mandag 23. april 2018

Blåmåndag

Nokon dager er ekstra treige. Som i dag. Toulouse skrapte på døra vår rundt halv seks, hjernen sa "JA! DA var veka i gang!" og da er det gjort. Da eg omsider stod opp såg eg at tåka låg langt ned i fjellsida også prøver eg å finne på kva anna som var galt med morgonen i dag, men det var ikkje noko meir. Likevel var den teit og grå.
Utsikt frå lugaren vår på veg heim frå Danmark 1.påskedag
Når eg vokner før klokka ringer bruker eg å tenkje på tre ting eg gler meg til i dagen som kjem. I dag såg lista slik ut:

1. Spanande møte på jobb i dag og eg skal gå dit, noko som betyr at eg får meg ein halvtimes spasertur i arbeidstida( (noko eg digger) Turen går til Indre Laksevåg, noko som er bra, for da kan eg
2. Sitte på med mannen heim frå jobb
3. Lillesøster har avslutning på turn i dag, og eg gler meg til å sjå ho i aksjon!

Dagen blir god den, berre eg kjem i gang. Og neste måndag er det inneklemt-dag-fri. Det er fint å tenkje på det også!

torsdag 19. april 2018

Siden sist


Påskeferie i Danmark. Bading, strand og Legoland. Og flødeboller!
Jobb, jobb og jobb. Sol og snø på toppen av Ulriken.
10 år! Kan framleis ikkje tru det! For ein stor og fin unge vi har!

tirsdag 17. april 2018

Vårarbeidslyst

Lysta til å gjøre noko i og rundt huset kjem kvar einaste vår saman med fuglekvitter og lyse dagar. Også i år. I fjor var vi framleis leie oppussing etter at vi tok kjellaren på vinteren, men det enda likevel med at vi tok begge barnerommene. Overflateoppussing, men likevel.
I helga vaska vi huset på utsida og no ser den nesten heilt nymåla ut! I alle fall på avstand. Der har vore så drittent i vinter at eg nesten har vore litt flau for å parkere foran. No er det veldig fint, men kvit er kanskje ikkje den beste husfargen i Bergen? ALT viser! Vi skal bytte nokon viduer i huset og to verandadører, samt bygge platning. Denne veka er det befaringer, også håper eg vi (eller de som skal gjøre det for oss) er i gang om ikkje så lenge. Det blir veldig spanande. Og ikkje minst er det mindre styr med dette som skal foregå på utsida av huset enn det er med oppussing inne. Det gledast!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...