onsdag 17. juli 2024

Juli - pre ferie

I tidvis bra vær fikk vi i slutten av juni og nokre veker uti juli malt ferdig huset.

Nyt før og etterbilete av hus med blå himmel, morgonsol og ettermiddagssol.


Kjapp irritasjon på langt hår, og dagen etter klipte eg meg kort. Herlig!!
Det er mykje regn mellom finværet, og haustkjensla kom sigande. Varm te, og autumn ambiance på YouTube. 
I sommartomme gater sykla eg gjennom sykkeltunnellen - også heilt aleine. Tunnelen var skikkelig fin, og i midten er denne herlegheita:
Sommarferien starta også for oss - hurra! Siste strøkene på huset vart tatt før vi satte oss opp i hagen og skåla. No venter reiser og nye minner!

mandag 1. juli 2024

Juni - regn, fjell og kaniner

Juni er tettpakka med høgdepunkter - og her kjem 20 bileter og eit utvalg happy days!

Det er VM (Vestlandsmesterskap) i teatersport, og vi tar jobben som leande publikum svært seriøst! Rett gruppe vant - og eg fikk latterkrampe, noko som både er skikkelig gøyt og skikkelig slitsomt! 
Morgonmøte på nøytral grunn er spanande, og eg jobbar no med å få tilbodet eg fikk der realisert. Kanskje hausten blir ekstra spanande?
Så sjeldan tar eg bybane, at det er superstas når eg gjør det. Turistete bilete av skinner for å illustrere, også sidan det eg gjorde i nærleiken av dette, ikkje kan hengast ut på det opne nettet. Men berre flott - det også (faktisk betre enn bybane)!
Konsert med Di Derre, og glimt av sol mellom regnbygene som har vart nesten heile månaden.
Eg er for første gong med i pride-paraden. Gøyt og sterkt å går der, men eigentlig enda gøyare å sjå på!
Mannen er vekkreist i nokre veker, og da fyller eg dagane opp med ymse - som kino i lunchtid. Saman med to andre på bakerste rad. Faktisk hadde vi plassar ved sidan av kvarandre. Eg satte meg ein annan stad.  
Regnet fører til oversvømmelser slik at eg må snu og gå andre vegar enn planlagt. Har eg fått fram at det var ein regnfull månad?
Mannen jobba i 30 varmegrader, så eg sendte han bilete frå bussholdeplassen for å vise frodige Bergen, skyer og ein del kaldare luft.
Ikkje sidan eg gifta meg her i 2009 har eg vore i Mariakirken. Den vart oppussa i etterkant av bryllaupet, også har åra gått. Men no var eg her for å høyre eit av byens beste kor holde konsert. Og for å sjå kyrkja, sjølvsagt!

Eg er med på lansering av tidsskrift, og vart så inspirert til å skrive noko sjølv! Nydlege tekstar, fine folk og ein god ettermiddag!
Vi er på premiere av Innsiden ut 2, og får med oss raud løpar, kake og kjendisliv.
Uten nokon å drikke kaffe med i timesvis i helgene, kjem eg meg ut før de fleste andre og går på fjellet. Månaden starta med belastningsskade, og eg har måtte trene alternativt. Styrketrening og fjellturar fungerer som berre det, og eg trur eg skal vere joggeklar igjen til august.
Vi opnar kaninsommarcamp i hagen med to små venner. De bur her i nesten ein heil månad.
Avspaseringsdag og opp på fjellet med ein pose nøtter som mannen plukka med seg frå Kina.
God lunchstad. Draumen må vere å avspasere kvar fredag, og gå lang fjelltur. Dette var ein rein luksusbonusdag!
Når det er sol er det herleg å sitte saman med kaninene og sjå på hagen. Og på kaninene da. SØTE!
Ferien er så nær, men akk så langt unna. Tunge arbeidsdager blir lettare med smoothie frå favoritten i nabobygget.
Vi er heldige og får billetter til teater på eit av byens fjell. Vi går ned igjen i kveldssola, og får glimt av Nordnes.

Månadens siste laurdag blir brukt på restaurant saman med venninne og god mat. Jammen har juni inneholdt mykje av eit og eit kvart. 

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...