pus :)
Med gåvene plassert på bord i gangen fikk vi alle til bords. Etter at vi hadde sunge og lillesøster hadde blåst ut seks lys (bileter av kake kjem i morgon) sa eg til alle at det var iskiosk bakerst i lokalet.
Der hadde mannen og storebror satt seg til bak eit bord med pappservietter, skeier, tre liter vaniljeis, sjokoladesaus, to ulike typar strø og ein tydleg arbeidsfordeling. Dette fungerte kjempebra! Ungane stod i kø og bestilte is medan eg fikk dekt på minimuffins og gele i porsjonsglass rundt på bordene samt fylt opp med brus.
"Vil du ha sjokoladesaus?"
"Rosa eller blå?" "Begge deler!"
Alle ville ha kake saman med isen sin, så eg tok ein runde og kvitta meg med 3/4 av kaka! Det var ikkje så masse som vart spist, men det var stas å plukke av pynten! :)

Her hadde vi papp - så rett i søpla med det! Ute var det sol og varme, så ungane fikk springe ut og snart kom eg ut med snopeposekorga mi! Hahaha, der har vi mange gode bileter som eg dessverre ikkje kan vise her - men det var veldig gøy! Eg delte berre ut til alle utan snopeposeleik. Pus- eller prinssessepose? De fleste ville ha pus, og det var bra, sidan vi kun hadde seks prinsesseposar.
Ein time etter at selskapet offisielt var over hadde de siste gjestane reist, og eg kunne igjen pakke i bilen og køyre heim. Heime slengte eg saman lapskaus med pinnekjøttrestar frå frysaren, og resten av dagen satt vi slik i sola. Ungane stakk til venner rett etter middag, så det var berre kvilepuls og sommarlykke på oss to som var heime!

For ein kjekk dag! Og for nokre flotte venner lillesøster har!

søndag 19. juni 2016

Søndagsfest

I dag feirer vi den flottaste lilleøsteren i god tid før ho faktisk fyller år! Eg vel å sjå på det som luksus - å nesten uavhengig av den faktiske bursdagen hennes velje ein dato for fest. I dag passa det, så i dag er det fest!

Det er 18 unger i partyhumør og eg har ein mann med knekt fot. Eg gler meg til å fortelje om korleis vi får dette til å fungere når dagen er forbi og bileter er tatt! I mellomtida - kryss fingane for at både bursdagsbarn, gjestar og foreldre får ein fin dag!

lørdag 18. juni 2016

Liptons tekapsler

Nespressomaskina mi og eg fikk vere med på Buzzadorkampanje der vi fikk prøve ut Liptons tekapsler! Desse skal fungere i alle kaffemaskiner. Vi bruker kun Nespresso sine eigne kapslar i maskina vår, så dette er første gongen vi har prøvd noko anna. Og ikkje var det kaffe vi prøvde heller!
I ein boks er det ti kapsler, altså ti kopper med te!
På boksen står det at ein må la det renne litt vatn igjennom maskina før ein lagar seg ein kopp te. Det skjønte eg godt da eg gjorde det - for i maskina vår var det små kafferestar som er fint å få vekk først!
Men så var maskina klar til å lage te! Trykk på Lungo-knappen slik at du får de tildelte 2 dl. Perfekt liten kopp!
Teen smakte godt, akkurat passe sterk! Eg liker å lage store tekoppar, derfor drikker eg svært lite te når det er sommar og varmt! Men med desse kapslane i hus er det ingen problem å lage seg ein rask, liten tekopp i kveldssola! Det var akkurat det eg gjorde med den koppen som er på biletet! Mmmm :)

fredag 17. juni 2016

Barnehagetanker

I dag feirer lillesøster 6-årsdagen sin i barnehagen - ein månad før ho faktisk fyller år! Ho og vi ville at ho skulle markere dagen i barnehagen, saman med den "gamle" gjengen, istadenfor på skulen saman med de nye vennane. Eg tok bilete av ho foran inngangsdøra med det norske flagget hengt opp til ære for ho! Det er jo siste gongen!

Det er på mange måtar vemodig å ikkje lenger ha eit barnehagebarn. Det er stor forskjell på barnehage og skule - men som på så mange andre områder har storebror bana veg for lillesøster; og det er berre for ho og oss og følje på i samme spor. De bekymringslause barnehagedagane er snart historie.
Men det er særleg ein ting eg absolutt IKKJE kjem til å sakne! Og det er de nærmast vekentlege mailane frå styraren i barnehagen med tittel av typen "Lus i barnehagen", "Omgangssjuke i barnehagen", "Augekatarr i barnehagen", "Influens i barnehagen" og storfavoritten "Barnemark i barnehagen". Det er happy days å sitte på jobb og motta desse mailane og krysse fingrane for at vi slepper unna! Ikkje ein einaste gong iløpet av to år på skulen har vi fått ein slik mail! Jo - ein gong fikk vi lusmail - stemmer det!

For oss er vi så heldige at det stort sett er "ulv, ulv", lillesøster bruker (bank i bordet) å unngå desse "epidemiane"! Men det er varsellamper på i nokre dagar kvar einaste gong! Og særleg den der lusa! Eg berre seier det - får ho lus i det tjukke, lange, tette håret veit eg ikkje kva eg skal gjøre!! La oss komme oss inn i neste institusjon med færre småbarn, færre epidemier (eller i alle fall færre mail om de) og litt mindre kroppskontakt mellom ungane! Takk!

torsdag 16. juni 2016

Villeplet

På veg ut på jobb i andre enden av Bergen kommune stakk eg innom Fretex i Åsane og leverte inn eit heilt bagasjerom fult av esker etter at vi i april rydda ut av den eine boda vår. Det er godkjensle altså! Når eg først var der kjøpte eg nokre bøker til oss. Deriblandt Villeplet av Maria McCann. Dette skulle vere ei bok om hevn og arv - utgangspunktet for mang ei bok eg har kosa meg med, særleg når sommaren gjør at eg vil ha ei lettlest solveggbok.
Bok og kaffe på verandaen
Handlinga var frå 1800-tallet og var lenge interessant og spanande. Men så viste vi alt og det var framleis 150 sider igjen. Det skjedde ingenting nytt etter det punktet, så det tok lang tid å gidde å lese igjennom resten. Det vart litt "no er eg lei av at boka ligger her, eg må gjøre ein innsats så eg blir ferdig." Det er sjeldan eit teikn på ei god bok. Eg leverer den lett tilbake til der eg kjøpte den, med prislappen på! :)

onsdag 15. juni 2016

Sommaravslutningar

Dette er veka for sommaravslutningar! I går var vi på stranda saman med klassen til storebror, bileta er derifrå. Det var nydleg vær, men ein kald nordavind som vi ikkje merker heime hos oss, men som verkleg fikk herje fritt på stranda! Det stoppa likevel ikkje 8-åringane som både bada og sprang rundt i berre badetøyet!
I dag er det barnehagen som står for tur. Lillesøster er i førskulegruppa, og i dag får de mellom anna utdelt ein perm med minner, bileter og teikningar og historiar, frå sine år i barnehagen. Det er ein kjempejobb som ligger bak desse personlege permane og vi gler oss masse til å lese i lillesøster sin! I går kveld bakte storebror kanelkake til sommarfesten - etter oppskrift han har prøvd ut på skulekjøkkenet! Den er kjempegod! Hjelpes kor bra det er med større barn! Lillesøster hadde med litt smaksprøve til vennane sine til frukosten i dag :)
Dette cruiseskipet hadde det travelt med å forlate byen mellom de sju fjell i går! Den la seg over i svingen rundt Askøy, så den fikk skikkelig krengeside! Det såg ikkje trygt ut altså! Da var det godt å stå med beina godt planta på jorda!

tirsdag 14. juni 2016

Avspasering

I dag avspaserer eg og bruker store deler av dagen slik:
Men eg skal også klargjøre tre sommeravslutningar og to barnebursdagar før mann og barn kjem heim. Og vaske klær. Men no først :

mandag 13. juni 2016

Frøken Kanin i barnehagen

På lik linje som i Duestien barnehage er det ikkje lov å ha med bamsar inn i barnehagen. Lillesøster og storebror fikk Løvungen og Frøken Kanin til jul for ein del år tilbake, og har den siste tida sett masse på de små versjonane av bamsane når vi har vore på bokhandel. Ein dag vi gjekk innom bokhandelen såg vi at de var satt ned 50%, så da fikk de kvar sin versjon av de små bamsane også. Dette vart med ein gong barnet til de store bamsane og har medført masse leik og gøy! Da det var "ta med ein leike"dag i barnehagen og på skulen tok begge med seg de små bamsane.
Av og til får lillesøster lov å ha med Frøken Kanin i barnehagen mot stort løfte om å la ho ligge i sekken. Eg trur ho er ok god til å holde lovnaden sin. Her hjelper storebror til med å plassere ho på barnehageplassen. Som du ser er ho pakka inn i eit varm panneband slik at ho skal vere varm og god medan ho ventar på at barnehagedagen skal gå. Skjønne er de - alle tre :)

søndag 12. juni 2016

Bryllupsdagsgrilling

For snart eit år sidan var vi i eit bryllup der toastmasteren hadde ein artig "leik". 12 gjestar fikk utdelt kvart sitt kort med oppgåve på slik at bryllupsparet fikk feira kvar bryllupsdag gjennom året - kvar månad!
Vi fikk månad 10, og oppgåva var å invitere de med på ein blåtur. Vi hadde alt bestemt kvar vi skulle ta de, men så brakk mannen ankelen, og da måtte vi forandre planar. Derfor kjem de på blåtur til oss i dag! Det blir grillmat på store og små; og ein del røvarhistoriar kjennar eg oss rett!
Kjempefint opplegg frå toastmasteren! Eg håper og trur at de har blitt minna på datoen sin i snart eit heile år - og det er jo riktig så flott!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...