tirsdag 14. juli 2026

Juillet, vacances d'été

Juli starta med velfortjent ferie. Vi var heime da de vi bytter hus med i sommer kom til Bergen og var saman med de ein dag. Vi laga kveldsmat med nokre norske delikatesser, som det likte - trur eg.

Bortsett frå julidag 1 i Noreg, har vi vore i Frankrike sidan. Her frå slottsparken nokre minutter unna huset vi bur i (vi bur ikkje i slott, men vi bur veldig fint!).
Eg tok toget under Den engelske kanalen og var i London nokre dagar.
Eg var på konsert med 62 000 andre,
og eg besøkte Tate 50/50 for kunsten og 50/50 for air-conditioning.
Før eg toga tilbake til sommarheimlandet, åt eg vegansk, engelsk mat som slett ikkje var noko særlig. Men engelske folk? 10 av 10!
Vi hadde ein liten utflukt til Lille, der vi var inni ein nydleg katedral som var ein hybrid mellom gotisk og moderne. 
Og vi stakk oppom Belgia for å sjå på ein annan katedral, og spise dessert. 
Og overalt er det hetebølge. Her frå skuggen i sommarferiehuset vårt. 
Verdens finaste lunchutsikt, i ein nydleg liten by med tidenes slott!
Slottet i "heimbyen" var også verdt å besøke, men ikkje like Disneyslottete på utsida.
Også denne draumen, med vollgrav og den nest største kunstsamlinga i Frankrike, utenom Louvre.
I fjor kjøpte eg ei reisepresse, og eg pressar blomar frå hagen vår, med innlagte nedkjølingspauser.
Midt i juli kom endelig ein formiddag under 30 grader, og vi kan ligge i skuggen på verandaen og lese før temperaturen stig. 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...