Viser innlegg med etiketten flaks. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten flaks. Vis alle innlegg

onsdag 27. mai 2026

Maidagar del 1

Kanskje den einaste heile dagen i mai med sol (?), og eg har med meg ei venninne på ein av mine favorittskogturar. Vi prøvde å sette opp telefonen da vi åt lunch, men den velta; og vi fikk dette fine bilete av blå himmel, trær og hovudet til venninna mi. Turen var berre nokre timar, men vi tok igjen med laaang lunchpause ved vatnet.

Konfirmasjon nummer ein :)
For første gong sidan begynnelsen av 2000-talet besøker eg Stadion og ser at Brann sitt damelag knuser austlandslaget - og til og med eg kan sjå forskjellen på det gode laget, og det mindre gode. Heia, heia! Dette var faktisk gøy, så eg ventar ikkje 25 år før eg er tilbake denne gongen. Her er det også blå himmel, men det var forferdelig kaldt!
Eg inviterer med meg gode samarbeidskollegaer og spanderer byens beste is. Det har vore mykje kaldt og vått i mai, også denne dagen, så vi satt inne og fraus. Men folka er fine og den lille pausen velfortjent (og gjengen fortjener is i all slags vær).
Det snør - fleire gongar. 
Oppsida ved kulde og nedbør er at det er lite pollen. Så - sjeldan fjellturmoglegheit i mai for meg. Og med dårleg vær får ein også (nesten) fjellet for seg sjølv. Nesten. 
Eg var så heldig at eg fikk Lego til bursdagen min, og i mai drog eg ut bygginga av denne blomsterbuketten alt eg kunne. Så gøy!
Konfirmasjon nummer to :)
Konfirmasjon nummer tre :)
Og halvvegs i mai, og på veg heim til Bergen, stoppa vi ved Sognefjorden for å sise lunch, og for å bade. Det siste var berre meg. Eg er prikken i midten av bilete. 

torsdag 5. mars 2026

Februardagar

Vinternes vinter, og vi fortsetter livet med skøyter på beina heilt til nokon går igjennom isen like etter at vi var der. Det gjekk bra, men da forsvant lysta litt. Også kom mildværet.

Koret eg starta på jobb hadde sin første øving i februar - og i slutten av månaden er det 60 korsongarar på e-postlista! Så utruleg gøy! Eg overhøyrde "Synging er gøyare enn saksbehandling"; og det stemmer jo!
Vi er på arrangement på litteraturbåten, som sjølvsagt hadde papirbåtar i bokhyllene.
Kaldt vær med ingen vind eller nedbør gjør at vi for ei periode gjeninnfører fast heimekontor, og det vart covid-tid med det same. "Eg håpar vi snart kan sjåast på ekte" vart sagt igjen og igjen - nett som i 2020!
Eg trossa dårleg byluft og gjekk på eit fantastisk foredrag om Bergensk teaterhistorie, og derfor såg eg berre scener på denne midlertidige kunstveggen.
Eg inviterte venner til te og strikking; for ei vitamininnsprøyting på ein kald februarfredag!
Eg fikk tid til å lage kort utav trykke- og aktteikningkunsten min som eg laga på kurs under pandemien. Det tok nokre år, men no er dei klare til å bli gitt vekk!
Restegarnprosjekt, chunky hue i ull - som vart tatt i bruk med det samme.
Bursdagsfest i ein av byens flytande badestuer, med utsikt mot Ulriken. 4 grader i vatnet ute og langt varmare inne i badestua. Dette var ein nydleg måndag saman med nydlege folk - vitamin her også!
Prosjektet som eg har jobba med sidan april 2025 tok i februar vegen frå planlegging til dei menneska som skal få nyte godt av jobben som har blitt gjort, og eg kjente på at eit bilete var på sin plass. Eigentlig burde dette ha blitt markert med champagne i lekre glas, men jobben er langt ifrå over - så eit bilete for å markere overgangen for vere nok.
Det snør, og luftkvaliteten kjem seg. Vi feirar med å forlate jobben for å kjøpe kaffe!
Eg lunchar på det som akkurat no er byens største it-plass - og er glad for at staden, folka og maten var verdt all hypen! Det var også lunchdaten min, men det visste eg jo!
Eg arrangerte miniyogaretreat med Hatha, te, yin og noko Yoga Nidra. Dette var nydleg og eg skal absolutt gjøre dette igjen, når eg ikkje er småsjuk slik eg var her.
Siste helga i februar kom med varme solstrålar, god te og ei kunstbok som eg kjøpte i haust ein gong. Deilig vintervær til tross - det var godt med varme og vårkjensle! Velkommen mars!


søndag 2. november 2025

Oktobergleder 2

Ein stor nasjonal tredagerkonferanse var i byen og eg var klar for tre dagar med fagleg påfyll. Dag tre var eg ganske mett, men biletet er frå dag to då vi var utkvilte og framleis klare for nye tankar og metodar. Dag to var også på ein spanande lokasjon, som det maritime framkomstmiddelet på biletet, og det lagar gode rammer.   

Månadens klassiker på biblioteket var i oktober ein av favorittbøkene mine - anbefalast sterkt! Pen kaffe anbefalast også!
Eg vart forfremma på jobb og vi feira med mousserande dryck frå nabolandet.     
Nyepusen er uredd, som Frankenstein sin skapning, men ein 100% go'ing. I motsetning til you know who.
Eg er i Oslo på jobbreise og idet eg går meg vill mellom middag og hotellet går eg gjennom ein fin park og ser dette nydlege veggmåleriet!
Eg ser Macbeth av Shakespeare på Nationaltheateret - og beundrar omgjevnadane. Eg beundrar også deler av stykket, men det var meir ujavnt enn de visuelle kvalitetane til bygget. Men mykje meir bærekraftig - sjølvsagt. 
Kaffe i hotellsenga før eg går på konferanse. Hotellivluksus.
For første gong såg eg noko på nynorsken sitt eige teater, og det var stas! Dette endte opp med å bli litt av ein kveld på fleire måtar; og hit skal eg tilbake.
Eg flyr Oslo-Trondheim og det er fleire skylag over landet, men når vi går inn for landing i Trondheim ser vi litt - og svingar. 
Studiehelg i den nye favorittbyen min og eg er den einaste som er ute og spaserar i gata tidleg laurdags morgon. 
Eg rekker akkurat å få med meg ei magisk Picasso-utstilling dagen før de skulle ta den ned. Bygget var også verdt ein titt - sjå denne trappa med det lyset!
Siste dag i Trondheim for denne gong, og eg er enda tidlegare ute enn eg trenger for å gå innom Nidarosdomen. For eit praktbygg. De ringer med klokkene titt og ofte, og da er det lett å sjå kven som er turist og kven som bur i byen fast.
Heime i Bergen er det sol og varme, eller skugge og kulde. Det er framleis gule blader på trærne, akkurat som i Oslo og Trondheim. Så vakkert!
Lykke er (faktisk) å ha venninneplaner så tidleg på ettermiddagen at ein må spise middag (scones frå nærmaste bakeri) på bybanen for å rekke fram i tide. Også her hjelper det med sol og hausttrær. 
Også heilt til slutt: happy Halloween!


onsdag 1. oktober 2025

Septembersprell del 2

Eg fikk ressurser til å leie eit veldig spanande prosjekt på jobb, så vi feira heime med Nobelbobler og skåling!

Vi har fått pus nummer 2, som kjem frå ein heim der han har hatt få reglar. Akkurat da dette biletet vart tatt var vi så lei av å ta han ned frå bord at vi lot han ligge på stuebordet. Men no har eg fått ny driv, og eg tar han ned også derfrå. Eg veit ikkje når eller om det fungerer eigentlig.
Vi er på middag og show med svigerfamilie, og koste oss (delvis) med denne karen. 
Ei helg var det boklansering og bobler - og god tid til å vandre rundt. Å gå i bokhandel med stettglass er noko ein bør gjøre langt oftare. Kjøpte bok gjorde eg også, og la den på toppen av stabelen eg alt hadde henta frå biblioteket. 
Eg får med meg ei kunstutstilling, som eg alt no, to veker seinare, knapt hugsar. Men dette biletet frå gjesteboka huska eg.
Det er nydleg haustsol, og i september poppa det opp sopp overalt. Ein gong tidlegare denne månaden gjekk eg tur over nabofjellet, og møtte på nokon som plukka sopp og som heilt tydleg prøvde å gjømme seg for meg da eg kom. Så eg måtte gå ein tur til, og sjå kva det var for sopp som vokste der de hadde vært. Det var ein Lactarius indigo - ein sopp ein kan spise. Den var skikkelig stilig, men eg veit ikkje kvifor de måtte gjømme seg. Skogsstilen er flott da.
Det er foredrag om korleis kristendommen har forvalta Maria-skikkelsen, og det er berre å dukke opp og bli mindblown. Alt ein ikkje veit noko om altså! Så spanande!
Eg er på tidleg morgonurpremiere på ein av byens scener, og vandrer igjennom nydlege gater med låg morgonsol, haustblader, lys og skugge. 
Siste helga i september er eg i Trondheim der eg studerer i haust. Her er morgonlys over sunnmørsalpene, med sola på de høgaste toppane. På biletet ser lyset ut som berre lys, men det var rosa og heilt fantastisk!
Eg hadde god tid før vi begynte på fredagen, og i sommarvarme gjekk eg rundt i byen og sjølvsagt innom for å beundre Nidarosdomen. 
Der var eg tilbake seinare på kvelden for å høyre stor musikk. Eg trur ikkje det går an å ha det betre enn vi som var der den kvelden. 
Etter 9 timarsdag på universitetet og siste rest av viljestyrke, fikk eg med meg ei eineståande danseforestilling ute i 15 varmegrader, saman med store delar av byen. Dette var noko av det beste eg har sett, og eg er så glad for at eg kom meg dit!
Ein litt roleg søndagsmorgon i hotellsenga før dag 3, og heimreise. 
Hei sognefjorden!
Siste kvelden i september delte vi saman med dette viktige forbilete. 
September, du var fin og innholdsrik 🤩

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...