søndag 19. august 2012

Ei lita senorita!

Janna fikk denne morsomme kjolen i gåve av mormor og morfar da de kom heim frå Spania i juni. Dette biletet vart tatt i går medan ho enda var glad og frisk. Ein time seinare spydde ho (det hadde vi vel eigentlig venta på sidan storebror har hatt omgangssjuke sidan torsdag, og Janna var den einaste på si avdeling som ikkje hadde hatt det da eg leverte ho fredags morgon). Talel åt for første gong på to og eit halvt døgn i går kveld, så han er omsider frisk. Guten som er så tynn frå før har blitt merkbart tynnare, så det er bra at matlysten er tilbake. Etter at Janna spydde ein tre-fire gongar i går sov ho i heile natt, og spiste ei skive til frukost i dag, men ho har feber og er slapp. I morgon skal eg og ho vere heime og kose oss. Så lang har vi voksne unngått smitte, det er eit under så mykje som vi har tørka og trøsta de siste dagane, så vi banker i bordet og vel å tru at det verste er over.

2 kommentarer:

  1. Leit når barna er syke, spesielt når de er så redusert at de mister vekt. Godt å høre at gutten din er bedre og så håper jeg at jenta di snart blir bra igjen også:)

    Og så lurer jeg på en ting; "vet" jeg hvem du er, har jeg fulgt deg på en annen bloggplatform tidligere? Synes det var noe kjent her inne;)

    Ha en fin kveld,
    klem Hanne:)

    SvarSlett
  2. Vektnedgang er skummelt synes eg. Samtidig blir han "eldre" i anletet når han blir tynnare. Eg må sjå masse på han, han forandrer seg så.

    SvarSlett

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...