Viser innlegg med etiketten trening. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten trening. Vis alle innlegg

torsdag 3. juli 2025

Juniopplevelser

Ei helg med halvdårleg vær (har det ikkje vore det kvar helg i juni?) sykla eg lange turar laurdag og søndag. Søndagsturen avslutta eg på 48.6 km, og tenkte at det var bra. Men no skulle eg ønske eg hadde sykla 50 km. Så den turen må eg ta på nytt - også må eg sykle utsvingen kvar gong. Her er eg på veg gjennom sykkeltunellen - den er framleis ein favoritt!

Her er frå litt tidlegare i løypa. Ein anna favoritt :)
Det er Bergenfest og eg har den beste dagen så langt i år saman med denne rå dama, og tre andre favorittdamer.
Med eit litt mindre engasjert publikum enn Alanis, fikk eg også brølt Roxette-songar saman med i alle fall nokon originale musikarar.
Original musikar - Odd Nordstoga - spelar i nabolaget og er så god! Men ingen er så god som Alanis :)
Afternoon Tea på Opus saman med venninne er alltid heilt nydeleg!

Det er juni og feireavvikling. Det blir litt meir heimekontor, og litt fleire anledninger til å lage matcha-te i bibliotekskopp frå Oxford. 
Det er også anledning til å vere med på fagleg kino med kaffe og vaffel midt på dagen. Akkurat da er jobben min den beste i verda!
Vi reiser nordover og får med oss Kinnaklova, Kinnaspelet og mykje anna! 
Vi er så heldige at vi får vere med på statsbordarsermoni i Håkonshallen. Det var like høgtidleg og vakkert som ein kan tenkje seg. 
Skuleferien er i gong og regnet fortsetter. Her er bilete av at det fossar utav takrenna, men det viser ikkje så godt. Frodig er det i alle fall.
Lyderhornhelg med morgontur opp Lyderhorn både laurdag og søndag. Til tross for tåke, skyer, regn og vind - var eg ikkje aleine nokon av gongane. Eg lurer på om eg ein gong får heile fjellet for meg sjølv.
Byens bysegl er i heimbyen nokre få veker, og eg går innom og ser, høyrer og skriver meg inn den moderne borgarboka. Stas!

 Vi har oppretta kanincamp i hagen, det er koselig!

fredag 3. januar 2025

24.desember og desember-24

Julemånaden vart starta i suite på Bryggen med kaffe i senga. Kvelden før var vi på julebord og det var skikkelig deilig å ha ein heilt roleg morgon med gamle amerikanske komiserier på lineær TV.

Etter utsjekk gjekk vi på Julelotteriet for å sjå om eg klarte å vinne meg eit heilt eget kunstverk på medlemsskapet mitt. Eg vant ikkje, men var litt nær ein gong, og uansett var det ei oppleving å vere med på! Med eit lite hint av eksklusivitet - love it! 
Det er tida for dagslysturar. Det er uansett vær i helgene, men ekstra fint når det er skikkelig lys og sol! Og laaange skuggar!
Vi er prøvepublikum på det som var ein publikumssuksess før showene var i gong. Eg satte stor pris på klassiske sketsjar og ny humor frå fersk komiker. Også satte eg pris på de gode stolane på Forum. Det er ein lenge vedvarande samtale om kva stolar som er noko på kulturinstitusjonane og kulturbyggene i Bergen - ein samtale som fikk seg ein intern oppsving i desember! 
Bergen er ekstra pen i desember når alle vinterlysene er tent, og det er heilt i orden å stå her og vente på bussen.
Ein kveld på teateret for å komme i julestemning og for å sitte i ro litt. 
Ein kveld i Grieghallen for å høyre eit av mine favorittrequiem - og rett og slett miste pusten av musikalsk monumentalisme.
Første juleferiedag og eg besøker to av byens kunstmuseer. Utstillinga av nokre av Ambriosa Tønnesen sine verk var heilt fabelaktig - og noko av det flottaste eg har sett i heile 2024!
Årets mørkaste dag hadde knapt nok dagslys. Men ut på tur likevel - med ei lita pause i ly for regnet.
Nokre dagar før fristen, 24.desember, fullførte eg AdventsUltra. 100 km ila desember. Denne gjorde eg også under pandemien, og det var meir utfordrande å komme i mål denne gongen. Men det gjekk - med fleire dagar til gode!

Juleferie for alle - og årlege juletradisjoner som kakao med krem til kveldsmat på lille julafta.

Romjulsyoga - men her var det mykje motstand å finne! Det ser i det minste triveleg ut på bilete.
Årets siste dag og årets siste joggetur. Kanskje årets første i snø - og det var ikkje mykje av det - men eg brukte piggskoene mine uansett. 
Før eg rakk å bli kald igjen etter joggeturen, fikk eg med meg fotograf og livvakt på bading. Da vart eg svært effektivt iskald. Det var litt vær også - og det gjør innpakkinga til badinga ubehagelig (badinga er det enklaste på slike dager).
Godt nytt år!

onsdag 8. mai 2024

Aprilliv

Månaden starta med raud løper, fotovegg og veldig mange skikkelig fine folk! Eg ville rett og slett ikkje gå heim igjen etterpå! Meir, meir!

Med visshet om at vårt gode teaterbygg skal rehabliterast, måtte eg sjå nesten like mykje på bygget som på scena. Det viste seg å vere eit godt val, då det som var på scena var så flatt at eg valgte - for første gong i livet - å gå derifrå etter ein halvtime.
Forsøksvis tvangsavslapping midt på dagen med tvilsomt resultat. Her burde eg ha bytta ut flyting i kar med vannsklier og høg musikk for å spegle enerdinivået mitt. Men fint og roleg på bilete i alle fall.
Vi bur rett ved eit enormt byggeprosjekt, og det er nye løysningar på vegane våre kvar veke. I april kunne eg late som om eg jogga i New York da eg måtte bruke denne sikkerhetsventilen.
Tennis - fleire gongar i veka! 
Og sykle til jobb-sesongen er i gong. Framleis er morgonturane til byn før kl.06:00 de beste, og i april er det også mogleg å få med seg soloppgang på vegen. Så vakkert!
Påskeliljer frå eigen hage, og pus frå Fyllingsdalen. Det kan ikkje bli så mykje betre enn dette.

mandag 19. februar 2024

Februarvitaminer del 1

Danseskoene snøres på og iløpet av få timar dansar ein tett og nokon gongar lett saman med veldig mange folk! Helgekurs i salsa er gøy - og litt smittsomt! Det er alltid gøy å oppleve kor fort ein blir ein gjeng!

Etter salsadansdagar var eg rett på dagsretreat på eit av byens yogastudioer. Nydlege timer, men det tok også tid å lande etter timesvis med salsarytmer!
Overraskelsesteater som bursdagsgåve var midt i blinken midt i veka! Heldige var vi som satt heilt framme og virkelig fikk sjå ein av landets beste skodespelarar heilt tett!
Med mykje snø og deilig vær er det vestlandsmagi å kunne spenne på seg skiene utanfor huset og gli avgårde inn i nærmaste skog. Venninne med te og sjokolade i sekken er alltid stas!
Slike dagar er ikkje for heile arbeidsdagar! Eg benytta meg av heimekontor, og ein time avspasering for å sjå på sola og trakke i snøen.
Strikkekveld med gode venninner er alltid ein vitamininnsprøyting!
Det er kaldt den kvelden eg har strikkekveld, så storebror tenner i peisen til oss. Det ein av deltagarane ikkje veit, er at vi brukte litt av hennes mastergradsoppgåve til å få fyr i bålet. Fungerte som berre det - også lar vi dette gå stille inn i historia. 
Tidleg laurdags morgon på Lyderhorn for å springe i de små stiane som blir laga i snøen opp dit. Går ein tidleg nok har ein fjellet nesten heilt for selg sjølv!
Lillesøster ville sjå Bergen by night frå Fløyen, så vi gjekk opp ein laurdags ettermiddag for å sjå korleis byen endrar deg frå solnedgang og til det var blitt heilt mørkt. Saman med turistane kosa vi oss der i godt over ein time.
Og sjå kor flott det vart i 19-tida! 
Med snø, kulde, is eller slaps ute kan ein ikkje brenne inne med gåvekort på to månader på nyopna treningssenter. Det er så kjedelig å springe på tredemølle at eg rett og slett springer langt fortare enn vanleg, og det er da noko. Tryggare enn på glattisen er eg også, men aktiviteten her henger i ein tynn tråd med det samme det går an å være utandørs!

tirsdag 6. februar 2024

Kvardagsleg januar

 Det har vore nokre år sidan liknande lang og kjedelig januar. 

Likefullt har eg begått lovbrudd då eg brukte mannen sitt treninsabonnement for å jogge inne da det var 15 minusgrader ute.

Meir lovleg var eg på leigde hockeyskøyter i strålande (og iskaldt) vintervær!
Lykka er å gå ut frå jobb og få dette lågthengande himmelfenomenet rett inn i kvitauge. 
Lillesøster og eg kledde oss i rosa for å vere på lilla løper på førpremiere. 
For de som ikkje er så mange cm over bakken før magen gnir nedi, er det travelt med mykje snø som ikkje smeltar. Vi mistenker at han var innom ein liten sesondepresjon sidan han var inne heile tida, og begrensa når han var ute.
Teateråret starta og vi var på publikumsprøve i storstua på Engen. Og stort meir er det ikkje å seie. Det kan sjå ut til at vi har det beste foran oss!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...