Viser innlegg med etiketten USA. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten USA. Vis alle innlegg

onsdag 8. mai 2024

Aprilliv

Månaden starta med raud løper, fotovegg og veldig mange skikkelig fine folk! Eg ville rett og slett ikkje gå heim igjen etterpå! Meir, meir!

Med visshet om at vårt gode teaterbygg skal rehabliterast, måtte eg sjå nesten like mykje på bygget som på scena. Det viste seg å vere eit godt val, då det som var på scena var så flatt at eg valgte - for første gong i livet - å gå derifrå etter ein halvtime.
Forsøksvis tvangsavslapping midt på dagen med tvilsomt resultat. Her burde eg ha bytta ut flyting i kar med vannsklier og høg musikk for å spegle enerdinivået mitt. Men fint og roleg på bilete i alle fall.
Vi bur rett ved eit enormt byggeprosjekt, og det er nye løysningar på vegane våre kvar veke. I april kunne eg late som om eg jogga i New York da eg måtte bruke denne sikkerhetsventilen.
Tennis - fleire gongar i veka! 
Og sykle til jobb-sesongen er i gong. Framleis er morgonturane til byn før kl.06:00 de beste, og i april er det også mogleg å få med seg soloppgang på vegen. Så vakkert!
Påskeliljer frå eigen hage, og pus frå Fyllingsdalen. Det kan ikkje bli så mykje betre enn dette.

torsdag 1. juni 2023

May I?

Mai starta den samme staden som april avslutta - Philadelphia. 1.mai spaserte vi frå der vi budde i Historic District til,  Philadelphia Museum of Art der vi vart verande i timesvis. 

På museet hadde de mellom anna ei annleis og veldig flott Asiautstilling. Her er vi i Japan!
Etter ei fin og innholdsrik veke i USA satte vi kursen heimover. 
New York - 
Danmark - 
Noreg.
Nokre dagar seinare hadde vi konfirmant i hus! Tenk det! Det var ein kjempeflott dag!
Bergen er ekstra fin i mai! Sjølv om godværet ikkje heilt var tilgjengelig.
17.maifeiring med kransekakestenger og pikekyss til frukostdessert -     
- og ein festklar, om enn litt kald, by (10 minutter før hovedprosesjonen gjekk).
LøveToulouse og Løvetann.
Når maiplanane våre var gjennomført vart det meir tid til meir kvardagslege ting, som å gå på tur. I vind og regn og kanskje litt sol om ein er heldig.


Månadens siste ettermiddag vart brukt som korpsvakt, muligens siste sidan korpsinteressen er dalande hos musikanten vår. Men mor storkosar seg (og synas månadens USA-start er eit svært fjernt minne).



tirsdag 9. mai 2023

No April's fools

April var månaden for alt mellom ekstatisk lykke og skikkelig anger. Månaden var etterlengta, både i form og innhold - så lets go! 

Vi hadde eit framifrå døgn på eit av våre favoritthotell, Alexandra Hotel, for å kicke i gong påskeferien vår. Oh store nytelse!

Vi prøvde også den, ikkje lenger så nye, skyliften i Loen, som gav oss fabelaktig utsikt, vindstille luft og - for første gong i mitt liv, whiteout.
Påska vart nytt saman med familie i nordvestlandets hovudstad; der det gjør ingenting å miste ferja. Fordi nettopp dette: 
I Bergen var våren komt, og Statsraaden kom heim. Dette vart markert med ei heil veke med aktiviteter i byn. Vi var innom Bryggen ein gong den veka, for å sjå på livet; og på kjentsfolk som dansa fletta av alle som var der. 
Utemøblane kunne bli tatt fram, og ein kunne invitere venner på te og kjeks i ettermiddagssola.
Også lot vi Bergen vere Bergen, og flaug til USA - berre oss to over stemmerettsalder. I byen der Friends skjer, og der ein får seg nye bestevenner på kvart eit hjørne. Også i leiligheta til Monica og Rachel. 
Vi hadde nokre skikkelig fine dagar i byen som aldri sover. New York ligger trygt heilt der oppe på topp 5 av storbyar vi rett og slett elsker. Eg trur faktisk byen var hakket betre enn eg hugsar - og det seier noko :)
Lunch med utsikt før vi tok bussen til Philadelphia, der vi skulle vere med på bryllup. 
Til tross for at også Philadelphia er ein storby, med 1.6 millioner innbyggere, er den ganske søvnig, roleg og (can I say it), kjedelig. Men den har fin arkitektur, fine folk, billigare prisar en NY - og fleire gode minner. Og never forget - ei tatoering på underteikna frå 2000.
April vart avslutta på austamerikansk tid, 6 timar etter Norge, saman med nye venner, på ein utestad i gamlebyen i Philly, med dette på bordet:

tirsdag 10. september 2019

Our Savannah garden

Åh, som eg drøymer om hagen vi hadde i Savannah! Den var ganske stor, men viktigare - den var inndelt i små områder slik at den var variert å gå i. Flat var den også - og det liker vi jo ekstra godt vi som bur i ein bakke!
Rett utanfor framsida av huset var det satt opp eit lite minihus. Det er jo så enkelt og fint at eg har lyst å finne noko liknande til vår hage!
Her er lillesøster på veg mot bassenget (som sjølvsagt var det beste av det beste i hagen!). Det var laga stiar som dette i hagen - herleg å vandre på. Sjeldan har eg vel gått så mykje i ein hage som eg gjorde her. Det var så tilrettelagt til å gå utan sko, og det var så masse sjå på overalt!


Denne frukten hang på palmen som var bak der eg og mannen satt medan vi hadde bassengtid. Den modnast veldig de vekene vi var der, og mot slutten hang det ei tung, søt lukt rundt oss. Lurer på om den kunne etast?
Eg har ei lita Japan-interesse, så slike små asiatiske detaljar er eg ekstra svak for!
Halvstore statuer var plassert i hagen - så fine!

Også denne da! Hammock i tre som var overgrodd av noko klatreplanter på taket. Biletet er tatt på kvelden, da var sola bak. Her satt eg om morgonen med ein stor kopp kaffe (de hadde kaffebønnekvern, så vi drakk nydleg nykverna kaffe kvar morgon!) og kosa meg i morgonsola. Sola tok ikkje heilt inn her rundt kl.09:30 om morgonen, så da kunne ein fint sitte her og gynge litt, få sol på føttene i "oppovergynginga" og berre nyte den nye dagen. Det var fleire fargerike fuglar i hagen, og nokon gøye ekorn som var aktive om ein satt heilt i ro. Her satt eg også ein gong det kom ei skikkelig regnbyge! Klatreplanten gjorde det nesten tett! Det var framleis 35 grader, så det gjorde heller ikkje så mykje om eg vart litt våt!
De hadde hengt opp nokon slike som lagde lyd når det blåste. Eg har ikkje skjønt opplegget med det før, det er jo så plagsomt med lyd heile tida. Men når det ikkje blåser så masse, og det innimellom kjem eit lite vindpust, da er det heilt nydleg! Eg kan framleis høyre lyden av denne mørke, og den litt lysare som hang i treet lenger bak.
Bilete frå morgonstund i hammocken! Utsikt mot bassenget og palmer og små mykje anna som eg ikkje tok bilete av, men som eg hugsar. For ein hage, for eit hus, for ein sommarferie!

mandag 2. september 2019

Augustdagar

August starta på veg nordover frå Orlando til London. Ein månad seinare er vi alt langt inni kvardagane - noko som er heilt greit!
Ungane laga camp i Oslo (øverste delen av hagen vår), men eit telt måtte stå på tørt grunn sidan den MÅTTE inneholde ein saccosekk. Her er teltet ein båt med livbåt (med mat og drikke i). Den er også fortøyd til sofaen med eit hoppetau. No har dette stått inni stua ei god stund, og blir brukt kvar dag av både lillesøster og Toulouse.


Vi fikk storfint besøk frå Paris! De vi bytta hus med i 2017 kom tilbake til Bergen, og vi inviterte de på pizza og vafler heime hos oss - huset de jo kjenner så godt! Det var så koselig! Vi fikk nydleg sjokolade som vi nyter særleg til ein kopp espresso. Nam!
Lillesøster fikk sykkel til bursdagen. Det er absolutt sykkeltid! Slik ser det ofte ut utanfor huset. Nokon har besøk!
Innimellom har det vore skikkelig varmt og deilig! Her  køyrte vi rett på stranda etter middag midt i veka for å utnytte seinsommarsola! Det var herleg i vatnet, og med mine nyinnkjøpte badesko frå USA var det lett og smertefritt å springe uti! 
Etter tidenes mest late ferietur har det vore ein veg tilbake til vanleg aktivitetsmønster. I august tikka eg inn på 25 km jogging, 58 km tur i skog og fjell, samt 47 km sykling.
Teater og ein kveld på byen bryter opp kvardagsmønsteret! Synd det går utover heile neste dag!

September - vi er klare for deg!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...