onsdag 29. november 2017

Oslo og sol i 24 timer

Med ny jobbkvardag følger det med mange endringar. Nokon gode og nokon dårlege. Men noko av det gode er oppmuntringa om å komme seg ut av byen for å få ny kunnskap, knytte samarbeidsband og bli inspirert. Derfor var eg i Oslo i det som eigentlig kun skulle vere ein dag, men eg bestemte meg for å slå to fluer i ein smekk og reiste etter jobb dagen før konferansen for å besøke ei venninne som bur der.
Eg trudde eg var lur og valgte vindusete for å sjå sola når vi kom over skyene. Men eg var ikkje så veldig lur likevel. Eg burde tatt andre sida. Den som er mot sør.
Her er morgonutsikt frå leiligheta. Synas ikkje det er så fint på bilete som i virkeligheta, for her ser ein Oslo by så langt auget kan sjå. For ei utsikt altså! Også befolkningstetthet - der krana står skal det komme ei blokk. Arealeffektivitet. Det er stort i Bergen også.
Konferansen eg var på var gull - og dagen gjekk kjempefort! Her prøver eg å ta bilete av sola igjen - hahaha - den er jo så eksotisk for tida!

Flytoget gav solnedgangsutsikt. Her var jo klokka kun 15-noko; så det er om å gjøre å nyte lyset medan ein kan!

Heimover var det mørkt. På dette tidspunktet ville eg berre komme meg heim. Sol eller ikkje. Mannen var på jobb i Sverige, og heime venta det unger, lekser, kveldsmat og nisteboksar, lesing og kosing. Det var godt å leggje seg den kvelden for å seie det sånn :)

mandag 27. november 2017

Etter tåka

Seinhaustes og på vintertid er det viktig å prøve å få mest mogleg utav de lyse timane vi har! Lettaste er det i helgene - sidan det er mørkt idet ein kjem heim i vekene. Ein søndags førmiddag i oktober tok eg ein tur opp på Lyderhorn. Først i opplett og glimt av sol, så i tjukk tåke.
På toppen tok eg bilete mot byn sidan det var litt lettare der. Da eg snudde meg mot vest hadde tåka letna, og den forsvant medan eg såg på - det er så stilig! Plutselig dukker både hus og hav og fjell opp! Digger det! Dårleg vær er ganske så kult det også! Enkelte dagar er følelsen av regn i ansiktet etter å ha sitte foran PC'en i ein heil arbeidsdag noko av det beste som er!
På veg ned gjekk det like fort tilbake til tjukk tåke igjen, så eg trur eg var heldig som var på toppen de få minuttene det plutselig var klart! Flaks, flaks!

tirsdag 21. november 2017

Haustskog

Om ein månad frå i dag - 21.desember . begynner juleferien! Det er heilt sprøtt å tenkje på! Hausten har susa avgårde! Hausten er eigentlig veldig kort, men det er kanskje ikkje alltid den føles kort?
I helgene prioriterast tur i dagslys. Den siste veka har både regnbuksa og turbuksa mi plutselig rakna i fleire saumar, de er eldgammle, men det var litt dumt at det skjedde så tett innpå kvarandre. Regnbukse må eg i alle fall ha!
Bileta er frå ein skogstur i sol for nokon veker sidan. Det er så fint lys! Og irrgrøn mose! Herlig!


fredag 17. november 2017

Førjulstid

Førjulstida er ein god øvelse i å ikkje sjå på alt som må gjørast og kjenne at det ikkje lenger er så kjekt. Det fyller seg opp med GØYE aktiviteter! Vi prøver å ta ein dag om gangen - og kun glede oss til det neste som skal skje.
I løpet av de neste fire vekene gjennomfører vi tre konferanser (i tillegg til de to en hadde denne veka), fem førjulsfestar, sju juleavslutningar, fem kulturarrangement (det eine er det eg som er ansvarleg for) og ein todagerstur til Oslo. Sjølvsagt - i tillegg til vanleg skuring. Så masse gøy! Slik er det kvart år. Kjekt at det er slik og kjekt at det går over.
Bileta er frå universitetsområdet. Av og til, men ikkje ofte nok, utnyttar eg at eg jobbar i byn. Denne gongen hadde vi lucnhmøte saman med studentane her oppe. Herleg!

mandag 13. november 2017

Søndagstur

I helga var Toulouse heime med berre oss jentene og han har storkosa seg! Det har vi også - og ganske så tidleg søndags morgon kledde vi godt på oss for å ta oss ein god søndagstur opp til nærmaste ås. Den er så lav at eg vanlegvis seier nei når den blir foreslått, men når lillesøster fikk bestemme vart det denne. Vi tok oss god tid oppover, det veksla mellom speilglatt og sørpete.
Her er litt vinterhage heime hos oss. Sola kom på huset rundt 09:30. Vi har ikkje direkte sol på huset så veldig mange timar på vinteren, men det blir tatt igjen til gangs på sommaren. Deilig er den i alle fall. Sola.
Vi gjekk ein rundtur frå toppen via 1.klassebygget der lillesøster fikk leika seg litt. Vi fant to posar som vi fylte opp med søppel før vi gjekk heim igjen. Turen var ikkje lang, eg satte ikkje på Runkeeperen ein gong, men vi var ute i to heile timar. Søndagsro i praksis. Heime lagde vi oss toast og såg litt teiknefilm. Vi henta speidarane våre før middag og kunne servere farsdagskake til dessert. Resten av dagen gjekk med på å oppdatere kvarandre om den siste veka. Eg og mannen hadde ikkje vore i samme hus meir enn nokon minutter sidan sist helg - så der var det mykje som måtte forteljast! Hahaha, no er vi oppdaterte og klare for ei ny og rolegare veke :)

fredag 10. november 2017

Helgeplaner

I helga er to av oss heime og henger, medan de to speidarane våre er på leir. Det er fint å ha heilt ro i huset, samtidig som de siste vekene har vore på fullpakka at det hadde vore fint om alle var heime for ein gongs skuld. Heldigvis er de heime til farsdagsmiddag på søndag. Far fikk ikkje bestemme noko denne gongen sidan han var på jobbreise, men storebror har avgjort kva menyen er; og det er eg sikker på at han blir fornøyd med. Mannen altså. Og vi andre. Kake er vel aldri feil ;)
Bileta er frå hausttur langs vatnet medan lillesøster er på turn. Dette var to dager etter Halloweenløpet. Vanlegvis joggar eg medan ho trenar, men ikkje denne dagen. Lyset og trærna er så vakre no på hausten! I helga skal det regne, men eg skal ut på dagslysjakt likevel :)

torsdag 9. november 2017

Morgontur

Etter at eg begynte å jobbe midt i Bergen sentrum har det blitt litt mindre møteverksemd andre stader enn på kontoret. Det synas eg er synd, for eg brukte alltid å til møtene (med mindre de var i Ytre Arna eller Nesttun) og det er så fint midt i arbeidsdagen. Derfor er eg glad kvar gong det er møteverksemd utanfor bykjerna. Som denne dagen - da eg skulle starte arbeidsdagen på eit møte på Danmarksplass.

Eg gjekk av bussen på Møhlenpris og gjekk opp i Musehagen for å spise frukost der.
Her tok vi bileta på bryllupet vårt (og her var vi i utdrikkingslaget mitt også) - akkurat her:
Eg har også så mange minner frå denne hagen frå da eg var student på universitetet. Særleg den gongen den greie professoren synas det var for varmt og fint til at vi kunne være inne - vi måtte ut og heller ta forelesninga her i hagen. Ehh, den fikk eg ikkje med meg noko av, men deilig det var det!
Bra frukostbenk!
Eg gjekk gjennom Nygårdsparken samme veg som eg sykla kvar dag det året eg budde på Danmarksplass. Her var masse forandra! Og det er kanskje ikkje rart! Sist eg var der var i 2002!

Eg vart så opptatt med å sjå og ta bileter at eg måtte småjogge på slutten for å nå møtet mitt. Så da satt eg der og svetta ei stund. Alltid kjekt å  jogge!

tirsdag 7. november 2017

Halloweenløp

Nettsida Skjørteløpet arrangerer årleg ulike virtuelle løp der ein kan melde seg på, få tilsendt t-skjorte, startnummer og medalje, også gjennomfører du løpet innan ei gitt tidsramme.
Da de lanserte Halloween-løpet i haust meldte eg meg på med det samme! Rundt Halloween hadde eg fire dagar på meg der eg skulle løpe 10 km. Eg jogger ikkje så lange turar lenger, så eg var veldig spent på korleis dette skulle gå!
Dagen før hadde eg vokna av skikkelig krampe i høgre legg. Krampa varte lenge, og utpå dagen dukka det opp fleire blåmerker på leggen. Skikkelig trøkk altså! Så da eg jogga ut dagen etter og starta på mine 10k, var eg usikker på korleis beinet mitt ville ha det etter endt løp. Høgre leggen var forsåvidt ok medan eg løp, men i oppoverbakkane kjennes det som om eg hadde ein murstein i venstre legg - rett før kramper også der. Dette har med fjellturar og trappegåing å gjøre, og eg kjenner at strekking hadde vore på sin plass. Men nok om det; løpeturen gjekk finfint til 7-8 km, da var eg SLITEN! Men eg klarte meg igjennom siste km også, noko anna var heller ikkje aktuelt, og var heilt utslått etterpå. Da hadde eg 15 minutter på å dusje før eg måtte til byn; så det vart ei kortvarig feiring med medaljeseremoni!

fredag 3. november 2017

Halloweenfest

I fjor hadde vi ikkje Halloween-fest, og det er kanskje derfor det var ekstra stas i år!
Ferdig kransekakedeig og skolda mandler.
Vi har kjøpestopp i haust, men det vart kjøpt inn litt forbruksartikler som klistermerker, spindelvev, servietter. Her er døra inn til soverommet vårt. Enkelt og stilig

I år satte vi opp spindelvev i trappa og nede i hallen. Tidlegare har vi hatt det i stua. Masse gøy for veldig liten penge!
Klassikerne som spøkelser (marshmallows), stive rottehaler (saltstenger), mumier (pølser rulla med pizzadeig) og rottehakkpizza (grandis) var sjølvsagt med.

Nytt av året var faktisk smågodt. Det har vi ikkje hatt før. Storebror kalte de for urter, og de forsvant fort!
Vi hadde invitert tre andre familier og alle hadde med seg noko til festen. Her deilige cupcakes, og under ei stilig gravplasskake.
Med åtte unger i hus og tilhøyrande voksne var vi litt usikre på korleis Toulouse ville ta det. Puste kunne styre sin begeistring for mange folk, men han her sovna på gulvet ein times tid før gjestane kom. Etterkvart bevegde han seg opp i ein stol. Og der låg han og sov under heile besøket, og fleire timar etterpå.
Nokon hadde tydlegvis prøvd å leike litt med han utan mykje hell. Det var mange som vart bortom og kosa med han, så han hadde det nok som plommen i egget.
Etter at gjestane hadde takka for seg vart ungane sittande på kvart sitt rom resten av dagen - da var de godt utherja! Eg tok  meg ein muffins heilt aleine - den beste av de alle etter ein veldig kjekk dag:)

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...