mandag 28. oktober 2019

"Livets beste ti dager"

Årets Halloweenfest er historie og vi tar med oss energien derfrå inn i ei ny veke. I følge storebror er desse daganae de beste 10 dagane i heile livet hans! Det starta på laurdag og varer heldigvis fleire dagar enda!
For å få til livets beste dager for ein 11-åring er det ein opphoping av kjekke fritidsaktiviteter, Halloweenfest, bursdagsfest, kino og sjølvaste Halloween tingen. I tillegg til fleire andre ting - og der har vi det! Om ikkje det er livets beste ti dagar for alle er veka som kjem no spekka med gøye ting som vi gler oss skikkelig til alle fire! Fint vær skal det være også. Velstand!


torsdag 24. oktober 2019

Fri flyt

De siste vekene har alle prosjektene på jobb rulla fortare og fortare sjølv om det var ein propp som gjorde at de kun kom til eit vist punkt. Og på det punktet sitter ein mellom barken og veden med forståelse og kunnskap for begge sider, med ei rolle som støtdempar, medan presset aukar. Heldigvis viste eg at det kom til å gå over.
Nokon dagar etter at proppen forsvant er det igjen fri flyt og eg flyter med glede! Også fikk eg bekrefta, nok ein gong, at verda står til påske. At tidsfristar KAN utvidast. Og at det meste går heilt fint. I alle fall så lenge ein veit at det går over. Fint vær skal det bli også. Jadda. Måkje snakke. :D

fredag 18. oktober 2019

Soppskog

Det er så nydelig ute no! Det er frisk luft og det er farger overalt! Bileta er tatt for rundt ein månad sidan, kanskje er soppsesongen over, eg veit ikkje - men eg synas det har vore ekstra masse sopp i år!

Det er meldt sol i helga og ganske så varmt! Laurdag er arbeidsdag for meg denne veka, men på søndag er det fjelltur og TV-aksjon som står på planen. Da blir det i alle fall utetid med frisk luft og sol!


mandag 7. oktober 2019

Sweet September

September er ein av mine favorittmåneder! Vi ligger mellom sommar og haust på ein måte, og det er så fint!
Siste resten av eit av yndlingssnacksen min frå junaiten. Gold Fisk med cheddarsmak! ÅH SÅ GODT! Akkurat nok til ein liten kveldskos i den pittelitte New York-koppen.
Storebror fikk være med ein kamerat på hyttetur ei helg, og kom heim med masse minner i hovudet og ein pose full av både sopp og sjølvfiska ørret! For ein luksus!
Det var åpning av Bergen Assembly med påfølgande runder i nokon av visningsrommene. For eit konsept! Inntrykkene stod i kø! Fleire enn meg måtte rett heim og sove etterpå - dette var intenst!
Ein arbeidsdag på KODE 1. Tenk å få lov å vandre rundt her inne, og til og med få lønn!

Vi lånte oss ei hytte på Kvamskogen igjen. Den hytta vi har lånt tidlegare var solgt og låg ikkje lenger ute til utleige. Denne hytta var mykje større, men hadde ikkje heilt den samme WOW-utsikta. Men den var uten TV og internett, så vi fikk lest masse og spilt masse spel som vi hadde tatt med oss. Vi hadde langhelg sidan det var planleggingsdag (dvs valgdag) på måndagen, så det var masse tid til avslapping og ro!
Nokon rensar hagen vår for flått. Når det ikkje lenger er ekkelt å ta de med fingrane har du gjort det for masse. Han på sin side har lært at det ikkje er farleg at vi nappar i han, så det har blitt enklare.
Alle fritidsaktiviteter er begynt igjen! Sjakken til storebror er min favorittaktivitet å køyre på sidan den er på fredags kveld og det betyr at 1)eg får ein god joggetur i andre omgivelser enn vanleg sånn på starten av helga, og 2)vi kjem heim til ryddig hus og ferdiglaga kveldsmat som de to andre har jobba med medan vi var vekke.
Joggetur her er heilt nydleg! Det er ikkje mange fredagane utover hausten før eg må jogge ein anna veg eller evt ha med meg lys for å ikkje snuble.
Ettermiddagstur saman med lillesøster. Eg har kjøpt vektvest som eg går med. Det er skikkelig teit, men super trening!

110 km tilbakelagt i september, fordelt på 21 økter. 43 km jogging, 36 km tur, 24 km fjell, 5 km sykkel og 1 km padling! Hahaha, padlinga var nice, så den må sjølvsagt med!
Det har vore så masse supert vær i September! Vindstille og varmt! Det er særleg fint når ein sitter i ein litt vinglete båt med to unger.

Vi bytter ut bilen i garasjen med ein litt mindre bil. Stort sett står den berre der, men bil må vi ha - enn så lenge. Eg kjem til å sakne dette store bagasjerommet! Og moglegheiten til 7-seter.
Søndagstur på Gullfjellet! Skål i kaffe på toppen, med utsikt mot Samnangerfjorden langt der nede. Nærmare bestemt 987 meter nedenfor.
Dagen etter Gullfjellet var det ikkje sprut i beina til joggetur, så da var det vandring i Krohnegården Friluftsområde medan lillesøster var på ballett. Kveldssol og mange folk på tur.

Ein arbeidsettermiddag beståande av haustmiddag med syrisk buffet, sittande saman med interessante og mangfoldige mennesker rundt bordet. Vi fikk også prøve oss på Latteeyoga! Det var utruleg gøy!
Litt tidleg ute til eit møte, og eg fikk sitte på ein benk ved Lille Lungegårdsvannet og nyte sola.
To unger er vekke på overnatting! Eg og mannen gjekk på Bergen Internasjonale Filmfestival og såg "War of art" før vi hadde bord på Lysverket. For ein fin laurdag!
Pølsefest ved havet! Saman med venner fyrte vi opp bøttegrillen for siste gong denne sesongen. Det er åresvis sidan vi sist var på Ormhilleren Friluftsområde; og det var så fint å være tilbake! Det er så nydleg der! Vi må gidde å køyre ut ein gong det er moglegheit til å bade! Det var det ikkje denne gongen! :)

fredag 4. oktober 2019

Gullfjellet, 987 moh

Gullfjellet har nesten blitt litt mystisk. Heilt frå då vi skjønnte at Ulriken ikkje var det høgaste fjellet i Bergen, men det høgaste av BYFJELLENE. At det var eit anna fjell, eit godt stykke unna, som var det høgaste i Bergen kommune. Det vart ikkje enklare å prioritere ein tur der når ein av de mest turvandte vennefamiliane våre gjentatte gonger sa at de ikkje ville gå på Gullfjellet før de hadde med nødtelefon. Fjellet er nemmleg ganske så værutsatt og det er ikkje dekning der.
Med litt nervøs mage tok vi likevel mot til oss ein av de nydlege haustdagane i september. Det føltes både feil og skummelt, men samtidig - folk går jo her! Og vi er ikkje heilt ferske i fjellet!
Det vart litt av ein tur! På godt og vondt! No sitter det gode mest i, men det som ikkje gjekk så bra ligger framleis å murrer like bak. Kanskje ei hugseliste til neste slike tur er på sin plass?

1. Ta med nok mat! Nok mat er gjerne meir enn du trur.
2. Det var lurt med ekstra vatn! Hugs det neste gong også!
3. Sjekk skikkelige kart FØR turstart! Det er kjipt å gå feil.
4. Sjå på høgdeprofilen. Og hugs at når det står 5 km og 3 timer - så betyr det at det er j**** bratt. Bratt er fint for nokon, men ikkje for alle. Hugs den med kortast bein.
5. Ta med noko lett snacks som kan etast utan at heile sekken må tømmast.
6. Sjølv om ein ikkje bruker det; ta med ekstra klær. Det var godt å vite at vi hadde ekstraklær på det "livsfarlege" fjellet.
7. Snakk med folk! Ikkje alle har gått på fjellet før og kan fortelle kor langt det er til toppen, men alle er hyggelige, også får ein øvd seg på å krype ut av sin eiga boble.
8. Ta hyppige pauser så ungane ikkje plutselig får veldig nok.
9. Ta fleire bileter enn du trur kan være interessante. Slett heller etterpå.
10. Ta med nok mat!!!
For ei folkevandring! For ei utfordring! For ein magisk natur å vandre i! For nokon utsikter på veg opp, på topp og ned! For nokon sterke unger vi har! For ein positiv ektemann eg har!
Eit fjell er ikkje eit fjell. Og dagsformen varierer. Det var 22.6 grader på toppen denne søndagen. Det var faktisk så varmt at hadde det vore sommar hadde vi ikkje gått på fjellet. Men det var så rart at det skulle bli så varmt! Det var tungt å gå i steikandes sol. Vi endte opp med svært lite klær alle saman. Det gjaldt eigentlig de fleste på tur den dagen. Godt vi hadde god plass i sekken. Meir klær enn mat!
Takk for oss Gullfjellet! Du var ikkje livsfarleg i det heile tatt! Du var varm, vill og vakker!

tirsdag 1. oktober 2019

Gamingroom

I mars lånte storebror ut rommet sitt til overnattingsgjestar, og for å bøte litt på den sure minen "det er alltid eg som må låne ut rommet mitt" fikk han lov å velge akkurat kva rom i heile huset som han ville ligge i den eine natta! Vi hadde fått ei enkel slå-ut-seng som kunne settast overalt. Han valgte i boda.
Boda er lita, men vi flytta den hvite kommoden og satte senga under hylla. Da hadde han klaring bort mot fryseskapet på andre sida og sov riktig så godt der inne. Da slo det meg - kan vi bruke det rommet til noko anna enn det blir brukt til i dag? Kan vi sortere ut det vi knapt nok bruker, finne alternativ oppbevaringsplass til det vi framleis trenger - og frigjør rommet?
Som tenkt så gjort. Vi fylte bilen og tømte den på Fretex, og vi hang opp sekkeknaggane i bakgangen rett over kildesorteringsposane. Vi rydda litt i skapet i hallen og fikk satt inn julekakeboksane som overlevde oppryddinga. Der var det også plass til saftkoka. Tomme ting som tar plass. Vinterklær som låg i den kvite kommoden vart lagt på loftet. Det er litt meir styr å finne fram, men det trenger jo ikkje å være på tilgjengelig som det var på boda.
Mannen knakk ned hyllene, og vips såg rommet slik ut! Mot venstre er fryseskap og radonutsug, så der kan vi ikkje endre noko. Sentralstøvsugeren til høgre må også stå der den er. Eg målte rommet med to strøk i noko eg trudde skulle være ein roleg grønfarge. Den er roleg, men ikkje så grøn eigentlig.
Rommet har ikkje oppvarming, så vi kjøpte eit varmt vegg-til-vegg-teppe som ligger i heile rommet. På motsatt vegg står det ein TV som vi også fikk for slikk og nesten ingenting på finn. Benken er også laga av restemateriale.
Mannen satte opp nokon av hyllene igjen langs veggane heilt øverst for å få litt ekstra lagringsplass. Her passar eg på å holde orden slik at det skal sjå litt ok ut - i alle fall ryddig. På finn fant vi ein liten nok sofa som kunne stå ved veggen utan at døra til frysaren tar borti. Det er faktisk også ein sovesofa, men vi har ikkje brukt den til det (enda)!
Taket vart måla med noko kvit restemåling og den single lyspæra vart skifta ut med ei fin, lita lampe. Vi lot røret i taket markere grensa mellom bod og gamingrom, og måla derfor kun bort til røret. Linja er markert nedover veggen også, med måling på den eine sida - mot gamingdelen - og original farge på sida mot frysar.

Når ideen til ny bruk av rommet kom, var det for å bøte på eit sakn i huset vårt - to stuer. Storebror er glad i gaming og hadde spart til Playstation i nokre år. I mars vart han 11 år og hadde spart nok til å kjøpe. Avtalen var at vi skulle snakke om det når pengane var klare, vi ville ikkje ha PS i stua. Med gamingrom på boda vart det er rom der ein kan game, sjå film eller TV - mens stua var fri og stille. Siden sofaen er så liten er den mest egna til barn - perfekt plass til tre unger på rad, men det har også vore langt fleire der inne. Mannen har også hatt noko aleinetid der nede med fotball på TV. Vi har latt ungane sjå film der i helgene, og vi har hatt barnefilm nede og film som eg og mannen vil sjå oppe. Det er ikkje ei stue nummer to, men rommet frigjør stua vår; og det er akkurat det som er så fint! Også har vi tatt eit heilt oppbevaringsrom og gjort det om til eit oppholdsrom. DET er god utnytting av areal det!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...