Viser innlegg med etiketten dyr. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten dyr. Vis alle innlegg

onsdag 7. oktober 2026

September, del 2

Epletreet vårt hadde 7 overlevande epler i år; og de var ifølge eplespisere svært gode!

Eldstebarnet lander førarkort - og vi feirer med bobler frå ulike flasker og kveldssnacks. 
Eg er på ein spanande todagerskonferanse i byn, og mellom dagprogrammet og kveldsprogrammet gjekk eg og ein kollega på eit av byens kjente vannhull - der du før kunne fuktes utvendig kan du nå fuktes innvendig. Men vi åt suppe. Forsåvidt fuktig det også. 
Kveldsprogrammet var på slottet, som dette bygget vart kalla i middelalderen, 
og sidan dette var gjesteliste og raud løpar var valget om sko lett. Også fikk eg brukt det nye skjørtet som eg kjøpte second hand i Bratislava tidlegare i månaden. Det var også fri flyt av vin, og sidan eg har ein son som kan køyre bil utan L; vart eg også henta når dei begynte å blinke med lysa for å få oss ut. Prinsesseliv for ein kveld! :D   
Morgonstemning i Bergen - Festplassen med ein heil måkeflokk, og Ulriken med skydott. 
Sist eg var i Danmark kjøpte eg eit veldig fint sokkegarn som eg nå snart har skrikka eit sokkepar av. Toulouse er skummelt interessert i garnet. 
Ein regnfull laurdag var vi på avduking av nytt monument på Bryggen. Våte og kalde etter to timar ute i regnet var det fint å gå inn på nærmaste bakeri og kjøpe noko varmt å drikke. Det er deilig med regn - og det er deilig å bli tørr igjen!
Eg var heldig og fikk vere gjest på festkonsert - og hadde ein skikkelig fin kveld i møte med musikken og livet til ein artist eg ikkje kjenner så godt frå før. Eit klart og noko uventa høgdepunkt!
Sistemann i familien fikk jobb; og vi skåla i sitronbrus sidan vi alle skulle ut av huset rett etterpå. Også fordi den alt var nedkjølt. Skål og hurra!
Septemberoutfit yogalærarstyle; kort bukse og strikkasokkar i sandaler idet eg syklar bort. Det er fint å bu så nær ettermiddagsjobben. Berliouz er sjeldan langt unna ein av oss. Her var det meg. 
Årets varmaste dag i Bergen falt i år på ein av merkedagane i årsplanen vår på jobb. Det brukar å vere stor stas, men i varmen vart det ikkje det - 
- så eg sneik meg ut bakdøra og bussa heim igjen. Værmeldinga på bussholdeplassen bekrefta heten. Dette var også heilårsbadingdag, og det var 14 grader i vatnet; ein grad meir enn veka før. 

torsdag 11. juni 2026

Maidagar del 2

Hipp hurra for 17.mai! Vi hadde ulike planar alle fire, og eg brukte dagen på fjellet saman med tåke mest, men også mange andre på søndagstur. Alle med flagg i sekken!

Ulikt skotøy - men alle er klare for dagen!
Kafemorgon saman med venninne for å preppe ho til jobbintervju (på ein jobb som ho ikkje fikk, så kanskje eg ikkje skal gjøre dette om til ei vane). 
Det er utstillingsåpning på eit av byens kunstgallerier, og vi er tilstade for å sjå på kunsten og prate med folka. Det er ekstra hyggelig når vi kjenner de ansvarlege og kan fortelje de kor dyktige de er. For utstillinga var heilt fantastisk!
Nok ein regnfull, tåkete og vindfull dag, men det er fridag og eg går på Ulriken og spiser lunchen min. Godt at eg har sett utsikta før, det var tristare for turistane. 
Det er ingen unger heime, så eg og mannen stikker til byn og spiser på restauranten med den beste utsikta!
Vi bader oss igjennom mai, og det er 14 grader i vatnet. Vi ligger lenge uti, og framleis er vi relativt aleine. 
Bursdagsmånad, bursdagskaffe (i julekopp?) og lang arbeidsdag.
Superspanande foredrag på biblioteket! Og kjentsfolk i salen som hadde komme langvegs frå for å vere her. Vi kunne lett ha tatt 120 minutter, om ikkje meir!
Ein morgon alle var heime fikk vi besøk av to piggsvin! De var der ei stund, i alle fall til alle hadde reist heimfrå, men vi har ikkje sett dei sidan. Eg håper dei bur i hagen vår, og at vi berre ikkje ser dei så ofte. 
Ein av mai sine høgdepunkter på jobb kjem og går - men før vi er heilt ferdige er det samvær, stjernemat og middeladerkyrkje i nydleg treenighet!
Eg jobbar frå båt ein heil dag. Og sjølv om den låg til kai heile tida, var det stas og på grensen til maritimt. 
Meir maritimt vart det seinare den veka, med seglbåttur med ein veteranbåt. Heilt fantastisk!
Siste dag i mai, og eg er på festspillforestilling som var 10% bra og 90% uinteressant. Raud løpar derimot - alltid 100% bra!

onsdag 27. mai 2026

Maidagar del 1

Kanskje den einaste heile dagen i mai med sol (?), og eg har med meg ei venninne på ein av mine favorittskogturar. Vi prøvde å sette opp telefonen da vi åt lunch, men den velta; og vi fikk dette fine bilete av blå himmel, trær og hovudet til venninna mi. Turen var berre nokre timar, men vi tok igjen med laaang lunchpause ved vatnet.

Konfirmasjon nummer ein :)
For første gong sidan begynnelsen av 2000-talet besøker eg Stadion og ser at Brann sitt damelag knuser austlandslaget - og til og med eg kan sjå forskjellen på det gode laget, og det mindre gode. Heia, heia! Dette var faktisk gøy, så eg ventar ikkje 25 år før eg er tilbake denne gongen. Her er det også blå himmel, men det var forferdelig kaldt!
Eg inviterer med meg gode samarbeidskollegaer og spanderer byens beste is. Det har vore mykje kaldt og vått i mai, også denne dagen, så vi satt inne og fraus. Men folka er fine og den lille pausen velfortjent (og gjengen fortjener is i all slags vær).
Det snør - fleire gongar. 
Oppsida ved kulde og nedbør er at det er lite pollen. Så - sjeldan fjellturmoglegheit i mai for meg. Og med dårleg vær får ein også (nesten) fjellet for seg sjølv. Nesten. 
Eg var så heldig at eg fikk Lego til bursdagen min, og i mai drog eg ut bygginga av denne blomsterbuketten alt eg kunne. Så gøy!
Konfirmasjon nummer to :)
Konfirmasjon nummer tre :)
Og halvvegs i mai, og på veg heim til Bergen, stoppa vi ved Sognefjorden for å sise lunch, og for å bade. Det siste var berre meg. Eg er prikken i midten av bilete. 

fredag 9. januar 2026

Desembertradisjoner

De siste vinterne har eg lurt på om eg skal slutte å legge ut bileter, og denne desember meir enn nokon gong. Medan eg bestemmer meg (eller ventar på at eg synas det er fint igjen), legger eg ut nokon bileter fra desember.

Vår tradisjonelle bakedag vart gjennomført, tradisjonen tru, men også med nokon endringar. Ungane er no 15-17 år, ikkje ufødt til 2 år; så da er det klart det går litt kjappare. Det er faktisk mogleg at dette vart siste baking med alle, og det er rart å tenkje på. 
Pepperkaker, kakemenn, sjokoladekokosboller, brune pinner, skrivefruens kaffibrød, moccakjeks og julebrød. Velkommen til kvelsmat!
Grieghallen i blått, juletreet midt i Lille Lungegårdsvannet også Bergen julemarked sitt pariserhjul.
Vi er på konsert og lar oss underholde med lett og masseprodusert juleunderholdning. 
På jobb får vi som er på plass før kl.8 lussekatter og luciatog. Alltid veldig koselig!
Saman med badegjengen er eg på pubkor og vart storvegs imponert over "dirigenten" som prøvde å lære stemmer til ein sal stappa fullt av mennesker som drakk og drakk. Sang gjorde eg også, og var hes heile neste dag.
                                                                                 💙
Årets kortaste dag var lys og vakker med dobbelsol. Turane mine på denne datoen er nokon av mine favorittar, og det er nesten alltid godt vær.
Pepperkakemann laga av ungdommane våre - så fin! Og god :)
Kvelden før kvelden med kakao og krem, ost og kjeks. 
Og Berliouz viste seg å være ein treglad katt som låg under juletreet så lenge vi hadde det ståande framme. Han fikk eigen matskål til jul. Eg reknar med han vart glad, men det er ikkje så lett å sjå.
Vi har nydleg vær i romjula. Her fra andre juledag der mannen vart med som David Hasselhoff og fotograf da eg tok julebadet mitt. 5 grader i vatnet og nydleg utsikt!
Etter badet vart han lysbadelsker saman med meg. I termosen hadde vi julete som vi fikk til jul. Det er varme i sola også i desember, om enn berre litt.
Vi reiser til familie nokre dagar, og dagslysturar kan skje med ein liten venn i band.

Nyttårsaften vart også markert som vanleg, og det siste barnet som framleis feirar heime gav oss ein heads-up at dette nok var siste nyttår ho var saman med oss. Gjett om vi har begynt å tenkje på kva gøy vi kan gjøre når ungane ikkje er heime på nyttårsafta! Dette kan bli noko nytt! Eller ikkje. Vi får sjå :)

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...