mandag 29. februar 2016

Anna og Elsa


Det går framleis i Anna og Elsa. Ikkje så masse som før - men de to figurane blir snakka om fleire gongar i veka. Da lillesøster var sjuk såg for halvanna veke sidan såg vi Frost igjen. Elsa er jo virkelig ikkje ein sjarmerande karakter, men det får heller gå.

Lillesøster er så flink å teikne mennesker! Her har ho teikna Elsa og Anna.

Utan at eg skal henge ut storebror, så vil eg likevel lett nevne at han skulle teikne noko til ei historie han hadde i leselekse sist veke. Han teikna detaljert og fint skogen de var i - også knota han raskt inn to strekmennesker. Dette er jo normalen for meg sidan han er eldst. Lillesøster sine mennesker er i ein heilt anna liga, alt er relativt. Også her.

søndag 28. februar 2016

Finværssøndag

I dag skinner sola, og ingen by er vel vakrare enn Bergen da?! Joda, men no er det her vi er; så da vel eg å tenkje det! Etter sjukdom og tunge dagar kjenner eg på lysta til å pakke god lunch og gå ein lang tur, gjerne på fjell.
Lyderhorn
Men lillesøster synas det er tungt å gå med vinterskoene, og går og subbar de nedi bakken heile tida. Storebror har fått hull på sine vintersko, så de er ikkje så velegna til å gå lange turar i de heller. Så da må vi finne på noko anna. Eg har foreslått for mannen at vi skal ta turen på Fløyen for å gå på ski - skal sjå om det også blir godkjent av ungane, eller om de kjem opp med ein betre plan. Dagen skal i alle fall bli brukt ute!

lørdag 27. februar 2016

Kulturlaurdag

I dag deler vi oss opp i to for å dekkje to av kulturarrangementa som er i byn. Storebror og mannen skal til byn for å få med seg gratiskonserten Vinterlyd der mellom anna Marcus og Martinus skal spele. Vi har høyrt på "plystresangen" masse de siste vekene; og det er nesten som om eg også vil vere med ;)
Men eg skal på jobb på barneteater, og lillesøster skal vere med. Det gler vi oss masse til begge to. Også får eg heller be mannen ta opp litt lyd frå konserten, plystresangen er jo kjempegøy å danse til!

- og i kveld er det Mellodi Grand Prix - alle hjerter gleder seg!!

fredag 26. februar 2016

Postinfluensa

Etter influensarunda som nesten tok livet av meg sist veke, er eg i dag heilt utmatta etter ei heil veke på jobb; det henger lenge i! Etter at feberen forsvant har eg hatt så vondt i brystet at eg tok meg ein tur til legen - kun for å få bekrefta at (eg lurte på om det var det som hadde skjedd) lunge og hjarte var tipptopp, men sidan eg har hosta så masse så hadde eg skikkelig gangsperre i heile overkroppen. Nice.
Det er snø denne veka - også :)
I går fant eg også ut kven pasient 1 var - altså kven som smitta meg. Karma altså; ho var dødsjuk i to veker, eg klarte meg med 5 sjukedagar. Men no er det endelig fredag, og eg og lillesøster SÆRLEG trenger helg. Vi hoster masse framleis begge to, og ein av oss har vore veldig sutrete heile veka (aint me...). Mmm, fint vær skal det vere også! Bra fredag!

torsdag 25. februar 2016

Ren poesi

Sjølvsagt følger eg "Ren poesi" på instagram - daglege små dikt - heile eller i utkast. Så masse flott! Da "Ren Poesi-dama" gav ut ei bok i 2015 kjøpte eg sjølvsagt eit eksemplar!
Det er faktisk denne framsida lillesøster las den gongen eg skjønte at ungen faktisk kunne lese. Godt oppdelt cover - REN POE SI, very nice! Boka er FULL av nydlege dikt. Såre, gode, morsomme, forstyrrande - alt! Dette, av Haagensen, hugsa eg etter å ha lest den ein gong, og det er eit av dikta eg hugsa utanatt med ein gong, fordi den treffer så inni margen!
Ei veldig god samlingsbok for alle som er glade i poesi, og for alle som trur at de ikkje liker det. Løp og kjøp!!

tirsdag 23. februar 2016

Skummel meg sjølv

Klesskapet vårt altså! Etter eit år er det framleis ein meter med HEAVEN - og eg irriterar meg når det ligger rask der som gjør at det ser brukt ut - eg vil aller helst ha det spotless! Det er det dessverre sjeldan, for den glassplata som ligger mellom skuffer og hengte plagg er lett å leggje ting på.
No er eg grei med mannen og leggjer ikkje ut bilete av korleis hans side ser ut. Han har samme opplegg som meg, nesten, men det ser annleis ut. La det vere med det. No i jula tok eg vekk noko rart frå stua som har vore der og berre vore rart i mange år. Nemleg ei gipsansikt.
Så da tok eg ansiktet og la det inni skapet mitt. På veg vidare. Eg veit ikkje kvar. Det bør vere på loftet, men eg er redd det blir ødelagt. Og eg kan ikkje kaste det. Det er jo meg.
Det vart laga da eg gjekk på dramalinja på Gol. Eg er sikkert 18 år, give or take. Det tok lang tid å lage avstøypinga, men tanken var at vi skulle ha den til å lage masker til oss. Det gjorde vi ein gong, og det var gøy, men no klarer eg ikkje å kaste den. Kanskje vil eg lage fleire masker ein gong? Uansett er det jo ikkje alle som har seg sjølv i 3d? For eg ser ganske lik ut, gjør eg ikkje? :)
Men fyttirakkeren den er skummel der inni skapet mitt. Slik ser den ut sidan eg har lagt den langt inn for at eg liksom ikkje skal kunne sjå den. Yessda, neida, her ser eg den jo ikkje! *grøss

søndag 21. februar 2016

Søtpotet - og gulrotsuppe


Finfin Lock Ness-monsterøse frå coolstuff.no
Søtpoteter er supermat, så det er berre til å spise meir av det! Jamie Oliver seier at om du ikkje spiser det enda, må du begynne - og om du alt spiser det må du doble det. Og så godt som det er!

Ein laurdag kokte eg søtpotet - og gulrotsuppe. Skrell og del opp i bitar. Eg brukte ei stor søtpotet og tre gulrøtter. Kok til det er mørt i vatn med ein buljongterning. Hell utav ein del av vatnet, men ta vare på det. Mos med stavmikser og spe på med kokevatnet om det blir for tjukt. Lillesøster rørte inn litt fløyte i si suppe, eg og mannen åt den som den var. Storebror sa nei, takk etter å ha smakt, og åt knekkis.
På kvelden kokte vi den opp igjen, og denne gongen tilsatte eg ein halv chilli. Da vart den hot og mmmmmdeilig! Meir gode vintersupper, takk! Eg er sikker på at dette er godt for immunforsvaret og i alle fall for trivselen :)

lørdag 20. februar 2016

Jeg har et teppe i tusen farger

Denne boka av Anne B. Ragde har jo alle lest. Eg har lest masse av ho, og liker veldig godt bøkene hennes. Denne handler om mor hennes, både gjennom rollen som mor til Anne, "jeg", men også om den siste tida hennes. Det er den som treffer - det er så bra illustrert korleis den siste tida er. Den er kritisk, veldig kritisk, men på ein skikkelig og litt undervurdert måte. Det er interessant.
Mor til Anne henviser ofte til Arsenikktårnet frå 2001. Den er om barndommen hennes - men der er ho omtalt under pseudonym. Den boka skal eg låne meg, den var ho veldig stolt av.
Bøker om vinteren lesast i godstol med ull under rumpa og te i k(r)oppen
Av alle bøkene eg har lest av Ragde er kanskje dette den eg likte minst. Men no likte eg veldig godt de andre da, så det seier eigentlig lite. Verdt å lese, men ikkje noko absolutt høgdepunkt.

fredag 19. februar 2016

Influensa 2016-edition

Dette har vore ei tung veke og eg er glad for at den snart er over. Mellom anna har eg hatt den verste influensaen sidan eg hadde tropisk influensa for ganske nøyaktig 10 år sidan. 1/3 av alle senger på Haukeland har vire brukt at influensasjuke; og der burde kanskje eg også ha vore. Det vart ikkje betre da lillesøster vart sjuk ho også, natt til onsdag. Å vere så sjuk at berre det å sende ein sms betydde stigning i feber og utmattelse, også skulle ta seg av ein som var like sjuk - heilt forferdelig.

I dag er dagen da eg normalt sett hadde gått på jobb. Den dagen ein går på jobb for tidleg, før ein eigentleg er frisk. Det er vel ikkje berre eg som driver på med sånn. Men sidan lillesøster framleis er sjuk er eg heime også i dag. Det veit eg er lurt.

Sist helg, før sjukdom, var vi ute og kosa oss i sola. Så her kjem nokon inspirasjonsbileter, mest for meg sjølv eigentleg.
 På laurdag gjekk eg på Lyderhorn etter frukost. I minus 6 grader røska det godt i lungene, men det var heilt fantastisk!

 På søndag gjekk vi ein tur i skogen, ei runde på rundt 2 timar.
 Vi fann ein nydleg lunchstad med fabelaktig utsikt mot Lyderhorn. Her åt vi varm suppe. Sola steika, eg og storebror vart faktisk litt brent i kinnene.
 Mange rotvelt overalt som det var gøy å llatre i!

 To stader var det også satt opp slenger.
Is på vatnet, men langt ifrå trygt! Mmm; godt vi hadde to gode dager før alt dette vonde.

søndag 14. februar 2016

Heksebrygg

Når ein kjenner at forskjølelsen har tatt tak, eller ein berre har lyst på noko varmt og godt - er dette heksebrygget til å anbefale!
Dette er old news, men av og til er det fint å bli minna på ting vi eigentlig veit!
Varm drikke med sitron, ingefær og honning er SUPERT i vinterhavåret! Om du googlar ein av ingrediensane kan du lese om alle de gode egenskapene - så her er det berre å køyre på! Dette er godt, både for ganen og kroppen! Eg liker masse smak, så eg hadde alt dette oppi ein kopp berre til meg.
Eit Jamie Oliver-tips er å lett misshandle sitronen og ingefæren før du leggjer den oppi det kokande vatnet. Da får du fri meir good stuff og meir smak.
Eit anna varmande tips er å varme opp eplejuice. Det gjør eg ofte, det er også veldig godt (og sunt)!

lørdag 13. februar 2016

Etterpå

For ei flott bok! Denne kjøpte eg sjølv, litt imot min eigen vilje sidan coveret var så dumt. Tittelen "Etterpå" også eit bilete av New York - tankane mine gjekk rett mot 11.september, og eg hadde ikkje lyst å lese noko om det.
Men så las eg bakpå, og kjøpte den likevel. Og for ei bok!! Superspanande frå side ein! Ikkje heseblesande spanande med folk som springer etter folk, eller tidinnstilte bomber - men berre veldig spanande! Bakom på ein måte. Det hjalp nok å ha låge forventningar til boka, det trur eg. Denne las eg mellom anna på båten til og frå Florø i juleferien, derav biletet over her med termoskopp på foten.
Denne boka susa rundt i hovudet mitt heile tida medan eg las den. Og etterpå tenkte eg på den lenge etter at eg hadde begynt på ny bok. Den var så bra - så fin - så spanande - så uendelig, uendelig trist! No har eg lånt den vekk til eit vennepar der begge ville lese den (ikkje så rart etter det entusiastiske talen eg holdt). Trur nok de vil like den også.

fredag 12. februar 2016

Teaterkveld


Denne fluffeballen held mannen med selskap i kveld.
Enkelte fredagskvelder blir brukt til noko anna enn å ligge utslitt på sofaen etter nok ei lang veke, og denne fredagen er ein slik dag!

I kveld er det Den Nasjonale Scene som står på menyen, nærmare sagt Vår ære/vår makt av Nordahl Grieg, Tore Vagn Lid og Cecilie Løveid.

Som ein av Vagn Lid sin ALLER STØRSTE FAN kan eg ikkje seie noko anna enn at forventningane er skyhøge! No er dette på DNS, så eg trur ikkje det blir heilt reinspikka slik det ofte er når han er med i biletet, men eg håper! Etter det eg har høyrt er dette verdt ein tur ut i alle fall! Gleder meg!

torsdag 11. februar 2016

Vår!

Du veit den kjensla du får etter at du har vore sjuk - når du føler deg betre og kjenner at du har energi igjen? Som vanleg vil eg nesten seie, har den eine forkjølelsen blitt overlappa av ein influensa, så forkjølelse på nytt; og det utan å ha ein einaste dag med kjensle av overskot. Ein veit at det blir betre, men ikkje når.

I dag er svaret! Det kan vere det var draumen om ferie som eg hadde da klokka ringte. Men mest trur eg det var ungane som samarbeida, og ikkje minst himmelen da vi gjekk ut av døra. Klokka var 07:40 og himmelen var blå!
Sofa eller uteliv? Ja takk begge deler? :)
Det er så deilig med LYS om morgonen!! Det satte i gang endorfinproduksjonen og da kom jo omsider kjensla av overskot. Lys altså. Skal ikkje kimse! Heldigvis er det møtedag på jobb, og eg vel å gå mellom møtene. Noko som vil gje meg ein heil time med dagslys og sol i dag! Det blir nydleg!

onsdag 10. februar 2016

Tween?

Storebror har den siste tida begynt å oppføre seg litt annleis. Litt som ein tenåring. Han skiftar på å vere roleg, reflektert, sakleg og fornuftig til å vere bråsint, ilskrikande og hjelpeslaus.
Når eg spør onkel google svarar han at storebror er ein Tween. Han fyller snart 8 år, og mellom 8 og 12 er barna Tweens, mellom barn og tenåring. Og det stemmer jo overeins med korleis han oppfører seg.

I går reiste mannen på fotballtrening medan eg låg med matforgiftning på sofaen (happy days altså!). Utan å gå inn på detaljar brukte storebror og eg ein del tid på å diskutere kva han fikk til sjølv og kva eg måtte hjelpe til med. Han ville ha hjelp, eg meiner han er stor nok til å gjøre det sjølv. Diskutere er forresten ein overdrivelse. Eg argumenterte, han sa "Umpf".

I dag tidleg gjekk eg ned for å sjekke kvifor han ikkje hadde stått opp da klokka ringte, og da såg eg at han i går kveld, etter at eg hadde vore nede for å seie god natt til han, hadde laga 10-12 post-it-lappar der det stod med store bokstavar: STOPP MAMMA!!!!!!!!! Desse hadde han hengt rundt overalt på døra si. Her var eg ikkje velkommen inn!

Heldigvis er eg lurare enn han, enn så lenge, så eg trilla han rundt fingeren nok til at eg leverte ein glad og god unge på skulen som ropte "Jeg elsker deg" da han lukka bildøra. Enn så lenge har eg han ganske godt i snøret, men eg ser jo at han er på veg vekk.

tirsdag 9. februar 2016

Hotellhelg


Mannen hadde ønska seg ei oppleving i bursdagsgåve. Eg hadde ikkje hatt så masse tid til å tenkje på det, og derfor satt eg og svetta litt på dataen på torsdag og lurte på kva eg skulle finne på. Det meste av det eg såg på vart veldig dyrt for to, samtidig som det medførte de praktiske utfordringane det er å skaffe barnevakt for ei heil helg.
Derfor valgte eg noko som alle kunne vere med på, og alt denne helga slik at det vart ei skikkelig bursdagsgåve, ikkje eit gåvekort som vi brukte om nokre månadar. Etter lunch på laurdag plinga eg på glasset og sa at alle måtte gå og pakke det de trengte for det neste døgnet. Storebror synas IKKJE dette var noko gøy, men det gjorde de to andre, og til slutt var vi klare i bilen. Det var så gøy å køyre avgårde medan de prøvde å finne ut kvar vi skulle!
Målet var Quality Hotel Edvard Grieg på Sandsli, eit nyåpna hotell frå 2015. Eg hadde bestilt stort familierom - og her skulle vi berre la feriekjensla råde! Noko vi også gjorde med middag på resturant, og snop i hotellsengene. Begge ungane fikk bade så lenge de ville -vi kjøpte eige skumbad (vi har ikkje badekar heime, så dette var STAS) som vi brukte masse av, og fylte i to gongar kvar! Lillesøster plaska i nesten ein time, det var berre så fint!
På hotellet hadde de ein konferanse, så eg spurte i resepsjonen om også vi kunne forsyne oss av popcorn og softis. Det var i orden, så ungane åt softis to gongar på laurdagen - de fikk forsyne seg sjølve både med is og strøssel - nam! Mest for ungane? Neida, dette var stas for mannen også!!
Da ungane omsider sovna i 22-tida var det vin på rommet - MMmm!

Storebror mista omsider den andre framtanna si på laurdagskvelden! Den har vore laus i minst eit halvt år, og den andre tanna har alt komt ut - så dette var på tide! Vi var litt usikre på om tannfeen fann han, men det gjorde ho; på søndag låg det ein tikroning i glasset på badet!
Vi åt ein lang og nydleg hotellfrukost med masse økologiske val - alt smakte deilig!! Vi låg i sengene og las og spelte nettbrett fram til utsjekk - ingen grunn til å skunde seg heim!

Det var så fint med ein liten miniferie ganske så impulsivt - og mannen var VELDIG glad og overraska! Gøy!

mandag 8. februar 2016

Crappy trening!

Etter at eg klarte å opprettholde ein knallgod treningsmånad i desember har januar vore litt dårlegare. Sjølvsagt er dette pga influensasesong og eg gidder berre ikkje å gå på sats for å trene medan eg trur at eg skal dø. Det har eg gjort nok av, og eg trur ikkje eg gjør kroppen min noko teneste på den måten.
Yoga heime er det alltid plass til.
No er det tre veker sidan eg var på sats, så no satsar (tog du'an) eg på at eg er frisk nok til å starte på'n igjen. For eg har ikkje ligge på sofaen i tre veker, eg har vore på masse turar, svetta og trent yoga - det er berre den kjedelige månadsutgiften til sats som eg no ikkje har fått noko igjen for.

I går booka eg meg inn på spinning i ettermiddag, men sidan det var bursdag i går får vi restekakebesøk i dag - og da måtte eg avbooke den timen som er midt i kakeetingtid. Beinhard prioritering!

søndag 7. februar 2016

Burdagsgut!


I dag er det ein bursdagsgut i hus som fyller heile 35 år! Hipp hurra for mannen i mitt liv og far til mine barn - du er ALT!

Som seg hør og bør har han valgt både kake og middag til i dag. Kaka kjem i eige innlegg. Middagen er lettsalta torsk med tilbehør (MASSE bacon!). Lillesøster kunne knapt tru sine eigne øyrer da ho fikk vite kva han hadde valgt til middag. "Seriøst? Torsk??? Det er jo ikke bursdagsmat!" Ho måtte til og med dobbeltsjekke med han - hadde ho høyrt riktig?

Godt blir det i alle fall!

I gåve får han ein hund. Neida. Joda. Neida.

lørdag 6. februar 2016

Lange skjørter korte ben

Lange skjørter korte ben er ei samlebok med tekstar som Mari Maurstad og Cille Biermann i sin tid gav ut som litt sånne "haha" i dameblader.
Denne boka las eg ut på ein kveld, dette renner lett inn og det er innimellom deilig. Deilig er det også med ein varm pus på fanget!
Sånne samletekstbøker leser eg innimellom. Denne lånte eg av mamma. Da ungane var heilt små las eg fleire slike bøker av småbarnsforeldreHAHA. Grei underholdning. Verken meir eller mindre.

fredag 5. februar 2016

Nyttårsforsett

Vi bruker å ha nyttårsforsett. Tidlegare har vi hatt "vaske av kjøkkenbordet med det samme vi har rydda av" og gjøre ein familieaktivitet i månaden. Begge desse har vi gjennomført, og ilpet av året som gjekk vart det ein vane. Vaskinga hadde vi før vi flytta til nytt hus, så det var nok i 2009. Aktivitetane var i 2011. No gjør vi masse saman heile tida, aleine eller saman med andre. Akkurat det er jo enklare når ingen skal sove midt på dagen, så store barn gjør seg.
Nye ecco-vintersko. Godt fottøy er viktig!
I fjor hadde vi desse nyttårsforsetta. Kvardagsmiddagane har vi hatt nokon av, men det viste seg å vere vanskelig å få til i praksis - men ideen er jo god! Til dags dato har eg ikkje vore på vg.no sidan 2014. Eg har vore på dagbladet.no tre gonger, da rett inn på artikklar som eg trengte på jobb. To av de gongane var i januar i år, den siste (eller første) var i desember i fjor. Så denne klarte eg fint, og er så glad for at eg starta med!
På veg heim gjennom parken.
I år har vi eit forsett som seier at vi skal la bilen stå når vi skal på noko som er i nærleiken. Vi er i gåavstand til fritidsaktiviteter og mange av ungane sine venner, og da skal vi gå. Det er berre å begynne litt før. Trudde eg.
På veg til danseskule.
Med januar i boks kan eg rapportere at eg har lært nokon småting av denne gåinga. Til parken. Til venner. Til dans. Til speider. Til møter. Til konserter. Til bursdager.

1) Sjølv om det ikkje regner når du går, eller berre regner litt, så er det ikkje sikkert at det er like fint heile tida. Kle på deg! Klær etter vær! Ver negativ!!!

2) Hue og hanskar eg fint. Også på voksne.

3) Refleksvest! Megaviktig!

4) Unger går treigt. Get used to it!

Hardkjøpte erfaringar her altså. Etter ein tur i regn og kuling sist tysdag låg eg sjuk i fem dagar etterpå. Eller - det hadde eg jo ikkje tid til, og det er ikkje gøy å vere sjuk på jobb. Ungane er flinke, de er vande med å vere masse ute. Eg er også flink når vi skal på TUR-tur, men når det er småturer for å komme ein stad der vi skal vere inne, så kler eg meg som eg gjør når eg skal køyre på jobb. Det er ein stor forskjell der. Eg lærer.

Vi har køyrt to gonger til ting i nærleiken pga tidspress. Det er ok. Vi skal bli flinkere, ikkje fanatiske. Ungane er heilt med på notene. Lillesøster trur det er fordi bilen vår trenger litt ro og fred i garasja, det er jo ein fin tanke :) Mest trenger miljøet færre bilar. Og vi har veldig godt av kvardagsmosjon.

torsdag 4. februar 2016

Fredag!


I dag er det fredagskjensla som dominerar! De to siste kveldane har eg vore på jobb til etter ungane sin leggetid, så det er heilt på sin plass å avspasere i morgon for å vere heime på planleggingsdag.

Det kom masse snø (eller i alle fall nok cm til å kunne ake i den) i går og i natt, så om det er bra vær tar vi ein tur i akebakken. Ellers kjenner eg at det hadde vore deilig med ein innedag. Sove lenge, lese ei bok, la humla suse. Mmmm - langhelg! <3

onsdag 3. februar 2016

Med ein skugge på jobb


Bergen med Fløyen sett frå Lille Lungårdsvann
I går hadde eg med meg ein student på jobb heile dagen. Eg hadde satt av arbeidsoppgåver til ho. Oppgåver som er ein del av mitt ansvar, men som lett kunne bli overtatt av nokon andre utan mykje bakgrunnsinformasjon. Heldigvis var det ein god student som tok alt på strak arm, så det gjekk veldig fint og masse vart gjort!

Det slo meg, som det innimellom gjør, kor mykje ulikt ein vanleg dag på jobben kan inneholde. Alt frå webvegleiing på telefon, igangsetting av undersøkelser for å skaffe tal vi trenger til seinare arbeid, fakturabehandling, rapporteringsgodkjenning, publikumskunnskap og avsluttande kveldsmøte kl.20:00 med kunstnere for å få igang eit av årets store arrangementer som trekker fleire tusen mennesker. Ho var innom alle aldersgrupper frå 2 til 100 iløpet av dagen. Nedlagsfeltet; rett og slett. Alle må få den beste kommunikasjonen på sitt nivå.

Er det rart ein blir sliten innimellom?

Da eg køyrte ho heim i 22-tida i går var ho glad og inspirert etter å ha fått sett korleis alt ser ut "behind the scenes", fått eit innblikk i arbeidsmengden som ligger bak eit arrangement, bak de fine tallene vi i etterkant smykkar oss med. Det er så gøy - og innimellom er det fint å høyre andres begeistring over det som faktisk berre var ein vanleg dag på jobb :)

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...