onsdag 26. desember 2018

Perlegåve

I år har lillesøster laga eigne julepresanger til nokon av venninnene sine. Vi fant fine idear på nettet, også perla ho juletrepynt.
Få ting er  vel så stas som å lage og gje vekk noko så fint!

fredag 21. desember 2018

To do today: juleferie

Sjeldan har vel ein desember snegla seg saktare fram. Det har nok noko å gjøre med at eg følte at det var desember midtvegs i november. Slik sett har desember vart i nesten 5 veker, og enda har ikkje sjølve jula komt. Det er nok der det kom litt skeivt ut i år.
Det som faktisk har vore desember har vært fullpakka med aktiviteter. Neste år må vi kutte noko vekk - vi trenger virkelig ikkje å gå på alt! To julebord, fire juleavslutninger, der eg var ansvarleg for to, sju førjulsarrangement, derav ein som eg var ansvarleg for, tre konsertar, fire slag julekaker, tre førjulsbesøk, minst femtifire uanmeldte besøk til ungane, jobb, trening, sofarens, nye brannvarslere, førti julekort, gåver til venner og familie, nær og fjern, julefilmar og slenging i sofaen. Det er ein del førjulsarrangementer her eg vil kutte ut, slik at det blir meir tid til siste punkt på lista.
Mot Fløybanens nedre stasjon - som ei lyselv ned bakken
I dag er det siste arbeidsdag før ferie. Det blir markert med kaffe fra Starbucks og ein litt kortare dag. Det er forøvrig på sin plass, for ei treigare arbeidsveke skal ein leite lenge etter.
Dagen ferien begynner er den beste dagen. Og eg skal kickstarte juleferien med å legge meg å sove etter middag. Kun fordi eg kan!

fredag 14. desember 2018

Vårt bidrag til Pepperkakebyen

Årets bidrag til Pepperkakebyen var alt bestemt i fjor! Det hadde lillesøster gløymt, så vi måtte gå nokon runder med ho før ho til slutt aksepterte at avgjørelsen var tatt og at det ikkje var hennes ide. Ho skal derimot bestemme neste års pepperkakebybidrag. Satsar på at ho hugsar det.
Det er altså storebror som har bestemt kva vi skulle lage i år: Avengers-tårnet! Eg veit ikkje kva det er, men det er kult og det ser cirka sånn ut:
Som vanleg er det avstiva med mengder av papp - og også sikra med sterk tråd slik at ikkje platformen skal brekke av. Limpistolen er hyppig brukt, og sidan vi fikk litt tidsnaud med å få denne ferdig før de ikkje lenger tok imot byggverk, hadde vi kun melisglasur og ingen snop å pynte med.

Vi hadde god hjelp av to av storebror sine kamerater både når vi skar ut formene og når vi pynta, så det vart dobbelt opp med diplomar og pepperkakemedaljer!

I desember tok vi turen for å sjå på alt det fine som var blitt bygd til årets Pepperkakeby, og for å leite etter vårt eige!
Det er nokon som lagar så fantastiske hus til Pepperkakebyen! Kvart år blir vi så imponerte!

Musikkpavaljongen

Og like ved svingen som tar deg til kafeen hadde de bygd opp ein superheltavdeling! Og her stod tårnet vårt, like under Ulriken :) Heilt nede ved vegen - og ingenting var knekt!
Denne søte, lille tekanna! <3

Etter Pepperkakebybesøk gjekk vi på kino der vi tilfeldigvis møtte nokon venner. Vi avslutta dagen med middag og ein tur innom Julemarkedet medan vi venta på bussen. Finfin bydag!

søndag 9. desember 2018

Livarden

På eit av de mange skiturane våre til Totland sist vinter såg vi opp mot Livarden og vart enige om at vi skulle komme tilbake dit ein gong det ikkje var snø - og rett og slett stikke oppom! Da det var meldt finvær på ein søndag kom storebror på dette (vi andre var blitt enige om NOK ein tur på Ulriken) og for første gong på så lenge vi kan hugse kom alle seg ut døra på søndags morgon utan ein einaste sur mine!
Vi parkerte på samme stad som når vi går på ski og gjekk i tåka oppover både veg og sti. Det var litt dumt at finværet ikkje slo til. Ikkje såg vi kor fint det sikkert var rundt oss og ikke såg vi korleis vi låg ann med tanke på toppen. Vi møtte på ei dame på veg ned som sa at snart var vi over tåka, og DA ALTSÅ! Ho hadde heilt rett - for eit syn! Tåke overalt under oss! Sol frå skyfri himmel over oss! Og fargar over alt!
Vi hadde framleis langt å gå (heldigvis viste vi ikkje det da), men humøret var på topp heile vegen til Livarden - 683 - det sjette høgaste fjellet i Bergen kommune. Vi kosa oss med god lunch og utsikt mot Ulriken og etterkvart også Løvstakken som stakk opp over skyene.
På veg tilbake gjekk vi med sola midt i kladeisen noko tre av oss elska og ein av oss hata. Nedturen gjekk utan tvil fortare enn oppturen. Til saman gjekk vi ei mil og mange høgdemeter. Litt solvarme i kinnene og med søle langt oppetter fjellbuksene våre køyrte vi direkte på middagsbesøk. Slike søndager er de beste av alle!

torsdag 6. desember 2018

It's beginning to look a lot like christmas

Sist veke var så full av førsjulsaktivitetar at da vekkerklokka ringte måndags morgon denne veka var eg heilt sikker på at det var ein feil. Hadde vi ikkje juleferie da?
 Det hadde vi altså IKKJE og sjølv om det har gått nokon dagar sidan måndag er eg ikkje heilt enig med det faktum at juleferien ikkje er i gang. Lav vintersolbilete er frå ein førmiddagsspasertur i Nygårdsparken.
 Etterfulgt av gresskarsuppe og venninneprat på nabolagskafeen i samme område medan lillesøster var på slimbursdag på VilVite.
 Heime rekker sola knapt nok over svingen i sørvest. Det har vore iskaldt ei periode, men ingen snø.
For andre året på rad var vi med på Fakkeltoget på Løvstakken. Denne gongen var det rekordmange som var med, så vi gjekk i kø både opp og ned. Fantastisk fyrverkeri på toppen, julemusikk og gløgg i startområdet når vi kom ned igjen.

Programlansering på Den Nasjonale Scene er alltid gøy. Det håpar eg den nye teatersjefen fortsetter med. Også sjokolade da!
Lystenning og julekonsert på Festningen er vi med på kvart år. I år kombinerte vi det med middag i byn noko som både var fint og som betydde ein veldig hektisk kveld heime etterpå.

Vårt 9ende julemann- og pepperkakebakeri med gode venner vart gjennomført 1.desember. I år hadde vi bukka over noko trur eg, for igjen var det masse baking på de voksne sidan ungane synas det var litt kjedelig i lengden og heller ville leike skule.
Lillesøster tok nokon bileter :)

Julegrantenning på Laksevåg gjorde vi første gong i fjor og det var så kjekt at det hadde vi lyst å gjøre i år også. Stemningsfullt og fint. Gløgg, nisser og julemusikk.
- og enda er det mange dager igjen til jul.

tirsdag 4. desember 2018

Halloweenfest 2018

Tradisjonen tru inviterte vi til Halloweenfest ein av dagane før sjølvaste Halloween-kvelden. Denne gongen hadde vi invitert tre vennefamilier og koste oss med masse god mat og prat.


Når vi no har feira Halloween på denne måten i 8 (!) år har vi nokon favoritter som går igjen på matbordet. Enkle retter som vi kan lage på få timar før gjestane kjem.
Gresskaret blir brukt i gresskarpai (som vi framleis har nokon stykker av i frysaren). I år skjærte vi ut med hjelp av ein sjablong. Da vart den ekstra skummel og kul!
På Halloween gjekk ungane på knask-eller-knep i nabolaget. Storebror og kameratane hans hadde planlagt løype og kom heim med enorme mengder snop! Det var fullt av unger i gatene og kjempegod stemning! Vårt hus ligger litt utenfor hovedtraseen, så vi hadde ingen på døra! Det skjer kvart år. Da er det ekstra gøy å få være med å gå litt med ungane.

lørdag 1. desember 2018

Glimt frå eit kvardagsliv

Over vestlandsskyene - morgonsol i sør.
Reine linjer og blå himmel på Gardermoen.

Etterlunchtur på Lyderhorn ei oktoberhelg. Lav sol og haustfargar. Frost på berg, i pytt og i myr. Da er det enklare å gå. I alle fall om ein ser vekk fra frost på berg.


Vakre svaner på Lille Lungegårdsvann i november. Vinterlys, kald luft og litt tid før eit møte til å knipse nokon bileter.

Heimekontor for å sjå meg igjennom 7.5 timar med konferanser, TED-talks og forskningsresultater. Billig og bra for miljøet - litt kjedelig å se på skjerm framfor i levande live. Og konferansematen heime var ikkje noko særleg!
Ettermiddagssol i byn på veg heim frå jobb. Klokka er 15 og kveldslyset er på veg.
Toulouse låner nettbrettet til lillesøster til alles store fornøyelse. Ihjeltusja dukke i bakgrunnen.
I dag er det omsider 1.desember! Vi har hatt kalender klare ei stund og gler oss til å hogge inn! Lakriskalender til meg og mannen - mmmm!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...