torsdag 11. mars 2021

Ny start - midt i februar


Med værskifte og ny jobb var andre del av februar i gang! Det var så enormt masse is at vi kunne gå på isjakt, men på meir eller mindre isfrie vegar, ei heil veke! Da er det masse is som skal smelte da!
Søndagen etter issmelting var det 20 grader varmare enn søndagen før! Vi gjekk tur langs Storavatnet og knuste is i alle viker vi kom til! Så utruleg gøy!
Med ny jobb følger litt kursing. Da går det an å finne fram strikketøyet og strikke seg igjennom filmane som ligger tilgjengelig. Heimekontor har mykje godt ved seg!
Når snøen forsvant kom bosset fram. Lillesøster og eg plukka boss langs første del av joggeløypa mi og fylte heile tre posar på under ein kilometer! Den kule Harry Potter-posen frå Orlando vart godt brukt i Noreg! Ikkje det at bossplukkinga vår veger opp for dei flyreisene, men det er da noko.
Etter bossplukking er det obligatorisk med tepause og utsikt.
Det vart rett og slett veldig mildt og fint - og det var moglegheit for ettermiddagskaffe på tørr platning! Våren - vi er klare for deg!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...