Maritim strikkestund (biletet er frå juli, men det heng saman med det ferdige produktet frå august).
Eg oppdaga plutseleg at vi for første gong har fått bebuarar i insektshotellet vårt! Heile 6 rom er lukka, og det var ei stund denne karen vurderte å flytte inn. Han bygde den innerste delen av rommet sitt, men så trur eg han regna vekk - for han fullførte ikkje. Dette er ein murveps; så det er ikke usannsyleg at de andre gjestane er av same type. Gøy!Tre veker med sjukdom etter tre veker med hetebølge - så aktivitetshausten måtte begynne roleg. Men tur rundt vatten er fint, og eit einsleg haustblad låg på stien.
Det er maritim festival i byen, og vi var ute i øs pøs regnvær for å besøke flotte båtar!
Etter store regnmengder laurdag gjekk eg på (nok ein) roleg tur for å sjå på vatten i meir rennande former.
I juli satt eg med to vinterstrikkeprosjekt, så eg la dei vekk og kjøpte bomullsgarn til ein sommartopp. Av uviss årsak kjøpte eg dobbelt så masse som eg trengte, så da strikka eg to like. Eg trudde at snittet skulle vise tatoveringa mi, men som biletet beviser, gjorde den ikkje det. Men fine toppar som eg gled meg til å bruke når det ein gong blir vær til det :)
Det som no har blitt ein tradisjon - klassiske konsertar i parken - vart i år kombinert med 86% solformørkelse (men sidan det var tjukke skyer merka vi nesten ingenting) den eine dagen,
og litt regn den andre. Uansett vær og solmengde - dette er eit augusthøgdepunkt kvart år!
Skambratte fjellsider (som ikkje ser bratte ut verken på bilete eller film) midt i august - og nye turfavorittar. Eg synas ikkje det er så stas å køyre til tur, men når turen er så bra (og har så masse store blåbær) er det (nesten) verdt det!









Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!