tirsdag 29. november 2016

Zzzz

Funnet ut at jeg er født i feil kropp.
Alt jeg gjør føles bare så feil.

Skulle egentlig ligget i dvale nå.

Jeg er en bjørn.
Bilde av isbjørnen vår og tekst frå norgejodel.

mandag 28. november 2016

Om å opne julegåva for i dag

No har vi holdt på med oppussing i kjellaren i snart fem (!) veker! Det er lenge med arbeidsfolk i hus og unntakstilstand! Men kvar ettermiddag har vi i samla tropp gått ned for å "opne julegåva for i dag" - nemleg sjå kva som har blitt gjort. Rør, membran, takplater, veggar, fliser - det er masse som har skjedd kvar dag! Vi begynte å bruke julegåve-ordet sidan eg synas det var urettferdig at alle hadde sett kva som hadde skjedd før eg kom heim frå jobb; også fortelle det til meg under middagen. Det er som at nokon har opna opp julegåva for deg, og forteller kva som er inni. Du får ikkje lov å sjå det sjølv ein gong før alle tre har gitt sin versjon av innholdet.

Da vart vi enige om at det var mest rettferdig å "opne julegåva" saman.
Har det komt basseng på badet iløpet av dagen?
Det har vore veldig stas heile vegen, men i dag blir det mest stas! I dag har de installert badekar, toalett, skap, vask og speil. Tenk!! Det er litt av ei julegåve det!

søndag 27. november 2016

Solsøndag

Det er søndag, det er sol og det betyr ein ting! Særleg no, etter at eg nesten dagleg den siste tida har googla ting som "hvordan få energi i vintermørket" og "hvordan virker lysterapi". Vi må ut og få sollys inn augene! Det er hovedmålet i dag!
Solutsikt frå heimen til mor og far
Vi skal prøve ein ny turveg, litt meir vest enn Bergen. Det er sol, men det er kaldt - så vi skal holde oss på trygge og opptrakka stiar utan for mykje opp og ned. Mmmm - vi skal nyte i fulle drag med varm drikke på termos og kulderoser i kinnene!

lørdag 26. november 2016

Sett ut en vaktpost

I fjor høyrte eg "Drep ikke en sangfugl" på lydbok. Samme året vart ei anna bok av Harper Lee funnet i junaiten, og i år har eg lest den også.
Yndlingste kjøpt i Sverige i sommar. Siste tepose, snufs :(
For meg er det stor forskjell på å høyre og lese ei bok, så det var litt rart å lese de samme navna som eg hadde høyrt så mange gonger på CD. Boka er skriven før "Drep ikke en sangfugl", men er gitt ut etter. Handlinga i "Sett ut en vaktpost" er frå ca.15 år etter handlinga i den andre boka. (tunga rett i munnen her)
Den var kort og fin, og ei god bok å ha lest i samanheng med den andre boka. De høyrer saman på mange måter, og kaster eit fint lys på historia. Eg likte nok "Drep ikke en sangfugl" betre, men det er like mykje fordi den var lengre; så historia tok tak på ein anna måte. Denne boka har ikkje ei historie på lik linje som den andre boka hadde heller. Les de saman! Men på mange måtar - les kanskje denne boka først.

fredag 25. november 2016

Utfordring: Småvatet rundt

Saman med yogakurset eg går på i haust får vi kvar veke ei utfordring. Ei av vekene var utfordringa "gjør noko som skremmer deg". Derfor prioriterte eg tur på ukjent sti.
Frost der det er skugge, varme haustfargar der det er sol, og Lyderhorn med snø på i bakgrunnen.
Frossen sølepytt
Eg liker ikkje å gå stader der eg ikkje er kjent. Eg liker ikkje å ikkje vite kvar eg er iløypa. Det går greit om det er folk der eller om det er tydleg merking, men ikkje om det er vanskelig å finne sti. Eg har ikkje retningssans, så om eg går meg vill er eg meir eller mindre dødsdømt ( i alle fall i hovudet mitt). Eg hadde lest om turen Småvatnet rundt og hadde veldig lyst å prøve den. I følge boka ville turen ta to timar.
Eg parkerte ved Alvøen Idrettspark og gjekk til Gullaksdalen (morgonstemning der på biletet over). Denne vegen kjenner eg godt. Da eg kom dit vart eg skikkelig nervøs, og plutselig var valgene eg gjorde heime heilt bak mål. Sidan det stod 2 timar i turskildringa hadde eg kun tatt med meg te og sitteunderlag. Tenk om eg gjekk meg vill i skogen da? Korleis skulle eg overleve?? Det var minus 7 grader, såp eg kom jo til å dø ganske fort! Eller, faktisk, eg hadde på meg masse klær - så eg valgte å ta sjansen og gjennomføre planen min. Det var tidleg på dagen og eg var tilsynelatande heilt aleine.
Så lenge eg såg spor av mennesker følte eg meg trygg. Men mykje av stien var vanskelig å finne, og ein stad gjekk den tett opptil eit stup rett ut i vatnet, og det var ganske så glatt. Men det gjekk fint (hahaha, eg var heilt dramaqueen!). Eg hadde trøysta meg med at eg skulle gå rundt eit vatn, så det skulle vere mogleg å gjennomføre sjølv om eg mista stien.
På skuggesida av vatnet var det nyleg frost overalt - så vakkert!
Etter rundt halv tur satte eg meg ned ned og drakk litt te. Mest fordi eg hadde pakka den med meg.
No kom eg innpå ein skogsveg, og her var det andre folk også. Det var jo veldig fint å gå heilt aleine i skogen, så -ja- kanskje eg tørr det ein anna gong også? Her tok eg meg nok ei tepause, i sola denne gongen, medan frostrøyken seig over vatnet.
Nydleg utsikt over Småvatnen til Lyderhorn! Det var vindstille og herleg, og eg var ganske så fornøyd med at eg fortsatt var i live! Eg brukte halvanna time på turen, så det gjekk sjølvsagt heilt fint utan mat (!). Neste gong tar eg med mann og barn. No som eg er lommekjent liksom ;)

torsdag 24. november 2016

Knuste adventsdraumar

Det er snart første søndag i advent - ein søndag vi har snakka masse om og gleda oss til! Jul er favoritthøgtida til storebror og noko han gler seg til og snakkar om året rundt. No som vi nærmar oss er det fint å markere det heime med litt adventspynt og lys. På nille fant eg desse fine lysene som eg ville ha som adventslys i år. Vi har to ulike stakar som eg er lei av, så eg hadde planlagt eit lysfat - noko enkelt og reint.
I påvente av den første adventshelga hadde eg satt desse på stua. I går medan eg satt saman med lillesøster på kjøkkenet for å hjelpe ho med leksene kom storebror inn med tårer i augene.

"Er det sant det jeg tror jeg ser? Har du kjøpt HVITE lys til advent?"
"Ja...."
"Åneheheheheiiiii (tårene trilla). Det er jo det verste som kan skje! Hva tror du da?! At HVITT er adventsfarge?"
"Eg tenkte det var fint?"
"Nei, det er lilla som er adventsfarge mamma!"

Han snudde på hælen og gjekk inn igjen i stua. Ikkje lenge etterpå høyrte eg hulking, og da skjønte eg at ein samtale måtte til, og at den samtalen måtte ende opp i at eg sa at eg skulle bytte de til nokon lilla. Så det har eg gjort i dag. No er adventsfreden på plass igjen. Også får eg heller vente med å vere enkel og rein og kanskje litt utradisjonell.

Forresten - kun ein månad til julafta i dag :)

onsdag 23. november 2016

Julegåve til meg sjølv

I nokre veker (det er faktisk kun nokre veker, ikkje nokre år som eg innimellom har følt) har eg hatt ei ufrivillig joggepause. Derfor var eg spent da eg satte av stad etter å ha levert lillesøster på dansetrening denne veka.

Eg hadde ikkje heilt tilbragt vekene på sofaen, eg hadde gått masse og trent yoga, men jogging er litt hardare og intenst. Og no var det mørkt og temperaturane var rundt frysepunktet. Eg kunne fort trakke litt feil og ende opp med å grisetryne i stadenfor å trene. Sjølvsagt er eg ei pyse på glatta, så turen vart ispedd litt gåing i nedoverbakker og bratte svinger. Shit au. 4 km vart det - og det gjekk så fint! Åh, kor eg har sakna det! Beina fell rett inn i gammal vane, og flyten er der med det samme. Fantastisk! Det merkast jo at eg har trena alternativt, men langt ifrå så ille som eg trudde der eg låg langflat på sofaen og lurte på om eg aldri skulle klare å jogge igjen.
Solnedgang på veg heim frå jobb. Seriøst!?
I fjor kjøpte eg ei litt isolert treningsbukse som er eit must når ein joggar i litt låge temperaturar. Så i dag har eg kjøpt julegåve til meg sjølv: enda ei isolert vintertreningsbukse OG joggesko med piggar under. Eg vil jo ikkje tryne på glatta! Den siste der er eg spent på og eg gler meg til første joggetur med piggar under føttene! Eg er sikker på at det er vel anvendte pengar!

tirsdag 22. november 2016

Det måtte jo skje

Det måtte jo det. Vi var klar over risikoen, men valgte å gå inn med all kraft. Det er ikkje enten heller. Det kan vere det. men for oss er det ikkje det. Vi valgte å pusse opp heime i stadenfor å kjøpe nytt hus. Vi valgte å satse på at det ikkje kom til å komme nokon interessante hus de neste to åra.
Hus med utsikt mot vest?
Den siste tida har det ikkje berre komt eit eller to hus som er over gjennomsnittlig aktuelle for oss, men TRE HUS! Tre hus som har ulike kvaliteter seg i mellom, men som alle har det ekstra soverommet (som vi ikkje har), den ekstra stua (som vi ikkje har) og fleire bad (som vi snart også har). Garasje, sol og rett beliggenhet. Det er surt. Det er veldig surt.
Vi kjenner litt de som skal bygge her. Lurer på om vi skal pleie det bekjentskapet litt ekstra?
Derfor har eg stoppe autosøket på finn.no. La oss late som om ingen hus er til salgs. La oss late som om det kun er oppussingsprosjekter og eneboliger under ein hengande fjellklippe som er til salgs. La meg leggje denne omstillingsprosessen som eg har levd i det siste halve året bak meg. Ikkje for alltid. Men for no.

mandag 21. november 2016

05:15

vokna eg i dag tidleg. Og det var ingen andre sin skuld enn berre meg og min overaktive hjerne som raskt reagerte på at eg ikkje sov og starta karusellen med maks hastighet. Arbeidsveka var i gang. To timar seinare stod eg opp og vekte ungane. Eg tenkje jo på det - at hadde det ikkje vore for den evige førstevakta heime, hadde eg kunne reist grytidleg på jobb og slik fått fleire ettermiddagstimar.
Bilete frå Bergen Assembly
Etter at ungane hadde gått ut døra og eg høyrte at de synas det var gøy å springe rundt og rundt bilen vår i den litt trange og bekmørke garasja vår, oppdaga eg at jobbnøklane ikkje hang der de skulle. Eg hadde ikkje tid til å leite etter de, så eg raska med meg mannen sine bilnøkler og forlot huset i håp om at eg ikkje var den første på jobb. Vanlegvis er eg den andre eller den tredje inn døra på jobb. Men akkurat i dag var eg den første (sjokk?). Eg satt og venta i ein halv time før nestemann dukka opp. Heldigvis var det god musikk på radio, men eg likte ikkje å måtte slå på motoren for å ikkje fryse uhjel. Som gammal miljøagent (heia Blekkulf) er eg rask på å skru av motoren om eg skal stå i ro.

Men altså. Møkkamåndag i tre og ein halv time før arbeidsdagen kunne begynne. Eg har hatt betre dagar.

lørdag 19. november 2016

Blomstenes hemmelige språk

Huff. Nok ei trist bok som eg trudde skulle vere glad. Denne handlar om den foreldrelause jenta som lærer seg å kommunisere gjennom blomster. Historia hennes er så fæl, og da ho får eit eige barn; nei fy; da vart eg heilt kvalm. Men det går bra, det gjør jo det; men det var ikkje sjølvsagt - eg var ikkje sikker på om det kom til å gå bra. Det var fælt å lese! Meeeeen - ei veldig god bok. Eigentlig.

fredag 18. november 2016

Festkveld

Det neste døgnet blir nice! Etter middag i dag kjem tante og hentar to små med soveposer og tannbørste - og når de har starta på turen til strilalandet er det festforbredelser. Eg og mannen skal til naboar på overraskelsesfest; og det gledast! Det er ikkje kvardagskost for oss å vere på fest i gåavstand til eiga seng (med andre ord, vi trenger ikkje å tenkje på busstider eller ta omsyn ved at ein av oss ikkje kan drikke), og vere barnefri påfølgande dagen derpå!
Dette skal vi nyte! Gjett om! ☺ God fredagskveld til alle!

torsdag 17. november 2016

Frukost på døra og farsdag

På søndag var det farsdag og den dagen skulle sjølvsagt markerast! Og ikkje berre på søndagen, men heile helga til endes! Det heile begynte på fredags kveld. Vi hadde barnevakt og skulle på Bare Egil Band-konsert på Hulen. Han skulle ikkje på scena før kl.22:30 (!), men vi lot barnevakten ta over ved kveldsmattid og stakk til byn på leit etter ein stad der VI kunne spise kveldsmat.

Vi var heldige å finne ledig bor på sumo, og hadde eit nydleg lite kveldsmåltid der - leeeengeee - med berre voksne folk rundt oss. Det burde vi definitivt gjøre oftare!
På Hulen var klientellet meir utblanda med studentar, ei gruppe eg ikkje lenger identifiserer meg med, men som er hysterisk morsomt å høyre på medan du sitter på do! Alt på vegen inn vart vi overraska av ei dørvakt (eg trudde han skulle ta i mot billetter) som målte oss opp og ned før han sa "Ja, dere kan jo gå rett inn." Medan jenta foran oss måtte la han rote i veska si før han slapp ho inn. Det er forskjell på folk si (og minst 15 år). Konserten var bra, hahaha, han vart aldri ferdig å spele! "Nå merker jeg at det blir litt stille her. Kanskje det er på tide å avslutte?" (men han holdt på ein halvtime til, og fleire og fleire gjekk) Mange blodfan i salen, det var ekstra gøy! 
Laurdags morgon måtte eg stå opp litt ekstra tidleg for å sjekke om det var levert noko på døra. Eg hadde bestilt frukostlevering via nettet, og var spent på om det hadde komt fram. På ytterdøra hang det ein pose, så eg gjekk inn igjen og spurte mannen om han kunne gå ut og sjekke om noko hadde skjedd der. Stakkars; han trudde noko var galt. Men han vart kjempeglad og overraska da han opna posen som inneholdt bakverk til ein deilig frukost!
Ferske og gode bakverk til alle! Fantastisk deilig! Ungane viste ikkje om det de heller, og var frå seg av begeistring og lovord! Ostebriks (AKA loff) til frukost er IKKJE kvardagskost! Det var så masse mat at vi hadde til lunch også!
Frå lokale bakerier.
På søndag var det den ekte farsdagen, og medan han fikk streng beskjed om å holde seg vekke frå kjøkkenet, dekka vi tre på bordet og kokte egg og la hauger med gåver og teikningar på plassen hans. Til dessert etter middagen fikk han Red Velvet Cupcakes etter eige ønske. Med fotballpynt - sjølvsagt! :)
Også var festhelga over. Mannen er storfornøyd; og eg meinar at alt var vel fortjent! (også er det game on når det er morsdag i februar!) (neida, det tenkte eg på først no!)

onsdag 16. november 2016

Tilbakeblikk

Før sommaren fikk mannen ny mobil på jobben, så da fikk eg hans og storebror min. Storebror hadde med seg mobilen sin på ferie (den blir meir brukt til å spele på enn noko anna), og han tok ein del bileter som framleis ligger lagra der. Eg såg igjennom de i går, og vil - på ein slik regnværsdag som vi har i dag - mimre litt tilbake til sommarferieliv.
Først kjem mange bileter frå Trollstigen. Denne vart han stort imponert over og knipsa i veg! De eg har lagt ut her er kun eit knippe av de han tok.



Her er eg til høgre. Eg knipser i veg eg også, men med speilreflekskameraet vårt.
Dette biletet er eg usikker på, men det er kanskje frå den lille omvegen vi tok da vi var på veg til Lillehammerområdet. Det er snø og skyer. Det kan ikkje vere andre stader.
På campingplassen ved Karlstad dukka det plutselig opp eit helikopter! Det var superspanande, og storebror sprang bort til resten av de skuelystne og tok bilete. Hans skugge i midten :)
Bak hytta vår (på biletet under) var det masse villbringebærbusker. De vart foreviga med dette biletet - mmmm!

Ei lita marihøne. Denne er nok frå Kongsberg.
På tampen er to bileter frå hausten. Øverst ein liten fetter, og underst ein liten pus som hadde forvilla seg frå heimen sin og budde hos oss nokon dagar medan vi leita etter eigaren.

tirsdag 15. november 2016

Biologitime

I dag tidleg frå storebrormunn:

"Viste du at jeg alt har vunnet et kappløp? Jeg var den første av pappa sine sædceller som nådde frem til ditt egg. Den første av 3000! Da vant jeg og derfor er jeg her i dag."
Åja, ok - fint. Da er faktaene på plass og vi slepper å fortelje. Takk til skulen! (Eg går ut ifrå at det er der han har lært det.)

mandag 14. november 2016

6-årskontroll

For ei heil del veker sidan var eg på 6-årskontroll med lillesøster. Det utvikla seg til å bli ei surrealistisk opplevelse der eg satt som på nåler og var kjempestressa for kva ho kom til å lire av seg. Ho var litt flau før vi gjekk inn, og vart veldig alvorleg. Og kvar gong helsesøster spurte ho om noko kom ho med svar som var heilt unyanserte og rare. Hahaha, det er nest så eg synas det er rart at ho ikkje ringte barnevernet. Skjønt, de er vel klare over at det er ein rar situasjon for ungane, og at svara ikkje alltid reflekterer virkeligheta.

Her kjem nokon dømer av den milde sorten.

Helsesøster: Klarer du å legge deg til å sove om kvelden?
Lillesøster: Ja, men først må jeg ligge og lete etter noe fint å tenke på. Ellers blir jeg så redd. (Ja, dette er fordi vi var på kino og såg ein spanande film for eit heilt år sidan, og sidan da har ho funnet ut at "jeg tenker skumle tanker" er ein måte å få utsette legginga på. Det er vi som har bedt ho om å tenke fine tanker.)

Helsesøster: Spiser du grønsaker?
Lillesøster: Jaaaa, liiiiitt...(TULL! Ofte er det det einaste ho eter!)

Helsesøster: Kva følelse får du når du kjem heim etter skulen?
Lillesøster: Sånn (peiker på eit bilete av ein unge med munn som ein rett strek). (What? Ho smiler frå øyre til øyre kvar einaste dag ho kjem heim, medan ho jubler "JEG FIKK LEKSER I DAG!")

Utan unntak svarte ho trist på alle spørmål. Satt saman vart det så masse. Denne jenta er jo så glad heile tida! Også virka ho som eit trist og inneslutta barn hos helsesøster. Så langt unna sannheten!
I dag skal vi på foreldresamtale med læraren hennes. Eg håper og trur at ho har ein anna oppfatning av lillesøster enn den som den stakkars helsesøsteren satt igjen med.

søndag 13. november 2016

Roleg tur til Gullaksdalen

For mange år sidan hadde vi som nyttårsforsett å "ha ein tur/aktivitet saman ein gong kvar månad". Det fungerte kjempefint, og no er det ei vane og nesten eit krav. Er det fint vær ein søndag MÅ vi ut på tur, ellers blir i alle fall eg sur. Vi må utnytte ikkje sant! Sjølv om eg ser at det faktisk er veldig mange søndager med fint vær. Det blir i alle fall veldig mange turar ut!
Denne finværssøndagen skulle lillesøster på bursdagsfest kl.15, så vi kunne ikkje ta ein lang tur som tok mange timar. Vi kjørte til Alvøen Idrettspark og gjekk derfrå og inn skogsvegen til Gullaksdalen.
Med kun 2 km ein veg var vi fort framme og hadde masse tid til å leike og tenne opp bål. Mannen hadde med seg tennstålet han enda ikkje hadde fått til å virke, og vi spikka masse smått for å hjelpe til med opptenninga. Han fikk det til etter ein del prøving; det var veldig gøy!
Ungane spikka seg grillpinner til pølsene vi hadde med. Mannen hadde laga ostesmørbrød til oss to som vi grilla på bålet. Det var fyr på bålet, men det var heilt vindstille og vi måtte jobbe ein del for å holde flammane oppe.
Det er veldig lite vatn i Småvannet no, det har vore ein tørr haust (kanskje?) - så det hadde dukka opp nokon små strender hist og her. Å spise varmt ostesmørbrød rett frå bålet med på stranda er maks kos altså!! I sola var det også forholdsvis varmt. I alle fall så varmt at vi kunne ta av hua!


Lillesøster organiserte leik med kastestrek og fire groper med 11 steinar i. Det var om å gjøre å kaste lengst. Mannen var desidert best, medan vi tre andre var på samme nivå :) Det var eigentlig dette som gjorde denne turen ekstra fin. Vi hadde så god tid sidan vi hadde komt fort fram og det ikkje var så langt tilbake. Masse tid til å leike og sjå på flammane, kaste stein og prate. Herleg! Ofte går vi lengre turar slik at vi ikkje har meir tid på toppen enn at vi kan spise mat og sjå litt før vi må begynne å tenkje på tilbakevegen. Denne søndagen var fin.
På vegen tilbake hadde vi eit lite stopp her for å nyte utsikta og spise litt sjokolade som vi gløymde tidlegare. Storebror har seg ei stille stund.

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...