tirsdag 8. mars 2022

Februar

 Månaden starta med min eigen positive covidtest. Denne vakre veggkunsten får ein med seg når ein står i kø på Spelhaugen og har komt i nærleiken av menneskene i smittevernutstyr.

Blomar på kjøkkenbordet første helg i februar. 
Ein roleg postcovidlaurdag på digital litteraturfestival - her med bokprat frå Australia.
Nokon hadde bursdag og vart feira med valgfri middag og is til dessert. 
Etter 697 dagar med heimekontor hadde eg min første dag på kontoret - med kalender frå 2020 på veggen. Alt var som før, og det var både veldig fint og litt forvirrande.

Med to veker i isolasjon og covidrunde må formen varmast sakte opp igjen. Ettermiddagstur i nærskogen.
Valentinesmiddag på søramerikansk restaurant i byn - nett som å være der :) I Argentina altså!
På den ekte Valentinesdagen gjekk eg tur med venninne. Vi tente lys og drakk te heilt til det rett og slett vart for kaldt til å sitte stille. 
Morgonstemning mot Ulriken.
Ei heil veke i korpsets teikn. Nokon øvde og nokon var voksen (og det kan jo være det kjedeligaste av alt).
Ettermiddagssoltur i skogen for å hente frisk luft og ein kvast blåbærlyng til bordet heime.
Siste dag i februar prøvde vi parflyt - og låg og flaut i ein boks ein time. Nesten utslettande!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...