Viser innlegg med etiketten telt. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten telt. Vis alle innlegg

tirsdag 4. juni 2024

Mai i tropene

Helgesutflukt i mai kjennes nesten som sommarferie - i alle fall med strålande sol og varme!

Sommaren vart skåla inn i maisolnedgang.
Fint besøk på gamle trakter - og ny, begeistra, generasjon. 
Varmen gjorde at mykje blomstra langt tidlegare enn vanleg - og blomstra alt for fort av. 
Når nynorskens far skal heidrast med nytt kunstverk, veit ein å vere på plass.
Bursdagsfeiring i kveldssola på verandaen - på ein heilt vanleg måndag som rett og slett vart ekstra fin.
Vi åpna campingplass i "Oslo" - den øverste delen av hagen vår - for å lufte nyinnkjøpt turtelt, og øve oss på å sette opp og slå ned i vind.
Vi feirar med champis nok ein gong. Eg kan ikkje lenger hugse kvifor, men eg rekna med at det var noko fint.
Hurra for 17.mai! Vi begynte dagen med festivitas, og avslutta med å måle leveggen - ja, takk til litt av kvart.
Det er Festspill - og i år fikk eg med meg heile 7 arrangement! Raud løpar på opningsførestillinga -, 
- og raudt lys nokon dagar seinare da eg var tilbake på pianokonsert i storstua.
Nok ein gong tilbake på gamle trakter - denne gongen universitetet. Det er nesten 20 år sidan eg var student her, men det kjennes framleis som heime.
Mai månads siste solnedgang, og for tredje gong vart den nytt saman med eit glass champagne. Denne gongen skåla vi for at eit arbeidskapittel er over - og at vi er glade for å kunne sjå framover.

onsdag 8. august 2018

Teikneoppgåve - sommarferien 2018

Første dag på sfo var unnagjort og vi spurte lillesøster kva ho hadde gjort på. "Ikke mye, men vi tegnet noe fra ferien vår." Ho hadde teikna dette:
 Teltovernatting på Borestranden på Jæren.
Berg- og dalbane i Kongeparken.

Storebror sa at han hadde teikna dette om han fikk samme oppgåve:
 FortFun Adventureland i Sauerland.
Xanten Archäologischer Park med spennende utgravninger frå då det var ein romersk grenseby her.

Mannen sa at han hadde teikna:
 Gasometer i Oberhausen med ei nydeleg fjellutstilling innkludert denne enorme 3D-versjonen av Matterhorn.
Toetasjerstoget vi tok til Køln.

Om eg skulle ha teikna hadde eg nok valgt:
 Denne typiske hollandske vindmølla som eg gjekk lang omveg for å sjå da vi var i Amstelpark.
Elvecruise i Amsterdam.

Vi har gjort og sett så masse i sommer, at dette er berre eit lite utvalg av noko av det vi synas var mest spanande! Vi hadde nokon dagar i Amsterdam før vi toga over til Tyskland der vi hadde husbytte. Huset vi budde i var heilt fantastisk -stort og komfortabelt! Vi hadde sol og mellom 30 og 37 grader kvar dag, og bada så masse vi kunne på badeanlegg i nærleiken. For ein fin sommar!!

onsdag 30. mai 2018

Siste vekene i mai


I år er eg ein av de mange frivillige som får Festspillene i Bergen til å gå rundt. Festspillene er lagt til ei veldig travel tid, og i år trur eg det har vore meir enn tidlegare; så eg fikk ikkje jobbe så masse som eg hadde ville. Men to forestillingar som frivillig er betre enn ingen! Åpninga på Torgallmenningen fikk eg sjølvsagt med meg - som publikummar.
 Saman med biologforskarar frå universitetet gjekk eg kveldstur opp på Lyderhorn for å feire bursdag på toppen! Bursdagsbarnet hadde kaker med seg i sekken, så det vart ei laaang pause før vi gjekk ned igjen!
 Ei helg i mai var det teatervitskapskonferanse på universitetet. Eg hadde meldt meg på, men helga vart etterkvart fult opp av aktiviteter - men eg fikk med med åpningsarrangementet; det er ikkje dårleg berre det. Her er vakre Botanisk hage.
 Saman med speidergruppa til storebror fikk eg og lillesøster haike med på speiderleir på Tyssøy. Med varm sol og ubegrensa tilgang på hav vart dette eit nydleg døgn!

 Godteltet fikk lufta seg for andre gong på seks dagar! Ungane sov i lavvo, eg og mannen hadde god plass her. Med denne utsikta da sola kom på teltet vårt kl.07:00 laurdags morgon.
 Med alt det finværet vi har hatt har vi sett masse på innsida av verandarekkverket. De siste dagane har vi tatt av den no så stygge planken på toppen og kjøpt ny topp - ferdig grunna og malt. Medan toppen var av malte vi innsida slik at det vart kvit og med maling over heile. To kveldar så var det gjort.
Prosjektet står litt på kvil no som vi prøvar å komme oss igjennom hektiske dagar i tropehete. I dag skal vi rett på stranda etter jobb og skule. Det vi eigentlig hadde tenkt å gjøre utsetter vi. Vi må kjølne oss ned! :)

tirsdag 22. mai 2018

Hittil i mai

For ein fin månad vi har! Knallvær kvar dag og mange kjekke ting på programmet! Her er nokon glimt av kva vi har kosa oss med de siste to vekene.
Lyderhorn er snøfri! Det tok med nokon turar å bli vandt med at eg ikkje lenger kunne gå på ein smal, men jamn sti gjennom snøen. Men stas er det - å gå på spontan kveldstur saman med lillesøster - i shorts!
Ytterdøra vår har vore eit framtidig prosjekt i åresvis. I fjor fikk vi til og med inn fleire tilbod på å bytte den ut. Men så passar den så fint til huset! Også er den av skikkelig god (og tung) kvalitet! Det er betre å fikse det ein har enn å kjøpe nytt, så omsider har eg fått malt den kvit inni og blå utanpå. Denne blåfargen er så fin, og det er den vi har på listene våre også. No ser det kjempebra ut!
Hurra for 17.mai! Her har vi dekka opp til frukost. Vi var saman med venner til lunch, og gjekk i lokaltog på skulen. Etter toget var vi medarrangører på leikane, også var det (som alltid) godt å ta av seg den varme bunaden når dagen var over.
16.mai laga eg pikekyss i nasjonalfargane. Søte og fine som vertinnegåve dagen etter.
Dette biletet er frå kveldsmattur i Gullaksdalen saman med to vennefamilier. Lillesøster tok årets første bad her! Dette er forøvrig den nye joggeruta mi - i underkant av 8 km på skogsveg. Det er nok betre enn asfalt.
Årets første natt i telt vart 19.-20.mai i Os! Vi har som nyttårsforsett å sove to (!) netter i teltet vårt, mot ei natt i 2017 og ei natt i 2016. Høyres to netter lite ut, så er det faktisk 100% øking! Her bada alle fire i knallvarmen som var på laurdag! På søndag blåste det ein del, så vi pakka ned etter frukost. Men hit kjem vi tilbake!

onsdag 6. september 2017

Seinsommarhelg

Første helga av september viste seg å bli ei sommarhelg som vi pressa mest mogleg inn i! I omvendt rekkefølge gjorde vi desse tingene:
På søndagen møtte vi ein vennefamilie ved Krohnegårdsvannet for å grille middag på bål, ro i kajakk og bade. Det var deilig i sola, så nokon bada medan andre holdt seg på land. Ein flott ettermiddag var det uansett!

Lunchen denne søndagen vart inntatt saman med ein anna vennefamilie på Herdla på Askøy. Her var det familiedag, og vi fikk med oss mykje flott natur, torpedobatteri, museum, flyshow og salutt!
Laurdag vart morgonkaffien servert på Tyssøy der vi dagen før satte opp telt for vår andre natt med telt sidan vi kjøpte det i fjor! Andre natt totalt, første natt i år. Det var ganske så kaldt midt på natta, men sola var så varm på dagen at no nokon dagar seinare blåser eg berre av det! Men vi kan ikkje ha det så mykje kaldare på natta eigentlig - sjølv om soveposane var gode og varme.

Få ting slår vel den tida om kvelden da ungane sover. Og det blir enda betre når den tida er ute ved bålet medan sola går ned.
Det er ein del oppakking med overnatting ute! Storebror tok ein del, men det blir likevel mykje på oss to voksne. På Tyssøy gjekk vi ein halvtimes tid frå bilen, det gjekk heilt fint. Men fjellturar trur eg faktisk vi bør vente med til ungane kan bære meir enn de gjør no. Men - for ei helg!! Så mange minner!

mandag 22. august 2016

Første natt i telt!

Etter jobb og skule på fredag satte vi kursen mot Lone camping i utkanten av kommunen for å tørrtrene ei natt der! Alternativt kunne vi ha gjort dette i eigen hage, men det er noko med å komme seg vekk frå muligheten til å gje opp og leggje seg i eigen seng om det ikkje blir så stas med telt likevel.
Natta var valgt med omhu. Det er nokre veker sidan vi kjøpte teltet på nettet og vi ville ha ei god opplevelse, så vi måtte ha gode værutsikter! På veg til campingen var vi innom XXL og kjøpte soveposer til meg og mannen, samt eit liggeunderlag. På plass brukte vi litt tid på å knote opp teltet. Det var ikkje instruksjoner i posen, så - ja - det tok litt tid. Men opp kom det!
Da var det berre å kvile på ei stund medan vi fikk med oss de siste strålane med sol før den gjekk ned bak fjellet i 19-tida. Sjå på teltplassen vår da!
Tanken er at vi skal telte ute på fjell, men sidan dette var på campingplass med bilen like ved, hadde vi tatt med campingstolar og ymse stæsj. Flott med campingferie!
Campingplassen ligger ved eit vatn, så det var fint med ein kveldsvassing eller bad (lillsøster er ei badenymfe!). Vi har enda ikkje kjøpt noko å lage mat på, men det var ingen problem det heller sidan vi kunne koke vatn på kjøkkenet. Med oss hadde vi rett-i-koppen-produkter. Det blir litt kaldt med det samme sola forsvinner og da var det godt med noko varmt!
Kveldsmat ved vatnet
Vi hadde begge ungane i seng i 21-tida og de sovna fort! Vi rakk å lese i det svinnande lyset i ein time før det var så mørkt at det berre var å leggje seg i nye soveposar!

Iløpet av natta vart eg veldig kald, men det var kun meg. Ungane sov godt, eg og mannen sov ok - nok. På laurdags morgon var vi vokne rundt kl.8 og hadde god tid til å lese i teltet før vi stod opp og spiste frukost. Overalt på campingen var det folk som hadde vore vokne i fleire timar alt - det slepper vi unna på fjell - det blir ein del lyd av masse folk! Etter ei litt halvgod natt er det jo litt dumt å bli vekt av naboteltet som spiser frukost og pratar masse.
Storebror leser Donald og koser seg MAX!
Som du ser hadde vi også med de gode putene frå sengene våre heime. Det er også luksus som ikkje kjem til å bli prioritert når vi skal bære alt med oss opp på fjellet først!
Sola kom snart fram frå fjell og skyer og det vart kjempevarmt! Vi måtte vere ute av campingområdet kl.12. Teltet var veldig vått etter den fuktige lufta på natta så det trengte å stå i solsteiken mest mogleg før vi pakka det ned! I mellomtida gjekk vi på bakeri og handla boller som vi kunne spise til frukostdessert!

Vi var ute av campingen kl.12 og det kjennes ut som om vi hadde vore på ferie! Heilt annleis enn det vi vanlegvis bruker å gjøre på ein fredags ettermiddag! Vel heime sovna både eg og mannen, men ungane holdt det gåande! Vi har i alle fall lært korleis vi setter opp teltet, og kor tunge soveposane våre er. Vi har også lært at vi trenger noko å koke på eller ein bålplass - ellers har vi alt vi trenger for ei natt i den ekte naturen! Da var det berre å vente på neste natt-til-laurdag med bra vær!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...