torsdag 8. april 2021

Vår! Og mars

Påskete i lausvekt heile vegen frå Oslo, nam! A.C. Perch's Thehandel altså! Luksus!


Det er iskaldt om natta og solvarmt om dagen. Nokon deler av hagen vår får enda ikkje sol, og der er det is langt uti mars! På andre deler steiker sola så ein må ta av seg strikkagenser OG brette opp buksa!

Kveldstur opp på ein topp like ved huset vårt. Hei hei sola!
Strikkeprosjekt i sesongriktig farge. Te, stearinlys og ein liten duk i hardangersaum som ei venninne laga til meg til 35-årsdagen min.
Eg rakk å hente roser på appen Too good too go, og de var så fine! Lukta godt gjorde de også, og det er jo ikkje alltid de luktar noko!
Kveldstur i Fyllingsdalen medan eg venta på lillesøster. Det blir så plutselig mørkt at eg måtte føle meg fram gjennom skogen når eg skulle tilbake til bilen.
Utandørsaktivitet med masse folk rundt oss - så fantastisk det er å SJÅ folk!
Joggetur i lys og med låg vårsol!
Rett før påske kjøpte eg meg ny mobil - og dette vart første biletet! Bålpanne og bobler hos venner medan ungane fikk etterlengta tid heime aleine.
I påska fikk vi ein 13-åring i hus! Ønskekake var blautkake med vaniljekrem og (jord)bær!
Med heimepåske 2021 i kikkerten kjøpte mannen eit puslespel med 2000 brikker som han og lillesøster la på nokre dagar. Vi rydda vekk kontoret mitt og brukte plassen til pusling. 

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...