mandag 23. april 2018

Blåmåndag

Nokon dager er ekstra treige. Som i dag. Toulouse skrapte på døra vår rundt halv seks, hjernen sa "JA! DA var veka i gang!" og da er det gjort. Da eg omsider stod opp såg eg at tåka låg langt ned i fjellsida også prøver eg å finne på kva anna som var galt med morgonen i dag, men det var ikkje noko meir. Likevel var den teit og grå.
Utsikt frå lugaren vår på veg heim frå Danmark 1.påskedag
Når eg vokner før klokka ringer bruker eg å tenkje på tre ting eg gler meg til i dagen som kjem. I dag såg lista slik ut:

1. Spanande møte på jobb i dag og eg skal gå dit, noko som betyr at eg får meg ein halvtimes spasertur i arbeidstida( (noko eg digger) Turen går til Indre Laksevåg, noko som er bra, for da kan eg
2. Sitte på med mannen heim frå jobb
3. Lillesøster har avslutning på turn i dag, og eg gler meg til å sjå ho i aksjon!

Dagen blir god den, berre eg kjem i gang. Og neste måndag er det inneklemt-dag-fri. Det er fint å tenkje på det også!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...