mandag 6. mars 2017

Driver fram vår!

Eg snubla tilfeldig over ideen om å drive fram våren inne i huset! På ein skogstur tok eg med meg noko blåbærbusker som eg satte i vindaugskarmen på kjøkkenet. Her er ettermiddagssola - meir og meir kvar dag; så her trivast alle planter!
Berre det å få dette inn i huset var herleg! Grønt og fint. Det tok nesten to heile veker før bladene kom, så vi er nok eit stykke unna våren ute enda! Men raskt etter bladene kom små, kvite blomster! På to dagar var det fult!
Det blir nok ikkje blåbær - til det må eg vel ha bier? Men den er så fin der den står! Vi merkar så godt at det blir lysare! Ungane er ute og leiker i hager og vegar rundt oss og kjem inn med roser i kinnene! I dag var det til og med litt lys inn da klokka ringte kl.07:00. Våren er på veg!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...